Hopp til innhold
Kronikk

Eg treng ein sluttdato for å redde meg sjølv

Ikkje fortel meg at det berre er å finne noko anna når oljeeventyret er over.

Hanne Rygg

Ved å sette ein sluttdato kan ein sjå for seg omstillinga meir som ein lagtempoetappe i Tour de France, skriv kronikkforfattaren.

Foto: privat

Min arbeidsplass eksisterer ikkje i sin noverande form når olje- og gassindustrien vert avvikla. Likevel meiner eg vi bør sette ein sluttdato - for å redde våre eigne arbeidsplassar og omstille oss i tide.

Å gje oljeselskapa ansvaret for å avvikle olje- og gassproduksjon er som å gje Facebook ansvaret for at folk skal ha mindre skjermtid. Viss våre politiske leiarar ikkje set ein sluttdato, er eg redd for at oljeselskapa overlever, medan industribedrifter innanfor olje og gass i Noreg ikkje gjer det.

Avviklinga kjem til å gå seint, og det blir på oljeselskapa sine premiss.

Alle partileiarar er klar over at vi må bygge ny industri. Helst basert på eksisterande. Vi må posisjonere oss innanfor grøn teknologi og miljøvenlege løysingar.

Utfordringa er berre at avviklinga av olje- og gassproduksjonen skjer så seint at internasjonale aktørar etablerer seg i dei nye marknadane før vi får sukk for oss.

I Vestlandsmeldinga står det at ingen samanliknbare land har tapt globale marknadsandelar like rask som oss dei siste 20 åra. Eg meiner at vi berre har oss sjølve å takke. Marknadsstyrt avvikling betyr i praksis at oljeselskapa bestemmer.

Problemet er at å stoppe olje- og gassproduksjonen strider imot prinsippet for korleis ein tener pengar i oljeselskapa.

Slik det blir lagt opp til no, er omstillingsmodellen ein stafett.

Eksisterande industri vert oppretthalden for at oljeselskapa skal kunne fortsette som før, medan dei etablerer nye bein å stå på innan for eksempel energiproduksjon frå vind og sol.

Avgjerder om nyinvesteringar og satsingsområde i norsk industri vert prega av at oljeverksemda vert oppretthalden.

Det ser eg også der eg arbeider. Vi klarer ikkje å gje full gass på ny teknologi for fornybarsamfunnet når vi har best lønsemd i prosjekt til oljeinstallasjonar.

Slik det blir lagt opp til no, er omstillingsmodellen ein stafett; Equinor har 1. etappe og så kan ein sjå for seg heile verdikjeda med leverandørbedrifter dernest. Og utan eit klart mål om kor langt vi skal springe vil det gå lang tid før veksling til neste etappe.

Med andre ord – avviklinga kjem til å gå seint. Og det blir på oljeselskapa sine premissar. Sjølv om eg har stor respekt for oljeverksemda sin betydning for Noreg er eg ikkje villig til å la oljen styre oss i denne kritiske fasen av omstillinga vi skal gjennom.

Marknadsstyrt avvikling betyr i praksis at oljeselskapa bestemmer.

Ved å sette ein dato kan ein sjå for seg omstillinga meir som ein lagtempoetappe i Tour de France. Equinor er lagkaptein, men laget må halde seg samla for å vinne. Med god laginnsats held vi farten oppe gjennom heile løpet, unngår massevelt og kan smykke oss med gul trøye på Champs-Élysées.

Å etablere ein verdsleiande industri innanfor eit segment slik vi har gjort med oljen tar tid. Det nyttar ikkje å berre ha smarte hovud og gode idear som fører til prototypar.

Det skal også ei kommersialisering og skalering til for at vi skal kunne hevde oss mot globale aktørar. Dette er kanskje den delen av industrien som er mest tidkrevjande, men mest undervurdert.

Å gje oljeselskapa ansvaret for å avvikle olje- og gassproduksjon er som å gje Facebook ansvaret for at folk skal ha mindre skjermtid.

Etter å ha summa meg litt etter ein kaotisk partidebatt om klima i forbindelse med Arendalsuka, tenker eg at fleire må tørre å sette ein dato.

Dagens kompetanse- og kunnskapsfortrinn er ikkje nok. Ikkje i lengda. Ja, vi er verdsleiande. Men innanfor eit døyande segment.

Sett ein dato no. I det minste eit tidsvindauge for når ein kan forvente at olje- og gassproduksjonen går til 0. Denne datoen treng ikkje å vere i dag eller i morgon, men heller ikkje så langt fram i tid at dagens avgjerdstakarar og leiarar mest sannsynleg ligg i grava.