Hopp til innhold
Kronikk

Den siste ferjeturen

Eg tek ikkje den nasjonale transportplanen seriøst før der kjem eit kapittel om sveler, skriv komikar Fredrik Steen om ein ferjefri E39.

FERGE BILFERGE

Bilferja M/F Tidesund på sambandet Hareid-Sulesund på Sunnmøre.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Nyleg sat eg fast i ei togvogn ved Nordstrand i Oslo grunna ein signalfeil. Togføraren beklaga og orienterte så godt han kunne, men det hindra ikkje enkelte i å begynne å murre. Nordmenn godtek nemleg ikkje venting utan å vite nøyaktig årsak til at ein må vente. «Signalfeil» er ei fattig trøyst. Vi vil vite nøyaktig kven som forårsaka signalfeilen, kva parti han stemmer på, om kona hans er fin, og kven ho kunne tenke seg å reise til ei karibisk øy saman med.

LES: Lover fergefritt vestland om 20 år

For min eigen del var ikkje det verste å sitje stille og tissetrengt på ei hardt togsete i 45 minutt, men å høyre på det fulle paret frå Kolbotn som hadde ein mykje betre nasjonal transportplan på lur. I hovudtrekk gjekk planen ut på at nokon måtte skjerpe seg, og at det pokker meg burde vere mogleg å få eit tog til å gå på ei skinne. Og korleis skulle dei kunne røyke no? Vi er trass alt i 2013. (...)

Eg foreslår med dette at folk som bruker inneverande årstal som grunngjeving for kvifor noko burde vere langt betre enn det er, vert gitt saftige bøter på minst 8000 kroner. Pengane skal gå til utbygging av ladestasjonar for elbilar, samt ei sveletakke på kvar stasjon. Forklaring følgjer.

Hol i vegane

Alle meiner noko om vegnettet i Norge. Vegen er enten for smal eller for holete, eller så manglar han. Enkelte politikarar er svært så frampå når det gjeld å få opp farta på farkostar med hjul. Men fleire bilar sørgjer som kjent for enda fleire hol i vegane. Og desto meir murring.

Vegen er enten for smal eller for holete, eller så manglar han.

Fredrik Steen, komikar

Nettopp difor vil eg murre litt om at ferjene langs E39 kanskje er borte om nokre år. Vi kjem nemleg aldri fort nok fram. Dei mest trafikkerte ferjestrekningane i dag køyrer heile natta, og må ein vente ein halvtime, passar det som regel med ein liten strekk med hendene bak ryggen.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Kvar skal vi ete sveler?

Ein ferjefri E39 vil føre til at folk ideelt sett kan kome fortare fram. Men her bommar dei. Eg kjenner Ola Nordmann, nemleg, og han utset avreisa så mykje at han ikkje kjem fram tidlegare enn han hadde gjort med ferje likevel.

Fingeren i vêret seier at vi sparer elleve minutt i snitt per biltur. No er ein gjennomsnittleg ferjetur som regel lenger enn elleve minutt, men fråvær av ferjer fører til at folk vil køyre meir bil, og dermed blir det mykje meir kø på vegane. Og kvar skal vi ete sveler no? Capiche?

LES OGSÅ: Beskylder regjeringen for løftebrudd

Snarvegen

Vi er så opptekne av å spare tid her til lands. Tid ser ut til å vere det mest verdifulle vi har, og ikkje minst mangel på tid. Det nyttar ikkje å briefe med Rolex til 70.000 lenger, skikkeleg schwung på sakene blir det først når du kan skryte av at du ikkje har tid til å sjå på klokka eingong. Difor vil eg ha følgjande med i nasjonal transportplan: Om vi eksempelvis sparer i snitt elleve minutt på ferjefri E39, så vil eg vite kva vi skal bruke desse elleve minutta på. Kan vi ta dei ut i cash? Vidare vil eg ha ei forklaring på kvifor snarvegen alltid er meir interessant, sjølv om det berre er snakk om sekund eller eit par minutt? Kan transportøkonomar sjå verdien av filosofi, skal tru?

Om vi eksempelvis sparer i snitt elleve minutt på eit ferjefritt E39, så vil eg vite kva vi skal bruke desse elleve minutta på. Kan vi ta dei ut i cash?

Fredrik Steen, komikar

Ferjeturen er ein fin stopp i tankestraumen, og det er alltid gøy å sjå kven som er den sintaste ferjemannen om bord: «Ikkje køyr om bord på ferja, før eg har sagt køyr om bord på ferja! Køyr om bord på ferja!» På ei nedlagd ferjestrekning på Sunnmøre var der på 80- og 90-talet ein hissigpropp av ein ferjemann om bord. Han tok til å snerre som ein rottweiler straks lemmen gjekk opp og ferja la til kai. Han balanserte ut mesteparten av mitt eige sinne, nemleg. Eg kjenner eg saknar han.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ladestasjon

Det er ikkje alle plassar i landet ein er så heldig å ha sinte ferjemenn og sveler. Sidan eg bur i Oslo, prøver eg å reise så mykje kollektivt som mogleg. Eg tek både buss, trikk, bane og tog, ikkje fordi eg er så politisk korrekt eller miljøbevisst av meg, men fordi eg ikkje likar meg sjølv så godt når eg bannar for mykje. I likskap med alle andre bilistar her i Oslo er eg nemleg rasande sint for at det er andre enn meg sjølv på vegane. Nokon må ta ansvar og begynne å selje sveler i vegkanten i Oslo. Folk med ei svele i handa roar seg nemleg kraftig ned.

Nokon må ta ansvar og begynne å selje sveler i vegkanten i Oslo.

Fredrik Steen, komikar

Og det her vi er ved kjernen i den nasjonale transportplanen. Svelene må inn ein stad dersom E39 blir ferjefri. Og elbilen har alltid forkøyrsrett. Sutrekoppar som ikkje trur på elbilen klagar på at det tek for lang tid å lade. Ei hurtiglading på dei nye ladestasjonane som bilprodusenten Tesla har tenkt å utplassere her til lands tek ikkje lenger enn 20 minutt. Omtrent like lang tid som ein gjennomsnittleg ferjetur.

Det er her den fortapte ferjesvela må inn igjen. Det er lettare å snakke med folk med ei svele i handa, og ein får nye historier å fortelje med ei svele på lur. Ladestasjonane bør i tillegg har ein litt smågretten ladesjef som tuslar rundt ladestasjonen: «Ikkje lad bilen før eg seier lad bilen! (...) Lad bilen!» Så kan vi ete sveler og vere takksame for at vi får ei lita sintepause. Først då snakkar vi om ein realistisk og balansert nasjonal transportplan.

www.fredriksteen.com.