Hopp til innhold

Vaksen albinospekkhoggar sett for første gong

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein heilt kvit spekkhoggar oppdaga utanfor kysten av Russland har fått tilnamnet Isfjell av forskarane.

Ein heilt kvit vaksen spekkhoggar er observert av forskarar utanfor kysten av Kamtsjatka i det austlege Russland.

Det var russiske forskarar frå universitet i Moskva og St. Petersburg som observerte den kvite spekkhoggaren på eit forskingstokt utanfor Kamtsjatka.

Kvalen fekk raskt tilnamnet «Iceberg», eller «Isfjell», då forskarane fekk auge på den svært uvanlege to meter høge kvite ryggfinnen hans.

Kvite kvalar er ikkje heilt uvanleg, men dukkar opp frå tid til annan hos ulike artar. Men dette skal vere første gong ein ser ein vaksen kvit spekkhoggar.

Veit ikkje kvifor han er albino

– Vi har tidlegare sett to kvite spekkhoggarar i Russland, men dei har vore unge. Dette er første gong vi ser ein vaksen kvit spekkhoggar, seier kvalforskar Erich Hoyt til BBC News.

Hoyt er ein av leiarane i Far East Russia Orca Project (FEROP), og forskar ved Whale and Dolpin Conservation Society.

Hoyt fortel at spekkhoggaren har ein fullvaksen to meter høg ryggfinne, som betyr at han er minst 16 år gammal.

Kvit spekkhoggar

Spekkhoggaren Isfjell er lett å kjenne att på den kvite ryggfinnen som ragar 2 meter i vêret.

Foto: E.LAZAREVA / NTB/Scanpix

– Men kvalen kan også vere eldre enn dette, då ryggfinnen ser ut til å vere ganske istykkerriven, seier Hoyt.

Årsaka til den uvanlege fargen er enno ikkje kjent, men frå ein kvit spekkhoggar i fangenskap er det kjent eit genetisk syndrom kalla Chediak-Higashi som gir delvis albinisme saman med ein del andre medisinske komplikasjonar.

Albinospekkhoggeren «Iceberg»
Foto: Far East Russia Orca Project / Far East Russia Orca Project/Bulls

Held seg til mamma

Spekkhoggaren Isfjell lever i ein familieflokk med 12 slektningar saman med blant anna mora si.

– Vi veit at fiskeetande spekkhoggarar held seg til mora si ut livet, og så langt vi kan sjå er han rett bak mora si, med dei som mest sannsynleg er brørne ved si side, fortel Hoyt.

Isfjells flokk er ein av 61 spekkhoggarflokkar som er registrert av forskarane i FEROP.

FEROP-forskarane leiter no etter vitskapleg bevis for at flokklevande spekkhoggarar som lever av fisk, er ein annan art enn gjennomreisande spekkhoggarar som jaktar på marine pattedyr som sel.

– Konklusjonen vil ha store konsekvensar for bevaring av artane. Viss vi kan vise at dei er to ulike artar, som mange trur at dei er, vil kvar art behøve ein eigen bevaringsplan med potensielt større fordel for begge artar, fortel forskar Olga Filatova i ei pressemelding.

– På mange måtar er Isfjell eit symbol på alt som er reint, vilt og ekstraordinært spennande ved alt som ventar på å bli oppdaga der ute i havet, seier Hoyt.

–Utfordringa er å halde havet sunt slik at slike overraskingar alltid er mogleg, seier han.