Hopp til innhold

Slik sløkkjer du ikkje brann i frityrgryta

Programleiarane heller vatn på brennande olje i siste episode av ”Ikke gjør dette hjemme”. Sjå kvifor du absolutt aldri bør gjere dette heime.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brann i frityrgryta er ingen spøk, og alle har forhåpentlegvis høyrt at ein slik brann aldri skal sløkkjast med vatn.

Vatn er faktisk det siste du skal ha i ei gryte med brennande olje.

Likevel er det nettopp dette programleiarane Rune Nilson og Per Olav Alvestad gjer i fjerde og siste episode av ”Ikke gjør dette hjemme”.

Legg lok på brannen

For ordens skuld: Det du skal gjere dersom det oppstår i frityrgryta heime på kjøkenet ditt, er å dekkje gryta med eit lok.

Når du gjer dette hindrar du tilgang på oksygen, som er ein nødvendig ingrediens i ein brann, og elden vil då døy ut av seg sjølv.

Etter at programleiarduoen har demonstrert ei forskriftsmessig sløkking, trekkjer Alvestad frityrgryta tilbake på plata for å sjekke korleis det går dersom ein prøver den mindre smarte sløkkjemetoden, nemleg med vatn.

Det er skremmande å sjå effekten av å helle vatn på oljegryta, flammane står i taket, og ingen bør vere i tvil om at dette ikkje er noko ein bør gjere heime.

Dette er langt frå den første brannen i ”Ikke gjør dette hjemme”-huset.

Her kan du få eit gjensyn med det eksploderande primusapparatet frå første episode:

Må flykte

Vatn har som kjent større tettleik enn olje, noko som gjer at vatnet søkk ned på botnen av frityrgryta der det raskt blir varma opp til damp.

Den lette vassdampen vil så ”sprengje” seg veg gjennom oljen slik at brannen blir spreidd på katastrofalt vis.

Nettopp dette får programleiarduoen erfare, før dei må flykte frå huset.

Gjekk du glipp av episoden der gutane fyrer opp rakett i stova? Sjå klippet her:


Sjå "Ikke gjør dette hjemme - episode 1

Sjå "Ikke gjør dette hjemme - episode 2

Sjå "Ikke gjør dette hjemme - episode 3


Strutseegg i mikroen


Fjerde episode byr også på ei smørbrødliste av andre eksperiment før programleiarduoen må flykte frå den brennande frityrgryta.

Du får sjå korleis det går når egg i varierande storleik blir kokt i mikroen, programleiarane testar ut kva som skjer når ein pluggar mange skøyteleidningar på same stikkontakt, og dei lagar røykbomber av det dei finn i kjellaren.

Programleiarane testar også ut om ein gjeng 4-åringar verkeleg er i stand til å rive ned huset, og kårar kjøkenapparatet som kan utføre flest oppgåver i finalen av elektrocup-en.

Fekk du sett då gutane testa ut zalo i oppvaskmaskina? Sjå klippet her:

Sjå Ikke gjør dette hjemme på NRK1, torsdag klokka 19:45.