Hopp til innhold
Replikk

Arne Hjeltnes har rett – men det betyr ikkje at tiltaka er feil

I det lange løp kan strenge smitteverntiltak vere til det beste også for dei som vert hardast råka.

9PZ2fBGrV4I

Parlamentarisk leiar for Høgre, Trond Helleland, seier pandemien råker skeivt, men at resultatet av ein smittesituasjon ute av kontroll, ville vore at vondt vart til verre for næringslivet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Min gode partifelle Arne Hjeltnes meiner det er urovekkande at fleire av dei som styrer landet aldri sjølv har kjend på dårleg likvididet. Han skriv at det er langt frå beslutningstakarar i trygge jobbar med stabile inntekter – til dei som no vert hardast råka av nedstenging og strenge smitteverntiltak. Det er ei legitim bekymring.

Akkurat no kan mange av oss sove godt om natta, vel vitande om at jobben er trygg og at løna kjem som vanleg. Andre lev i uvisse om begge delar. Dei som eig bedrift må sjå at kundane uteblir, medan rekningane hopar seg opp. Dei som jobbar i bedriftene og er permitterte, bekymrar seg for om jobben kjem til å vere der når kvardagen blir normal att.

Dei av oss som tar avgjerder om smitteverntiltak på vegne av samfunnet forstår at mange har det svært tøft.

Det er strekk i laget. Pandemien råker skeivt. Og hardast råker den privat næringsliv. Dei som driv bedrift og dei som jobbar i bedriftene. VGs reportasje i helga frå påskereisemåla Hafjell, Golsfjellet, Trysil, Norefjell og Narvik var fader meg sterk kost.

Det gjer inntrykk å lese om folk som har satsa hus og heim for å skape eit tilbod til oss alle. Folk som no fryktar å bli ruinert.

Dei av oss som tar avgjerder om smitteverntiltak på vegne av samfunnet forstår at mange har det svært tøft. Men forstår vi faktisk korleis det følast for dei som bêr den tyngste børa?

Høgst sannsynleg ikkje. Det skal eg gje Arne Hjeltnes rett i. Men det betyr ikkje at tiltaka er feil. Resultatet av ein smittesituasjon ute av kontroll ville vore at vondt vart til verre for næringslivet. Det er til vårt alles beste at pandemien ikkje blir forlenga éin dag lenger enn absolutt nødvendig.

Resultatet av ein smittesituasjon ute av kontroll ville vore at vondt vart til verre for næringslivet.

Dei nasjonale smitteverntiltaka frå regjeringa tar utgangspunkt i faglege råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Dei fremste fagfolka vi har er uroa for dei høge smittetala, og tilrår difor strenge tiltak for å slå ned den tredje smittebølgja.

Dei råda må regjeringa lytte til, sjølv om det er upopulært og smerter. Konsekvensen av ikkje å slå ned smitten er at langt fleire blir sjuke og dør. Så enkelt og så brutalt, men vi har sett kor stygt det kan gå i andre land som har mista kontrollen.

Norge må gjere alt vi kan for ikkje å havne i same situasjon. Sjølv om det vil opplevast urimeleg og unødvendig i område med låg smitte i dag. Med dei muterte virusa i fritt omløp veit ingen korleis situasjonen er i morgon. Difor må vi setje helse først.

Samtidig har myndigheitene eit enormt ansvar for å stille opp for næringslivet når strenge tiltak blir innført. Det er i alles interesse at levedyktige bedrifter overlever krisa. Omfattande milliard-ordningar og støttetiltak er utarbeidd etter god dialog mellom regjeringa og næringslivets eigne organisasjonar NHO og Virke.

Vi må likevel erkjenne at det er krevjande å treffe 100 prosent med tiltaka for alle bransjer og alle bedrifter.

Det siste no er at regjeringa auker den kommunale ordninga for å kompensere bedrifter som er råka med 500 millionar kroner. Dette kjem på toppen av dei 750 millionane som står att i ordninga. Dette skal særleg kome bedrifter i hotell- og restaurantnæringa til gode.

Vi må likevel erkjenne at det er krevjande å treffe 100 prosent med tiltaka for alle bransjer og alle bedrifter. Difor er eg heilt overtydd om at regjeringa følgjer situasjonen nøye, og vil vurdere nye og justerte støttetiltak fortløpande.

Eg lovar Arne Hjeltnes og alle andre dette: Høgre har alltid og vil alltid heie på dei som satsar. Dei som skaper jobbar. Fordi ingenting er viktigare enn at alle har ein jobb å gå til. Også etter krisa.

Følg debatten: