Hopp til innhold
Replikk

Cengiz, me må ta ein prat

Det er eit par ting du ikkje har forstått om nynorsk.

Cengiz Al

Kvifor nynorsk når det er engelsk vi treng? Gjer det valfritt, skreiv Cengiz Al, kjend som Yousef, kjærasten til Sana i Skam, i ein kronikk på NRK Ytring. Engelsk er vel og bra, men det skal ikkje gå utover norskundervisninga, svarer nestleiaren i målungdommen i denne replikken.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Kjære Cengiz, Eg har lese kronikken din om nynorsk, og vil gjerne få nokre fakta om nynorsk og den norske språkstoda på plass. Det verkar nemleg som om du ikkje heilt veit kva du snakkar om.

Det er ein grunn til at sidemålsundervisning er obligatorisk: Sidemålsordninga er til for at nynorsken (og bokmålet) skal vere valfritt – etter ein er ferdig med den vidaregåande skulen. Sidemålsordninga gir oss reell valfridom, ein fridom som gav meg moglegheita til å velje bort bokmålet etter 13 år som bokmålselev.

Ved å lære båe dei to norske skriftspråka kan ein enkelt velje kva for eit språk ein vil nytte når ein studerer, skriv tekstmeldingar og deltar i samfunnsdebatten. For det går an å velje nynorsk – det har eg gjort!

Sidemålsordninga gir oss reell valfridom.

At kompisane dine ikkje liker nynorsk er trist, men det er ikkje eit argument for å gjere sidemålsundervisninga valfri. At nokon synest noko er keisamt er i grunn eit dårleg argument for noko som helst. Algebra, drivhuseffekten, glosepugging, mellomkrigshistorie og utruleg mykje anna kan vere keisamt, men det må likevel ha ein plass i skulen. Likevel skal eg ta deg på alvor. For det er eit problem at mange elevar ikkje liker eller forstår kvifor me skal lære både nynorsk og bokmål. Men det er dårleg sidemålsundervising sin feil, ikkje språket.

Det er ikkje så rart når lærarar ikkje byrjar å undervise i båe skriftspråka før i niande klasse på ungdomsskulen. Berre to år før standpunktkarakter og eksamen forventar dei at elevane skal lære eit nytt skriftspråk fullgodt. Dei set elevane i ein umogleg og ureffterdig posisjon.

Les også: Valfritt sidemål er sjølvmål

For sein start med sidemål fører til at elevane ikkje liker nynorsk, og når ein ikkje liker noko, er det sanneleg ikkje lett å lære det. Når lærarar i tillegg snakkar ned nynorsk, slik din lærar gjorde, tenker eg det trengst ein skikkeleg oppvask både i lærarutdanningane og ute i skulane.

Me har to skriftspråk i Noreg, og eg er einig med deg i at det er kult. Likevel ser du ikkje kva engelskundervisning på kostnad av sidemålsundervisning faktisk betyr for den norske språkstoda. For medan engelskundervisninga byrjar allereie i småskulen, kjem i verste fall ikkje sidemålsundervisninga før på niande trinn.

At nokon synest noko er keisamt er i grunn eit dårleg argument for noko som helst.

Der engelsk har ein sjølvsagt plass i norsk skule, må det minste norske skriftspråket må kjempe for plassen sin gong på gong. Engelsk er vel og bra, men det skal ikkje gå utover norskundervisninga. Det er to ulike fag med to ulike funksjonar. Derfor må me jobbe for å styrke sidemålsundervisninga framfor å styrke ei allereie god engelskundervisning. Berre slik får elevane ei reell sjanse til å lære norsk, bokmål og nynorsk, skikkeleg.

Sidan du synest det er kult at me har to skriftspråk, er det rett og slett ganske merkeleg at du vil fjerne det eine frå det norske skulesystemet – for det er det som skjer viss ein gjer det valfritt for bokmålselevane.

Dårlege lærarar kjem nemleg til å prioritere bort sidemålsundervisning fordi elevane ikkje liker det og fordi dei ikkje får god nok opplæring i og om nynorsk i utdanninga si. Og når til og med lærarar snakkar ned eit språk, ja, då er det ikkje rart at du og kompisane dine får eit skeivt bilete av språkstoda.

Det trengst ein skikkeleg oppvask både i lærarutdanningane og ute i skulane.

Til slutt må eg berre seie at om ein er så heldig å få tilbod om å spele i engelske filmar, så er det faktisk ikkje verre enn at du kanskje må bruke litt tid på å bli endå betre i engelsk enn du allereie er.

Skulen skal gi deg eit grunnlag så du kan klare deg godt i samfunnet, ikkje lære deg absolutt alt.

Når det er sagt, er du nok ganske åleine om å få slike tilbod. Kanskje du ein dag får tilbod om jobb på Det Norske Teatret au, i så fall er det berre å ta kontakt, så kan me få til eit nynorskkurs.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter