Hopp til innhold
Kronikk

Morn’a, Nordpolen!

Naturen endrar seg sjokkerande raskt. Regjeringas svar? Å utnytte menneskeskapte klimaendringar til å lage fleire menneskeskapte klimaendringar.

Arktisk is smeltar

Isen i dei arktiske områda smeltar. No har regjeringa bestemt at iskanten går nord for områda som er opna for olje- og gassverksemd. Mange er kritiske til vedtaket, mellom anna samarbeidspartia Venstre og KrF.

Foto: Ap

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I natt låg eg vaken. Mest på grunn av at vi har uansvarlege politikarar som ikkje vil ta til seg den kunnskapen vi har opparbeidd. Og fordi eg var sint. Høgre er så veldig glade i å snakke om kunnskapsbaserte ting. Kunnskapsbasert skule, kunnskapsbasert helsevesen, og så vidare. Men kvifor vil dei ikkje ha ein kunnskapsbasert miljø- og klimapolitikk?

LES: Regjeringa fastslo ny grense for havisen

Eg har ofte tatt meg sjølv i seie: «Men Høgre er i grunn eit seriøst parti. Dei veit kva dei gjer, sjølv om dei aldri har vore mine favorittar». Eg har slutta å seie det. Det slutta for så vidt når dei ville inngå samarbeid med Frp.

Useriøs dobbeltmoral

Vi veit at vi finn nokre av dei mest sårbare økosystema i nord og rundt isgrensa i Barentshavet. Ein treng ikkje å vere Einstein for å skjønne at det er ein dårleg idé å tukle og tafse for mykje her. Å opne for olje- og gassverksemd i desse områda trass i alle faglege og etiske råd om å la vere, er som å seie til læraren: «Eg høyrer du seier det og eg ser du kan dokumentere det, men eg drit i det, sjølv om du sikkert har rett. Eg tener ikkje noko pengar på å gjere det rette uansett, nemleg, så det så».

Eg har ofte tatt meg sjølv i seie: «Men Høgre er i grunn eit seriøst parti. Dei veit kva dei gjer, sjølv om dei aldri har vore mine favorittar». Eg har slutta å seie det.

Knut Ivar Bjørlykhaug

Er ikkje dette barnsleg og teit? Viser ikkje dette manglande handlekraft og ein useriøs dobbeltmoral? Eg seier ikkje at Stoltenberg-regjeringa var så mykje betre, men dei var i alle høve litt meir sjarmerande.

Ikkje noko nytt

Naturen endrar seg så raskt at det sjokkerer forskarane. Det er dessverre ikkje eit sjokk i positiv forstand det er snakk om. Når naturen endrar seg unaturleg raskt, så er det urovekkande. Dette har vi visst noko om heilt tilbake til 70-talet, før eg blei fødd. Vi snakkar om menneskeskapte klimaendringar.

Dokumentaren «I tolvte time» viser at dette med menneskeskapte klimaendringar ikkje er noko vi fann ut av på 2000-talet. Vi har visst det lenge. Men menneske har ein lei tendens til å unngå å innsjå realiteten og gjere noko med den. (Nokre gongar treng ein sjølvsagt denne forsvarsmekanismen, for realiteten kan vere hjarteskjerande brutal).

LES OGSÅ: «Når festen er slutt og isen har smelta»

Ut frå mitt og fleire andre sitt skjønn, og for å vere litt meir sakleg, er regjeringa sin politikk eit alvorleg brot på grunnlova. Grunnlovas § 112 seier: «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten».

Mobilisere for full kraft

Mens naturen endrar seg så unaturleg raskt at det sjokkerer forskarane, vil regjeringa opprette olje- og gassverksemd i Arktis! Vi bidreg altså til globale klimaendringar, nordisen smeltar altfor raskt, og så vil vi utnytte dei menneskeskapte klimaendringane til å AUKE menneskeskapte klimaendringar. Herre min gud.

Det går faktisk ikkje an å forsvare. Det er berre heilt på trynet uansvarleg.

Knut Ivar Bjørlykhaug

Dette vil vi gjere der vi finn nokon av naturens mest sårbare økosystem. Det går faktisk ikkje an å forsvare. Det er berre heilt på trynet uansvarleg. Men kva kan vi gjere med det? Det er ikkje mykje anna å gjere enn å mobilisere for full kraft og vekke meir aktivisme her i landet. Som fleire har sagt før meg, er tida overmoden for å seie; «Takk for den rikdomen oljen har gitt oss. No må vi ta ansvar og skape noko nytt og berekraftig, og vi må gjere det no».

FØLG: Ytring på Twitter

Avslutt med stil

Det positive i det heile er at den grøne bevegelsen er internasjonal og i enorm vekst. Dette er ein bevegelse som for alvor vil gjere ord om til handling. Sjå korleis Dei Grøne storma fram i England med ei auke på 100 prosent i 2014! Bevegelsen smittar også over på andre politiske parti. Det viktigaste er ikkje kven som tek ansvar, så lenge nokon gjer det. Vi får berre håpe at folk som framleis har vett kan bidra til å «redde verda» før det er for seint. Om ein ikkje lukkast med å redde verda, har ein i det minste avslutta med stil.