NRK Meny
Kronikk

Å gjenreise ein grunnmur

Kulturløftet har ikkje greidd å halde ved like «den kulturelle grunnmuren» – folkebiblioteket, dei frivillige, kulturskular, kino, korps og kor. For å endre på det, må idretten nedprioriterast. Då blir det maktkamp, skriv kulturforskar Georg Arnestad.

Skolekorps

Folkebiblioteket, dei frivillige kulturorganisasjonane, fritidsklubbane, museum, kulturskular, kino, kor – og korps: Det er denne «grunnmuren» i kulturlivet som har vore salderingsposten i dei kommunale budsjettene, skriv kulturforskar Georg Arnestad. Her eit skulekorps som trør i marsjen under ei 17. mai-feiring.

Foto: Keilen, Berit / NTB scanpix

Mens resten av Europa slit, har 3,4 milliardar friske statlege kulturkroner blitt sprøyta inn i norsk kulturliv siste åtte åra. Kulturløftet har vorte allemannseige, prenta inn i oss kvar einaste veke av sjølvsikre og skrytande kulturministrar, som føler at dei har gjort jobben sin, og vel så det. I grunnlovsåret 2014 når dei hovudmålet: Statlege kulturutgifter passerer éin prosent av statsbudsjettet.

Kulturløftet har vore ei statleg greie. Kommunane har dei ikkje brydd seg særleg med, korkje kulturministrane eller embetsverket i det vesle Kulturdepartementet. Med unntak for nokre kommunar som har måtte punge ut for alle festivalane staten gav knutepunktsstatus til.

Kulturløftet har vorte allemannseige, prenta inn i oss kvar einaste veke av sjølvsikre og skrytande kulturministrar

Georg Arnestad, kulturforskar

Måndag denne veka kom evalueringa frå Enger-utvalet. Det er eit historisk dokument. Aldri før har vi hatt ei slik uavhengig vurdering av norsk kulturpolitikk. Vi fekk ein ærleg, faktabasert og velskriven 330 siders rapport. Han er analytisk god og spennande å lese. Innstillinga står, i Anne Engers ånd, dessutan fram som eit forholdsvis sterkt og kritisk korrektiv til pengebruken i Kulturløftet. Og kritikken gjeld ikkje berre Kulturløftets manglande lokale perspektiv.

Grunnmuren smuldrar

Eg skal nemne tre døme:

  1. Den sterke auken i løyvingar på fleire tunge budsjettområde har, ifølgje utvalet, ikkje ført til særleg auka kunstproduksjon eller publikumsoppslutning.
  2. Heile 25 pst. av midlane i det samla Kulturløftet er brukt til satsing på «frivillighet». Men mykje av desse midlane har gått til formål som ligg på utsida av det utvalet kallar «ytringskultur» – i praksis idretten.
  3. «Den kulturelle grunnmuren» i lokalsamfunnet, er, ifølgje utvalet, i ferd med å forvitre.

Kulturløftet har altså, sett med utvalets auge, feila på tre vesentlege område. Utvalet sjølv ser mest alvorleg på forfallet i den kulturelle grunnmuren.

Denne grunnmuren finn vi ute i det lokale kulturlivet: folkebiblioteket, dei frivillige kulturorganisasjonene, fritidsklubbane, museum, kulturskular, kino, korps og kor. Alle desse aktivitetane er eit kommunalt ansvar. I det kommunale kulturbudsjettet framstår dei som taparar, med folkebiblioteket i spissen. Vinnaren er, som alltid, idretten og idrettsanlegga, følgt av kulturhus og «begivenhetskultur».

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Vemodig om lokalsamfunn

Den kulturelle grunnmuren, slik Engerutvalet definerer den, har blitt ein salderingspost i det kommunale kulturbudsjettet.

Georg Arnestad, kulturforskar

Den kulturelle grunnmuren, slik Engerutvalet definerer den, har blitt ein salderingspost i det kommunale kulturbudsjettet. Tendensen har vore der ei stund, og han forsterka seg etter 2005. Idrettsbudsjettet i kommunane har derimot auka kraftig. Mens staten har laga «kulturløft», har kommunane skapt seg eit «idrettsløft». Gjennom endringa av tippenøkkelen i fjor fekk forresten også den statleg finansierte idretten sitt eige løft.

Utvalet skriv fleire stader i rapporten nesten vemodig om kor viktig det er for lokalsamfunn, nasjon og ytringskulturen at vi har gode og skikkelege kulturskular, folkebibliotek, fritidsklubbar og kulturfrivillighet. «Utvalget anser at solide kulturelle arenaer i lokalsamfunnene er nødvendige hjørnesteiner i den kulturelle grunnmuren,» heiter det.

Eit lokalt kulturløft?

Ut frå denne erkjenninga foreslår utvalet at det nye Kulturløftet III, som statsråden alt har annonsert, bør ha form av «et lokalt kulturløft». I dette nye «løftet» skal gjenreising av den kulturelle grunnmuren prioriterast. Folkebiblioteka og kulturskulane som knapt har sett snurten av ei einaste kulturløftskrone i heile perioden, skal no endeleg få sitt.

For staten må bidra til å finansiere dette, seier utvalet, som helst vil ha øyremerka løyvingar for ein avgrensa periode til folkebibliotek, kulturskular, dirigentar og øvingslokale. Staten må ta ansvar for oppgåver kommunane har prioritert vekk.

Den kulturelle grunnmuren kan aldri byggjast opp til det nivået Engerutvalet tenkjer seg, utan at idrettens del vert redusert. Då vert det maktkamp.

Georg Arnestad, kulturforskar

Kan det gå bra? Neppe. Øyremerking er heilt ute for tida. Hadia Tajik veit det. Å spørje finansministeren, er heilt bortkasta. Juridiske verkemiddel då? Utvalet konstaterer at knapt nokon hugsar Giske si kulturlov frå 2007. Dei foreslår likevel ei forsterking av denne lova. I tillegg vil dei ha kultur inn i den nye plan- og bygningslova. Tja?

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Kommunane må ta grep

For å gjenreise den kulturelle grunnmuren trengs det først og fremst ei kraftig omprioritering i dei kommunale kulturbudsjetta. Dette må kommunane sjølve gjere. Meir kommunale midlar til grunnmuren inneber mindre pengar til idretten, som no har 30 pst. av dei kommunale kulturbudsjetta. Den kulturelle grunnmuren kan aldri byggjast opp til det nivået Engerutvalet tenkjer seg, utan at idrettens del vert redusert. Då vert det maktkamp. Når idretten mobiliserer, er kulturen sjanselaus. Eg trur utvalet har skjønt dette, og at det blant anna er derfor dei har lansert omgrepet «ytringskultur». I dette ligg ei klar avgrensing mot idretten.

Når idretten mobiliserer, er kulturen sjanselaus.

Georg Arnestad, kulturforskar

Utvalets analyse av lokalkulturen og forslaget om å styrke den kulturelle grunnmuren har vorte møtt med brei forståing i kulturlivet. Men staten kan ikkje av den grunn tukle med det kommunale sjølvstyret. Kommunestyra bestemmer. Og i mange norske kommunestyre har idretten vetorett.

På den andre sida: Nysatsing på folkebibliotek, fritidsklubbar, kulturskular og frivillig kulturarbeid kan for enkelte framstå som eit forsøk på å gjenreise 1970-åras grunnmur 40 år på etterskot. Treng ein kulturell grunnmur av 2014 eit anna fundament?