Hopp til innhold
Kronikk

Kven vaktar vaktbikkjene?

Kva med å rapportere sakleg og edrueleg om feil og skader, utan å sette alt inn på å knuse omdømmet til eit heilt sjukehus?

Flekkefjord sykehus

Dei siste dagane har me fått kjenne tyngden av den fjerde statsmakta, skriv kronikkforfattar Hjalmar Ødegaard, overlege ved medisinsk avdeling på Flekkefjord sjukehus. Bilete er frå operasjonsavdelinga ved Flekkefjord sjukehus.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Du har allereie blitt lurt til å klikke på ei overskrift som ikkje fortel kva dette handlar om.

I resten av ytringa skal eg overdrive, insinuere, og spissformulere. For eg har endeleg forstått korleis ei pressesak eigentleg veks fram.

Dette er nemleg mediekritikk. Rett nok nesten det same som eg har skrive før, men med ei annan innpakning er same sak tydelegvis like god som ny.

Enkelt sagt: når media lever av klikk, blir konkurranse dei i mellom nødvendigvis eit kappløp mot journalistisk botnmål. Og pressen får dei lesarane dei fortener. Det er årsaka til at dei stadig tapar terreng, mot sosiale media, podkastar og alternative nyheiter.

Nokre pasientar har opplevd urett og feilbehandling hjå oss. Det beste ein kan håpe på er at desse oppslaga har gitt dei ei slags oppreising.

Halvkvidde viser

Har du ikkje slutta å lese til no, bør du fortsette litt til. Her er nemleg den konkrete årsaka til at eg skriv: NRK si pressedekning av sjukehuset i Flekkefjord.

Kort samanfatta har NRK laga ei rekke negative saker om oss i vinter, i hovudsak om uforsvarlege og unødige operasjonar. I omtalen av feila – som kvar for seg er djupt tragiske, og som me gjer vårt ytterste for å unngå å gjenta – har dei tydd til halvkvidde viser og halve sanningar.

I artiklane blir lenker til saker frå 2014 og 2015 sausa inn, som for å insinuere at me skjèr friske folk i stykker, gjerne med middelalderske operasjonsmetodar, for å halde hjula gåande.

At Flekkefjord sjølv lenge har varsla om at det kirurgiske miljøet slår sprekkar under vekta av negativ merksemd blir via knapt ei setning.

Ein må kanskje la tvilen kome arme journalistar til gode. Flekkefjord ligg langt av lei, og vegane er smale og svingete, særleg no på vinteren. Saka kan dessutan virke krystallklar på avstand, så det er forståeleg at ingen tek bryet med å undersøke nærare. Det er ikkje like lett å forstå at dette ikkje gjeld motsett veg. Den vegen kritisk sjuke pasientar må fraktast dersom tilbodet her forsvinn.

Menneske det er langt vanskelegare å hjelpe når tilliten til oss systematisk og over tid blir riven vekk.

Lokalpatriotar

Medan eg er i gang, vil eg rette eit spark til Fædrelandsvennen òg. For dei som ikkje kjenner det lokale mediebiletet, var «Fevennen» regionsavisa for Sørlandet. Framleis når den 5 til 6 prosent av husstandane vest i fylket. Men både me i distriktet og redaktørane veit at dei for lengst er blitt ei avis for Kristiansand og omland. Og som lokalaviser flest er dei lokalpatriotar. Med indignerte leiarartiklar, og under dekke av kritisk journalistikk, går dei laus på oss i kampen om helsekronene, med eit halvhjarta unntak nyleg.

Eg har vondt for å tru at nokon kan unngå å gjennomskue sjåvinismen og framleis les Fevennen som meir enn ei Kristiansandsavis med fyllstoff frå Aftenposten.

Skurken i dramaet

Tilbake til NRK. Laurdag 23. mars vaknar me til ein påkosta reportasje på nett. Dagsnytt følgjer opp frå klokka 9, før Laurdagsrevyen kronar verket med eit lengre innslag. Det merkelege er at NRK har rapportert om akkurat desse sakene før, fleire gonger.

Søndagsrevyen har hyra inn ein professor, som meiner små sjukehus er bra for sysselsetting i distrikta, medan store sjukehus er bra for helsa. Det skin gjennom at Stortinget helst burde lytte meir til fagfolka, slike som han, og mindre på folka dei faktisk representerer.

Han manglar rett nok grunnlag for påstandane sine, og resonnementet hans endar i praksis med at kvaliteten i helsetenestene kjem til å betre seg berre ein får lagt ned tilbodet.

Måndag vil programleiar i Politisk kvarter ha helsepolitikarane til å krangle om kven si skuld det var at akuttkirurgien på «det nå skandaliserte sykehuset i Flekkefjord» i si tid ikkje vart lagt ned. Om programleiaren i det heile tatt veit at sakene NRK har omtalt gjaldt ortopedi, i hovudsak planlagde operasjonar, skjuler han det godt.

I skrivande stund ser det ut til at me endeleg skal få peika ut skurken i dramaet. Slik går dagane.

Dei siste dagane har me altså fått kjenne tyngden av den fjerde statsmakta.

Takk for sist?

Om ein ikkje visste betre, kunne ein trudd dette var eit takk for sist. NRK fekk motbør i vinter – sosiale media fløymde over av kritikk mot måten dei dekka skadesakene på, direktøren vår forlangte dementi, og dei tillitsvalde ved sjukehuset klaga statskanalen inn for PFU.

Og dei siste dagane har me altså fått kjenne tyngden av den fjerde statsmakta. Om NRK er så smålege at dei løftar gamle lokalnyttsaker opp som nasjonal dagsorden for å ta igjen, skal vere usagt. Det som er usagt, treng ein nemleg ikkje å trekke tilbake.

Nokre pasientar har opplevd urett og feilbehandling hjå oss. Det beste ein kan håpe på er at desse oppslaga har gitt dei ei slags oppreising.

Men det er skjøre saker me arbeider med i helsevesenet. Øydelagde menneske, skrøpelege menneske, små menneske, menneske i krise og menneske som held på å døy. Menneske det er langt vanskelegare å hjelpe når tilliten til oss systematisk og over tid blir riven vekk.

Kva med å rapportere sakleg og edrueleg om feil og skader, utan å sette alt inn på å knuse omdømmet til eit heilt sjukehus. Er det så urimeleg å be om?