Hopp til innhold
Kronikk

Desperasjonen må takast på alvor

Om regjeringa er bekymra for ein ny generasjon av radikale klimaaktivistar, er løysinga å ta klimakrisa på alvor.

Ragnhild Kvist Simonsen

Vi står i ei krise som vil gå på liv og helse laus, og som styresmaktene ikkje tek på alvor, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For mange var det skakande å sjå på Debatten om klima og aksjonsformer på NRK sist torsdagen, men på eitt vis er eg svært glad for at klimaaktivist Joachim Skahjem, tidlegare Stopp oljeletinga, var til stades og var ærleg i sitt syn.

Miljørørsla, meg sjølv inkludert, deler definitivt ikkje Skahjem sitt syn på vald, men han har (håpar eg) endeleg fått i gong ein debatt som me sårt treng.

Den norske stat har nekta å ta situasjonen og framtida vår på alvor.

Ungdom og klimarørsla har i årevis snakka, rope og skrike om at noko er gale, men den norske stat har nekta å ta situasjonen og framtida vår på alvor.

Først når nokon byrjar å snakke om vald i klimakampen, får somme auga opp og seier at me kanskje må lytte til frustrasjonen og desperasjonen ungdommen sit med i møte med det som er ei enorm, global krise. Ei krise som vil gå på liv og helse laus, og som styresmaktene ikkje tek på alvor.

Dei som sit med makta MÅ høyre etter, og dei må handle. Eg skjønar ikkje korleis dei kan la vere.

Først når nokon byrjar å snakke om vald i klimakampen, får somme auga opp.

Konsekvensane av klimakrisa rammer ikkje berre dei uheldige innbyggjarane i Pakistan: dei kjem snart etter deg og meg òg, og mange kjenner allereie med rette på at framtida er utrygg.

Normalt, når klimaaktivistar har teke i bruk sivil ulydnad i desperasjon og håp om at noko skal skje, eller prøvd å få merksemd rundt saka på anna vis, er mediedekninga og vinklinga lite tilfredsstillande.

Denne gongen trur eg få har gått glipp av kva som blei sagt under torsdagens debatt. Difor er eg takksam for at Skahjem stod fram med sitt syn, for no må folk få auga opp for kva slags kjensler som bryggjer hos framtidas arvtakarar, og kor dei kjem frå.

Regjeringa må ta inn over seg at dei ikkje lenger kan kome unna med å seie store, flotte ord og gjere berre bitte litt.

Dei som sit med makta MÅ høyre etter, og dei må handle.

Noregs regjering er feig. Ikkje berre Støre-regjeringa, men alle som har styrt landet i alle tiåra me har visst kva som kjem til å hende, og som har dytta upopulære løysingar vekk i håp om å bli vald på ny i neste runde.

Det er ikkje rart tillita til myndigheitene vert svekka, når dei gong på gong ljug oss opp i fjeset med tomme løfter og løysingar som knapt kan kallast ambisiøse.

Det kjem til å krevje enormt med mot og politisk vilje å snu situasjonen, men verdas klimaforskarar fortel oss at det er mogleg.

Regjeringa seier at dei enno rettar seg etter 1,5-graders målet (som realistisk sett no er daudt og gravlagd), men handlingsplanen speglar ikkje desse lovnadane.

Løysinga på klimakrisa kjem til å vere upopulær.

Utfasing av olje og gass er nødvendig, men ikkje eingong under COP27 makta politikarane å setje seg dette som eit mål.

Løysinga på klimakrisa kjem til å vere upopulær, og ho kjem til å krevje ofringar og endringar i vår grotesk komfortable og luksuriøse livsstil. Om me skal ha ein reell sjanse må me verne naturen, omstille økonomien og la olja ligge.

Klimaforskarar og -rapportar fortel oss dette støtt og stadig. Likevel byggjer me ned myr for å køyre fortare på motorvegen, me ofrar nasjonale laksefjordar for «samfunnsøkonomisk gunstig» gruvedrift og me har delt ut 53 nye leitelisensar på norsk sokkel i år.

Equinor har til og med sagt dei vil at Noreg skal stå igjen som verdas siste leverandør av olje og gass.

Når oljeselskapet sine sponsoravtalar og grønvaskande propaganda gjennomsyrer det norske samfunnet slik det gjer, er det nesten til å forstå at folk trur me ikkje kan leva utan olje. Men det kan me, og snart må me det.

Det er på høg tid at regjeringa tek mot til seg og gjer alt dei kan for å sikre eit leveleg miljø og ei framtid for folket.

Alt anna er eit brot på eit kvart menneske si rett til liv og tryggleik.

Om regjeringa er bekymra for ein ny generasjon av radikale klimaaktivistar, er den beste løysinga å ta klimakrisa på alvor.