Hopp til innhold
Kronikk

Det er vanlege folk sin tur til å ta støyten

Viss dette viruset hadde heitt «vinterinfluensa» og ikkje omikron, hadde dei tatt frå folk levebrødet då?

Arne Hjeltnes

Like sikkert som det kjem høgsesong og håp i bransjane, like sikkert sender dei rekninga for «føre var»-prinsippet til den same gjengen, skriv kronikkforfattaren.

Så vart det dugnad igjen. Helsebyråkratar og regjering sender heile bransjar ut i det uvisse.

Dugnadsgjengen er den same.

Dei små service- og serveringsbedriftene, dei sjølvstendige næringsdrivande som mistar oppdrag, og alle dei som lever utanfor dei varme heimekontora, som ikkje har fast løn uansett kva som skjer.

Krisa er stor og avlysingane er massive. Men det er altså dugnad.

Eg er uroleg for den fråverande respekten for folk sine jobbar.

Den styringsdyktige og alvorlege gjengen splittar samfunnet vårt meir og meir. Dei som er innanfor, som aldri treng uroa seg for lønnsslipp og inntekter, og dei som gong på gong skal ut på ein svært usikker dugnad.

Like sikkert som det kjem høgsesong og håp i dei bransjane, like sikkert sender dei rekninga for «føre var»-prinsippet til den same gjengen.

Dei var på Debatten 7. desember, men visste lite. Dei visste ikkje kvar grensa går for å stenga samfunnet, dei visste ikkje kor farleg viruset var, og dei visste ikkje kva planen var.

Men dei visste at serverings- og hotellbransjen (og mange fleire) ikkje skulle få inntektene sine i desember, slik dei tok frå den same dugnadsgjengen inntektene i påsken 2020, jola 2020 og påsken 2021.

Den styringsdyktige og alvorlege gjengen splittar samfunnet vårt meir og meir.

Bergens Tidende melder 8. desember: «Færre koronainnlagte i Bergen og ingen planlagde operasjonar avlyst». Likevel er byen i all praksis stengd.

Støtteordningane er like usikre og tilfeldige som før. Mange får eit automatisk nei. Og dei færraste har ein revisor som kan hjelpa dei med reglane.

Samstundes som staten håvar inn på krisa. Oljefondet har tent 2000 milliardar på pandemien, og straumkablane til utlandet har gitt 30 milliardar ekstra.

Den siste runden med koronastøtte var som Lotto.

Ein avlyst rockefestival fekk 36 millionar av Abid Raja og Kulturrådet, og gjekk med 32 millionar i overskot. Kulturrådet gidd ikkje ein gong be om pengane attende. Det er ikkje så farleg. Det er pengar nok – til nokon.

Det vert interessant å sjå kven som kan dela ut utbyte med korona-pengar denne gongen.

Er det ein ­«null»-­visjon den faste dugnadsgjengen må klara?

Eg er med på ein restaurant med 20 tilsette som har vore stengt i lange periodar. Men dette handlar ikkje om mi sjuke mor.

Eg er uroleg for den fråverande respekten for folk sine jobbar. Og eit system som ikkje forstår småbedrifter og lønsmottakarar sin kvardag. Kvar er dette i rekneskapen, «føre var»-tanken og konsekvensane?

Staten står over desse småbedriftene og krev inn moms, avgifter og skatt som aldri før. Men det er ikkje så farleg, for butikkar og pol er opne. Du kan eta og drikka heime. Til og med 10 gjester kan du invitera.

Dette går då ganske greitt, så lenge det ikkje vert hytteforbod.

Tilliten krev at politikarar og helsebyråkratane er på banen og held krisa varm. Dei er overalt. Til og med i ei sportssending dukka Nakstad opp.

Media er med. Følg med. Følg med. Ny pressekonferanse i kveld kl. 19. Strenge tiltak skal koma.

Kanskje vert det meir og strengare snart. Kanskje vert det ein smittetopp i januar. Kanskje. Mette Kalager, professor og lege, spurde i Debatten kvar grensa går? Dei ville ikkje svara.

Den siste runden med koronastøtte var som Lotto.

Kva med neste influensaepidemi? Svineinfluensa? Magasjau? Meslingar? Andre sjukdomar kan vel takast med den same «føre-var»-metoden?

Programleiar Fredrik Solvang fortalde oss at berre 3 prosent av pasientane på sjukehusa er covid-relaterte, og at det på 2 år har døydd halvparten så mange av covid som av vanleg influensa.

Helse Sør-Øst kan ta 2600 koronapasientar, ifølge Solvang. Det er i skrivande stund 316 innlagde i heile landet.

Viss dette viruset hadde heitt «vinterinfluensa» og ikkje omikron, hadde dei tatt frå folk levebrødet då? Er det ein «null»-visjon den faste dugnadsgjengen må klara?

Hjallis sa ein gong, om stadig betre skøytetider: «Du kan ittj gå på null».