Hopp til innhold
Replikk

Høge ambisjonar er nødvendig, ikkje urettferdig

Klimapolitikken er ei investering i felles framtid, og det er ei investering vi skal ta saman. Fordi alternativet er så ufatteleg mykje dyrare.

Stortingsmeldingen "Klimaplan for 2021-2030"

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) la fram stortingsmeldinga «Klimaplan for 2021-2030» i januar. Ein rettferdig klimapolitikk betyr òg at alle skal få lov til å ta del i dei moglegheitene det grøne skiftet gir, skriv han i replikken.

Foto: Berit Roald / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa har lagt fram ein klimaplan som viser korleis vi skal nå klimamåla og skape nye, grøne jobbar. Klimaplanen mot 2030 er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk, eit taktskifte som er naudsynt.

Det grøne skiftet kjem til å krevje investeringar og endringar, det vil bli stilt nye krav til oss, internasjonalt, nasjonalt i lokalsamfunna og på individnivå.

Omstillinga er noko vi alle må igjennom, og det vil ikkje vere ein fordel for nokon av oss viss Noreg er dårlegast i klassen. Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad skriv i sin Ytring til NRK at norsk klimapolitikk «har vorte ein slags noregsmeisterskap i å melde inn stadig høgare mål om utsleppskutt».

Klimatiltak er ikkje berre ei rein utgift, først og fremst er det ei investering.

Eg trur derimot at konsekvensane for alle, inkludert distrikts-Noreg, av å ikkje nå måla i Parisavtalen vil vere store.

Det er mange som no målber ei frykt for at klimapolitikken vil ramme urettferdig og at rekninga blir send til distrikta og lågtlønte. Regjeringa vil auke CO₂-avgifta. Samstundes tek planen til regjeringa omsyn til konsekvensane, og foreslår ei lang rekkje verkemiddel i tillegg.

Eg meiner det skal lønne seg å velje grønt og klimavennleg. Regjeringa brukar store summar på å støtte grøn teknologi og grøn omstilling, både i by og land.

God klimapolitikk er òg god næringspolitikk.

Det er ti år til 2030 og eit varsla avgiftsnivå på 2000 kronar. Og om ti år er teknologien på alle område komme lenger, og til dømes elbilar vil vere eit fullgodt alternativ for dei aller fleste, òg i distrikta.

Det skjer òg mykje med teknologien i luftfarten. Ei auka CO₂-avgift vil vere ein stimulans til å utvikle og ta i bruk teknologi som reduserer – eller fjernar – CO₂-utsleppa.

Det skal lønne seg å velje grønt og klimavennleg.

Regjeringa er tydeleg på at auken i avgift skal kompenserast med reduksjon i andre skattar og avgifter.

Ein rettferdig klimapolitikk betyr òg at alle skal få lov til å ta del i dei moglegheitene det grøne skiftet gir. Klimatiltak er ikkje berre ei rein utgift, først og fremst er det ei investering. For god klimapolitikk er òg god næringspolitikk.

Det er heller langt frå inntrykket mitt som klima- og miljøminister at grøn omstilling er først og fremst noko som skjer i byen.

Eg meiner distrikta er i førarsetet både på innovasjon og arbeidsplassar. Her er nokre døme:

Auken i avgift skal kompenserast med reduksjon i andre skattar og avgifter.

I sommar kunne verdas største anlegg for produksjon av flytande biogass fortelje at dei doblar produksjonen etter investeringsstøtte frå staten via Enova. Anlegget på Skogn i Trøndelag produserer drivstoff frå fiskeavfall frå oppdrettsnæringa og kan no tilsetje fleire.

Den største fabrikken i verda for massivtre ligg på Åmot. Bedrifta bidrar både til lokale arbeidsplassar og reelle utsleppskutt fordi store byggjeelement frå norske grantre både bind karbon og erstattar element i betong som gir store CO₂-utslepp

Enova lanserte hausten 2020 støtteprogrammet «Batteri i fartøy». Her kan bedrifter innan fiskeri, havbruk og offshore få økonomisk støtte for å installere batteri og landstraumsystem i både nye og eksisterande fartøy. Fartøyet «Elias Johan» er eit større fiskefartøy som skal riggast for snurrevad og not.

Grøn skipsfart er ein særskild prioritet for regjeringa.

Prosjekt som «Elias Johan» er naudsynte for å få til omstillinga og viser korleis ein av våre viktigaste næringar kan behalde arbeidsplassar og produktivitet samstundes som dei bidreg til lågare utslepp.

Sidan 2016 har Klimasats støtta kommunar og fylkeskommunar over heile landet til kutt i utsleppa av klimagassar. Enova støttar investeringar i teknologi, mens Klimasats støttar prosessane som må til for omstilling i kommunen: Betre areal- og transportplanlegging, planlegging av tiltak, forankring, rutinebygging, kunnskapsheving, høve til å prøve ut nye løysingar.

Grøn skipsfart er ein særskild prioritet for regjeringa. Noreg har i alt 130 ferjesamband. I løpet av 2020 vil 26 ferjesamband vere elektriske, og i løpet av 2022 vil det truleg vere rundt 70 elferjer i Noreg. Denne omstillinga er avgjerande for å kutte norske klimagassutslepp.

Det vil ikkje vere ein fordel for nokon av oss viss Noreg er dårlegast i klassen.

Regjeringa varslar i klimameldinga at den vil halde fram med å støtte fylkeskommunane slik at det er mogleg å prioritere låg- og nullutsleppsløysingar på ferjer og hurtigbåtar.

Det vil vere ein bjørneteneste å gi store delar av Noreg frikort frå både dei moglegheitene og utfordringane det grøne skiftet inneber.