Hopp til innhold
Kronikk

Den store nedturen

Europameisterskapet 2016 har vore det svakaste på lenge. Storlaga har skulda.

SOCCER-EURO-FRA-ICE/

Frankrike-spiss Antoine Griezmann feirar ei scoring under kvartfinalen mot Island. Franskmannen har briljert på bana, men det franske laget har skuffa i EM, meiner kronikkforfattaren.

Foto: Carl Recine / Reuters

For å ta det aller viktigaste først: Fotball er ikkje underhaldning. Det er eit spel, og som i alle spel er føremålet med fotball å vinne, ved hjelp av alle midlar som er tillate ifølgje spelereglane. Å klage over «kjedeleg» fotball er såleis meiningslaust.

Den som hevdar at ein fotballkamp er «kjedeleg», vedgår i praksis at han ikkje likar fotball. Synd for han, sjølvsagt, men uvesentleg i vår samanheng. Det som derimot er både vesentleg og sant, er at fotball kan variere i kvalitet, og at kvaliteten på den fotballen vi har fått sjå under EM har vore deprimerande låg.

Effektiv fotball

Spørsmålet er: Kvifor? Mange har kritisert det nye turneringsformatet, kor 16 av 24 lag går vidare frå gruppespelet, noko som – vert det påstått – oppmuntrar til defensiv fotball, særleg frå dei mindre nasjonane. Dette er ikkje direkte usant, men heller ikkje ei fullt ut tilfredsstillande forklaring på kvifor EM har vore så skuffande. Trass alt er det vesle Wales og endå mindre Island som har imponert mest under meisterskapet.

Den som hevdar at ein fotballkamp er «kjedeleg», vedgår i praksis at han ikkje likar fotball.

Begge har demonstrert det vi nordmenn på det glade 90-talet kalla «effektiv fotball» i praksis: Høg moral, framifrå lagorganisering, perfekt utførte kontringar. Vi let oss begeistre når slike lag overvinn sine naturgjevne avgrensingar og oppnår suksess. Ut frå sine føresetnader har walisarane og islendingane spelt god fotball, og vi takkar og bukkar og bøyer oss i støvet.

Inviduell briljans

Frå dei store nasjonane, derimot, ventar vi noko anna og meir. Vertsnasjonen Frankrike, tittelforsvarar Spania, regjerande verdsmeister Tyskland, Belgia med sin gylne generasjon – det er desse fire som først og fremst har hatt ansvaret for å gjere EM 2016 til ei minneverdig turnering. Alle fire har, etter mi meining, mislukkast.

Kun i korte glimt har dei lukkast i å få til det vanskelegaste – og mest attraktive – som finst i fotball, nemleg eit godt gjennomført, kollektivt angrepsspel. Visse enkeltspelarar – Antoine Griezmann, Andrés Iniesta, Toni Kroos, Eden Hazard – har tidvis imponert, men dette har ikkje vore nok til å kamuflere hóla i lag-veven. Tvert om, den individuelle briljansen frå nemnde spelarar har understreka at dei kollektive prestasjonane har vore under pari.

Ein viktig grunn til fotballens umåtelege popularitet er – paradoksalt nok – at det er mykje enklare å forsvare seg enn å angripe

Spelarar, trenarar og fans av dei fire store vil forsvare seg med at motstandarane har lagt seg bakpå og nekta dei det rommet som trengst for å spele offensiv fotball av høg kvalitet. Dette er – isolert sett – sant. Ein viktig grunn til fotballens umåtelege popularitet er – paradoksalt nok – at det er mykje enklare å forsvare seg enn å angripe, noko som igjen tyder at det beste laget ikkje alltid vinn.

Men store lag overvinn slike hindringar – slik Nederland gjorde det i 1988, Frankrike i 2000 eller Spania i 2008 og 2012. I EM 2016 finst diverre ingen store lag. Dét har ikkje berre ført til ei kvalitativt skuffande turnering, men gjer òg at vi må stille spørsmål ved landslagsfotballens framtid.

Underhundar

EM slit med nøyaktig motsett problem som sitt syskenborn i klubbfotballen, Meisterligaen. Sistnemnde byd på variert, kollektivt angrepsspel av ekstremt høg kvalitet – til gjengjeld er turneringa irriterande monoton fordi ei handfull klubbar (Real Madrid, Barcelona, Bayern München) stort sett alltid når semifinalane (minst). På landslagsnivå er det, som vi har sett, langt større rom for underhundar (hundar som kan gjere under) – til gjengjeld er kvaliteten vesentleg meir variabel, og årets meisterskap er mellom dei svakaste på lenge.

På landslagsnivå er det, som vi har sett, langt større rom for underhundar (hundar som kan gjere under).

Ei landslagsturnering er kort, og tilfeldige hendingar – skadar, suspensjonar, dommartabbar – speler ei langt større rolle enn kva som er tilfelle gjennom ein lang klubbsesong. Eit lag som ryk ut, vert fort gløymt. Kven hugsar til hausten at Kroatia spelte den beste fotballen under EM, at England – trass i den katastrofale kampen mot Island – presterte brukbart i gruppespelet, eller at alle Tyrkia sine tre kampar var mellom dei mest sjåverdige i meisterskapet? Ikkje mange. Men vinnarane hugsar vi, på godt og vondt.

Portugisisk triumf

I 2004 vann eit kynisk Hellas EM i Portugal, etter å ha slått vertsnasjonen i finalen, og ein ung Cristiano Ronaldo brast i gråt. Den greske triumfen fylde mange med frykt og avsky, men heller enn å kritisere Hellas for å spele god, defensiv fotball, burde kritikarane spurt seg kvifor langt meir talentfulle lag som Portugal, Frankrike og Tsjekkia var ute av stand til å bryte ned den greske forsvarsmuren.

Denne gongen vert det – sann mine ord! – 0-0 og portugisisk triumf etter straffekonkurranse.

Tolv år seinare er det Ronaldo & Co. som møter heimelaget i den avgjerande kampen, utan å på noko tidspunkt ha imponert på vegen til Stade de France. Portugal og Frankrike har vore motstandarar i to av dei beste, mest dramatiske kampane i EM-historia – semifinalane i 1984 og 2000, som begge enda med fransk siger.

Denne gongen vert det – sann mine ord! – 0–0 og portugisisk triumf etter straffekonkurranse. Dét er eit resultat dei færraste ynskjer, men vil vere ei særs høveleg avslutting på det uhyre skuffande EM 2016.

Følg debatten: Twitter og Facebook