Hopp til innhold
Kronikk

Drapsinspirasjon frå nettet

Kvar skuleskyting i USA vert etterfølgd av ein debatt om våpenlovene i landet. Men det er verdt å minna om at det finst ein eigen subkultur på nett av folk som er fascinert av skulemassakre og vald.

Skyting Oregon

Ein overlevande student (t.h.) er gjenforent med familien etter at fleire medstudentar og tilsette vart drepne i ein skulemassakre på Umpqua Community College i Roseburg i USA. Kronikkforfattaren meiner vi ikkje må oversjå moglegheita for at drapsmannen er inspirert av subkulturar på nett.

Foto: Andy Nelson / Ap

Torsdag morgon drap Christopher Harper Mercer ni menneske i eit åtak mot medstudentar på Umpqua Community College i Roseburg, Oregon. Det har ført til ny debatt om våpenlovene i USA, eit land som har vorte råka av ei rekkje skytemassakrer, fleire av dei tilsynelatande tilfeldige, utan eit klårt motiv. Slik er det også med massedrapet i Oregon.

Kva var det han ville?

Amerikanske media har byrja å grava i bakgrunnen til drapsmannen, som også mista livet sjølv. Dei fortel om ein stille, tilbaketrukken ung mann med ein fascinasjon for våpen. På internett har dei funne spor av ein einsam mann, oppgitt over manglande kjærleiksliv, ein mann med ein motvilje mot organisert religion, ein fascinasjon for IRA og sans for horrorfilmar.

Heller ikkje galskap opptrer separat frå samfunnet rundt seg.

Øyvind Strømmen

På ei nettside skreiv ein brukar som truleg var Harper Mercer også om Vester Flanagan, ein tidlegare TV-reporter som drap ein reporter og ein kameramann i WDBJ-TV under kanalen si morgonsending 26. august. «Eg har lagt merke til at så mange som han er åleine og ukjende», skriv vedkomande, «men når dei spelar litt blod, veit heile verda kven dei er. Ein mann ingen kjende er no kjent for alle. Ansiktet hans er trykt utover kvar einaste skjerm, namnet hans på leppene til kvar einaste person på planeten, alt i løpet av ein dag. Det ser ut for at jo fleire du drep, jo meir søkjelys får du på deg».

Var det det han ville, Christopher Harper Mercer også?

Rykte om satanisk manifest

Han skal ha levert eit slags manifest til eit av dei overlevande ofra, fortel nokre media, medan andre seier at manifestet vart funne på datamaskina hans. Ifølgje fleire media, blant dei tidsskriftet People, skal ei kjelde med kjennskap til etterforskinga ha skildra denne teksten som satanistisk. «Han gjorde dette for å verta ein gud i helvete. Han ynskte å vera vond. Det er målet hans, å tena Satan», seier den anonyme kjelda til People, og samanliknar Harper Mercer med seriemordaren Richard Ramirez, som stod bak ei rekkje drap og overfall i California midt på åttitalet.

Verken People eller andre media har faktisk sett det påståtte manifestet, og satanismepåstanden bør takast med ei solid klype salt. Samanlikninga med Ramirez er likevel interessant. Midt på åttitalet herja ein satanismepanikk, prega av mange og fantasifulle påstandar om hemmelege, satanistiske nettverk, som stod bak ritualmord og andre grove brotsverk. Denne satanismepanikken påverka også fleire seriemordarar, som tok til seg dei oppdikta førestillingane rundt satanisme. Med andre ord: heller ikkje galskap opptrer separat frå samfunnet rundt seg.

Ikkje terror

I midten av februar i år vart 23 gamle Lindsay Souvannarath frå Illinois arrestert på flyplassen i kanadiske Halifax, mistenkt for å ha planlagt ei skytemassakre på valentinsdagen, kjærleiksdagen. 20-årige Randall Shepherd frå Nova Scotia vart også arrestert, medan ein tredje mistenkt, 19-åringen James Gamle, skaut seg sjølv før politiet fekk arrestert han. I ei pressefråsegn sa den kanadiske justisministeren Peter MacKay at åtaket dei tre planla kunne ha resultert i mange dødsfall. Han la til noko ganske underleg. «Åtaket ser ikkje ut til å ha vore kulturelt motivert, og difor ikkje knytt til terror».

Det finst fascinasjon for både terrorisme og for totalitære, valdelege regime, ein fascinasjon som gjerne er knytt til valden, og ikkje til ideologien.

Øyvind Strømmen

På eitt vis hadde MacKay eit poeng. Åtaket dei tre vart mistenkt for å planleggja framstod ikkje umiddelbart som politisk motivert. Det kan verka som om dei planla eit blodig åtak på eit kjøpesenter for valden si eiga skuld, noko som minner meir om nettopp skulemassakrer enn om terror. Halvt laotiske Souvannarath skal då også ha vore fascinert av gjerningsmennene bak skulemassakren i Columbine i 1999, Eric Harris og Dylan Klebold. Samstundes fekk kanadiske myndigheiter og kanadisk politi raskt kritikk for å konkludera med at det ikkje var snakk om eit terrorplott. Souvannarath var nemleg også djupt fascinert av nazismen.

Nokre lenestolsetterforskarar har meint at Harper Mercer si epostadresse og andre internettspor tyder på ein tilsvarande fascinasjon. Igjen er det ein påstand det er verdt å ta med ei klype salt.

Kan det tenkjast at Harper Mercer har funne inspirasjon frå slike miljø?

Øyvind Strømmen

Eigen subkultur

Likevel er det verdt å minna om det justisminister MacKay oversåg tidlegare i år. På nettet finst det ein eigen, skremmande subkultur av folk som er fascinert av skulemassakre og av vald som såleis. Innanfor denne uklårt avgrensa subkulturen finst det fascinasjon for både terrorisme og for totalitære, valdelege regime, ein fascinasjon som gjerne er knytt til valden, og ikkje til ideologien. I ei studie av eit YouTube-basert miljø av skuleskytingfans, gjennomført av forskarane Atte Oksanen, Pekka Räsänen og James Hawdon i november 2014, kjem det også fram korleis terroråtak utført av såkalla einsame ulvar vert henta inn i dette universet, blant anna terroråtaka 22. juli.

Kan det tenkjast at Harper Mercer har funne inspirasjon frå slike miljø? Så langt har det ikkje kome fram. Det som er sikkert er at inspirasjonen kjem til å gå andre vegen.

Gjerningsmennene bak ei rekkje skyteepisodar i USA, og bak skulemassakrar i andre land, har ofte synt seg å vera «loners», gjerne med ei historie med psykisk sjukdom. Liberale amerikanske våpenlover er neppe eit hinder på vegen mot massedrap. Men heller ikkje «loners», ikkje ein gong dei som i folkeleg forstand framstår som rablande sprø, opererer i eit samfunnsmessig vakuum.

Øyvind Strømmen er forfattar av boka «Det mørke nettet».