Hopp til innhold

Kom saman

Norske politikarar har mykje å lære frå sine amerikanske kollegaer når det gjeld valkamp.

Judy Marcioni, Tommy Smothers, John Lennon, Yoko Ono, Rosemary og Timothy Leary

I 1969 stilte psykologen Timohy Leary (t.h.) som kandidat ved guvernørvalet i California. Han bad John Lennon (midt i biletet) om hjelp til å skrive ein kampanjelåt, som enda opp som opningsporet på «Abbey Road»

Foto: GERRY DEITER / AFP

Finn Tokvam er fast musikkspaltist i Ytring på radio og nett.

Dette er den tida på året der politikarane skal vise at dei har menneskelege trekk. og gjer dette mellom anna ved å stille opp i sommarprogram på tv.

Der blir dei gjerne plassert saman med ein kokk som grillar vassmelon og fisk og anna som absolutt ikkje har noko på grillen å gjere, sjølvsagt. Politikaren må hjelpe til. Det er ein rein fryd å sjå på, spesielt for oss som har vondskapen i oss.

Politikarar som mistrivst er godt fjernsyn. Desse augneblinkane, der politikarane har ofra ein heil sommarkveld i håp om å gjere eit godt val og få kome tilbake til konditoren sin også etter september, er det beste ved heile den norske valkampen.

Det verste med valkampen her til lands er musikken. Der har norske politikarar mykje å lære av USA.

Det verste med valkampen her til lands er musikken.

Sommaren 1984 toppar Bruce Springsteen listene med det som har blitt eit av verdas mest populære album, «Born In The USA». Samtidig stiller Ronald Reagan til attval som president. Og han syns denne låten er perfekt å bruke i kampanjen sin.

Reagan har tydelegvis ikkje forstått kva Springsteen prøver å seie.

The Boss er kritisk til myndigheitene, til krig og til måten krigsveteranar blir behandla på. «Born In The USA» er på ingen måte ein rein hyllest av nasjonen.

Reagan han har heller ikkje spurt Springsteen om lov til å bruke låten hans. Men den synda er ikkje Reagan åleine om.

At presidentkandidatar tek seg til rette og brukar låtar i kampanjane sine mot artistane sin vilje er ein lang og flott tradisjon i USA. Det skjer ved kvart val. Og toppa seg no sist, då Trump blei president. Ingen ville vere soundtracket hans.

Dei blei så tungt for Trump at til og med eit Bruce Springsteen-coverband trakk seg frå jobben når han prøvde å få nokon til å spele for seg.

Men politikarane i USA kan show. Dei likar musikk og dei spør ikkje om lov sjølv kor sterkt artistane protesterer.

Dette skjer ikkje her til lands. Dessverre, for tenk som det ville ha liva opp, om til dømes Frp tok seg til rette og brukte musikken til Lars Vaular eller Karpe Diem i valkampen utan å spørje om lov.

Politikarane kunne også ha fått laga eigne valkamplåtar. Brukt nokre kroner på det, heller enn på desse syrlege dropsa med partilogo og brosjyrar med skryt.

I 1969 stilte psykologen Timothy Leary som kandidat ved guvernørvalet i California.

Om han ikkje var ein politisk bauta, var han iallfall ofte stein.

Han var kjent som ein ivrig talsmann for bruken av LSD – og han snakka varmt om den terapeutiske og åndelege nytta stoffet hadde. Så om han ikkje var ein politisk bauta, var han iallfall ofte stein.

Leary kontakta John Lennon, som låg til sengs for fred saman med Yoko Ono den tida, og bad han om å skrive ein kampanjelåt. Valspråket til Leary var «Come Together, Join The Party» (party i dobbel tyding, både parti og fest, snedig).

Lennon sleit, men han skreiv ein song.

Men midt i valkampen måtte Leary i fengsel, narkotikadom sjølvsagt, og ein treng ikkje hente inn Harald Stanghelle for å forstå at det var litt dumt for stemmesankinga. Ein kandidat bak murane er verre enn ti veljarar på gjerde.

Og verre skulle det bli. For etter ei tid oppdaga Leary at Lennon hadde gjort om på kampanjelåten hans og brukt den ein heilt annan stad.

Leary kontakta Lennon og klaga på dette, men Lennon hadde svaret klart:

«Eg er ein skreddar. Du er kunden min. Du bestiller ein dress, men kjem ikkje for å hente den, så då sel eg den til andre.»

Leary tapte valet. Han blei ikkje guvernør i California. Det blei derimot ein skodespelar ved namn Ronald Reagan.

Men valspråk til Leary lever vidare. Det enda opp som opningsporet på Beatles-albumet «Abbey Road».

Finn Tokvam er journalist og programleiar i NRK og fast musikkspaltist i Ytring. Kvar veke koplar våre spaltistar musikk med politikk og aktualitetar i Ytring på P2 søndag kl. 11.