Vanskane med mykje av den fornybare krafta som vind, bølgjer, sol osb. er nemleg at den ikkje er stabil nok. Sjølv på Utsira, som i gjennomsnitt berre har tre-fire vindstille dagar i året, bles det ikkje nok til å sikre jamn og god spenning til brukarane heile tida. Difor vert oftast det vanlege, faste straumnettet brukt som "back-up" til mange av vindmøllesystema i dag.

Elektrolysøren lagar hydrogen. Foto: Rune Solevåg.
Men på Utsira skal back-upen vere hydrogen som møllene også klarer å lage på vindsterke dagar. Når det bles godt, produserer nemleg møllene nok straum både til dei ti husa og til ein elektrolysør som lagar hydrogen ut frå vatn og straum. På den måten vert vindkrafta rett og slett lagra på ein hydrogentank.
Vekslar automatisk

Jørgen C. Arentz Rostrup er direktør for fornybar energi i Hydro. Foto: NRK
Så i svartestilla og når vinden løyar, skal det nye systemet på Utsira veksle automatisk over til hydrogenet. Hydrogenet frå tanken vert leia til ei brenselcelle eller ein motor som driv ein generator som igjen lagar elektrisk straum til husa. - Slik vert det eit sjølvforsynt og stabilt system berre ved hjelp av vindkrafta, og eit system som forureinar minimalt, forklarar Jørgen C. Arentz Rostrup. Han er direktør for fornybar energi i Hydro og har satsa 40 millionar kroner på Utsira-prosjektet.
- Det å bruke vindkraft er ikkje nytt, heller ikkje det å bruke hydrogen til å lage energi er nokon ny tanke, men det er måten vi set dette saman på i eit fullskalaforsøk, som er heilt nytt. Hydro har sett av 2 år til prøveprosjektet på Utsira som vert formelt opna i juli.
- Vi har lyst til å vise at det er mogleg også reint teknologisk i dag å produsere energi så reint som dette. Berre dei neste 20-30 åra er det forventa ei dobling i etterspurnaden i energi, og om vi då får ei tilsvarande dobling i Co2 utsleppa, seier det seg sjøv at dette ikkje er ei berekraftig utvikling, seier Rostrup.
Hydrogenbilar og vind

Medarbeidarane til NRK i Hydrogenveien. Foto: Rune Solevåg.
Hydro ser òg føre seg at systemet kan nyttast i mange av dei andre små utkant-samfunna som finst til dømes i EU.
- Berre i EU finst det omlag 10 tusen øyar omtrent tilsvarande som her på Utsira, og vi har tru på at eit slik vind- og hydrogensystem kan fungere som ei sikker og stabil straum-kjelde på slike stader. I tillegg er dette ein måte å lagre den fornybare energien på, slik at allereie eksisterande vindmøllesystem rundt om i verda kan få lagra meir av vinden som dei ellers ikkje kan utnytte godt nok, forklarar Rostrup. Han ser òg føre seg at i framtida kan og fyllestasjonar for hydrogenbilar verte kobla til dei same møllene, slik at ein også produserar motorkrafta til køyretøy ved hjelp av vind og fornybar energi. Hydro har allreie fyllestasjonar for hydrogenbilar på Island.
Postive på Utsira

Dei som bur på Utsira er positive til vindmøllene. Foto: NRK.
- Berre postivt spør du meg, spennande å vere med på noko nytt, seier Sølvi Austrheim når vi ringer på døra og spør. Ho bur i eitt av dei ti husa som i løpet av sommaren skal koblast opp mot det nye vind- og hydrogensystemet.
- Også får vi litt billegare straum, og det er miljøvenleg seier Gunn Hilde Austrheim i nabohuset. Ho er ikkje redd for at systemet skal verte ustabilt og gi blafrande pc-skjermar sjølv i prøveperioden.
Også på kommunehuset på Utsira vert det stadfesta at dei omlag 200 som bur på Utsira har vore svært postive til prosjektet. I prinsippet kunne dei to vindmøllene gitt straum til alle hustandane i det vesle øysamfunnet, men førebels er det altså berre ti som skal vere prøvekaninar når snora på verdast første vind- og hydrogenanlegg vert klipt i juli.
Sjå heimesida til Utsira kommune.
Les om prosjektet hjå Hydro.
Sjå videoen om
eller Utsira (breiband).
Sendt i Schrödingers Katt torsdag 22. april 2004.