Lett å la andre ta dugnaden

Skal landet styrast av folk som aldri har bekymra seg for pengar?

Arne Hjeltnes

Me er i ferd med å få politikarar og eit statsapparat som er heilt kopla frå det å uroa seg over korleis ein skal skaffa seg inntekt, skriv kronikkforfattaren.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Tiltaka rundt pandemien, og særleg den siste runden som øydela håpet om få nokre inntekter i påsken for ei sterkt prøva serveringsnæring, viser at me er i ferd med å få politikarar og eit statsapparat som er heilt kopla frå det å uroa seg over korleis ein skal skaffa seg inntekt.

Det har naturlegvis vore ein tendens lenge at politikk og styring i staten har vorte ein eigen profesjon.

Makta og omfanget til staten aukar meir enn noko anna i samfunnet vårt.

No verkar som om styresmaktene brukar arbeidsplassar og inntekter som test-kaninar.

Eg meiner det er urovekkande at dei som styrer oss aldri har kjent på eller knapt høyrt om dårleg likviditet.

Då er det kanskje ikkje så rart at dei ofrar private arbeidsgivarar i Trondheim, Tromsø, Alta, Vadsø eller andre stader der det ikkje er smitte, for å vera «føre var».

Å høyra grunngjevinga frå Helsedepartementet i diskusjon med restauratør Roar Hildonen i Dagsnytt Atten 24. mars var nedslåande.

Sjølvsagt skal me hindra smitte, men kva med empiri? I Oslo har det ikkje vore skjenka på eit halvt år, men smitten aukar.

Serverings- og reiselivsnæringa har verkeleg tatt sin del av dugnaden. No verkar det som om styresmaktene brukar arbeidsplassar og inntekter som test-kaninar.

Kanskje kan det koma ny smitte?

Kvar er tilliten til ein ansvarleg bransje og kommunane?

Det er som å kasta vatn på skogen i Pasvik, når det er skogbrann i Nordmarka.

Dei som sit på pengesekken, veit mindre og mindre om kva som må til for å tena dei.

At alle skal ha det like ille, er å misforstå dugnadsprinsippet.

Utdelingane frå staten er småpengar, som slett ikkje strekk til. Kompensasjonsordningane handlar stort sett om å halda folk unna jobb. Heimekontor er ikkje så lett for ein kelner, ei stuepike eller ein reinhaldar.

Små verksemder som ikkje har faste utgifter får ingenting.

Det verkar rett og slett som styresmaktene ikkje forstår kva det vil seia å ha null i inntekt.

I kulturlivet er utdelinga heil annleis. Der sit millionane laust som kompensasjon for tapt inntekt.

Systemet har etter kvart vorte så komplisert, at det ikkje er plass for andre enn dei som har gått gradene frå ungdomspolitikken eller frå universitet og akademi og rett til statsforvaltninga.

Det er som å kasta vatn på skogen i Pasvik, når det er skogbrann i Nordmarka.

Den borgarlege sida har endra seg frå å ha eit stort innslag av folk frå næringsliv til å vera den aukande statsforvaltninga sin forlenga arm. Arbeidarpartiet er mindre og mindre oppteken av industri og vilkår for arbeidsplassane. Dei og ropar på meir stat. LO er delt i to.

Skal me verta sosialistar eller anarkistar då?

Nei, for på ytre venstre er det endå verre. I Oslo brukar byrådet no fleire hundre millionar på å kjøpa ut vel fungerande sosiale tenester, fordi dei er private.

Eg har gitt opp å håpa at ein eller annan økonom på venstresida kan forklara dei at alle pengane enten dei går til snøbrøyting, IT-konsulentar, kontorrekvisita, søppelhenting eller barnehage kjem frå den same kassa.

Det finns med andre ord reine og skitne offentlege pengar.

Eit privat eldresenter er ein velferdsprofitør, men når Klimaetaten i Oslo kjøper PR-tenester av gamle partikollegaer for 30 millionar, er dei ikkje det.

Det finns med andre ord reine og skitne offentlege pengar.

Problemet er at det finns for mykje offentlege pengar.

Og dei som sit på pengesekken, veit mindre og mindre om kva som må til for å tena dei.

Byråkratane og leiarane i statlege verksemder har for lengst vorte lønsvinnarane.

Dei hoppar frå etat til etat eller direktorat til direktorat med skotsikkert stillingsvern og feite pensjonar.

Det er vanskeleg å få dei til å forstå at inntektene til staten ikkje kjem frå eit hvelv under Stortinget, men frå skatteinntekter frå folk sitt arbeid.

Det er riktig at skilnadene aukar i Noreg.

Der dei aukar mest er mellom dei som sit varmt og godt i staten og dei som er utanfor.

(Kronikkforfattaren sat i sentralstyret i Høgre frå 2010 til 2016. Etter den tid har han ikkje hatt verv i partiet.)

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 15.05.2021
2 577
Smittede siste 7 dager
109
Innlagte
774
Døde
1 556 905
Vaksinerte