Hopp til innhold

Hjernen - sjefen for nervesystemet

100 milliardar nerveceller har vi i hjernen vår. Det er mange celler. Heldigvis treng vi ikkje å tenkje så mykje på dei.

Blå hjerne og forgreina nervecelle
Foto: SCANPIX / SCANPIX

Vi blir heile tida ”bombardert” med synsintrykk, lyd, smak, lukt og berøring. Samtidig skal vi tenkje og vise kjensler, og vi skal styre åtferd og rørsler. Då er det godt at vi har eit nervesystem til å hjelpe oss.

Nervesystemet til mennesket består av sentralnervesystemet – hjernen og ryggmargen – og det perifere nervesystemet – nervane i resten av kroppen. Sentralnervesystemet er ”kommandosentralen” som tek imot signal frå det perifere systemet, omarbeider signala og sender ut nye ”kommandoar”. Nervecellene (nevrona) i begge desse systema består av ein cellekropp med kjerne, og av greiner som strekkjer seg ut frå denne kroppen. Greinene er av to typar:

  • Dendrittar, som tek imot innkomande signal frå andre nerveceller
  • Akson (også kalla nevrittar), som sender signal ut frå cellekroppen og vidare til andre celler. Aksona kan vere svært lange, over 1 m i nokre tilfelle.

Ein menneskehjerne (vaksen person) veg knapt 1,5 kg og inneheld ca. 100 milliardar nerveceller (nevron). Kvar av cellene kan vere kopla til rundt ti tusen andre, så det er snakk om eit kolossalt nettverk, der små elektriske signal blir overførte gjennom koplingspunkta, synapsane. Alt dette er med på å styre ”tankar, ord og gjerningar”.

Litt av eit byggjesett

Hjerne på vektskåla

Hjernen, verd si vekt i gull - minst.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Vi kan dele hjernen inn i tre hovuddeler

  • Hjernestammen
  • Veslehjernen
  • Storhjernen

Desse houvuddelene er igjen inndelt i mindre deler og område som har ulike funksjonar:

Hjernestammen er overgangen mellom ryggmargen og hjernen, og bind saman høgare senter i storhjernen og midthjernen med veslehjernen og ryggmargen gjennom buntar av nervefiber. Hjernestammen består av den forlenga margen, hjernebrua og midthjernen. Desse områda i hjernestammen står mellom anna for kontroll av pust, hjarterytme og blodtrykk.

Veslehjernen (cerebellum) ligg under den bakre delen av storhjernen, og bak hjernestammen. Den er også inndelt i to halvdeler, og har borkstruktur som liknar den hos storhjernen. Her ligg senter som kontrollerer og koordinerer rørsle, balanse og kroppshaldning, og som samordnar dette med impulsar frå sanseorgana. Skadar på veslehjernen kan gi rykkvise, ukontrollerte rørsler og likevektsforstyrringar.

Storhjernen (cerebrum) fyller det meste av kraniehola, og har ei sterkt folda overflate. Denne hjerneborken får dermed eit stort areal, 1500-2000 kvadratcentimeter. Hjerneborken består av eit ca. 5 mm tjukt lag av grå substans, dvs. eit område med mange nerveceller (ca. 20 milliardar), medan den kvite substansen under hjerneborken for det meste inneheld nervefiber. Foldane i storhjernen viser seg som fòrer og spaltar. Mellom desse, bølgjer overflata seg opp som vindingar. Den største spalten deler storhjernen i to halvdeler (hemisfærer), høgre og venstre hjernehalvdel, som er bundne saman av ei tjukk plate av nervefiber.

Djupareliggande system

Madame Marie Curie, polsk-fransk fysiker og kjemiker (1867-1934).

Kvinne med vitskapeleg hjerne.

Foto: Scanpix / Scanpix

I det indre av hjernen, omkransa av dei to hjernehalvdelene, ligg ei rekkje strukturar med ulike oppgåver og funksjonar. Dette kan vi kalle den djupare delen av hjernen. Her ligg mellom anna

  • Hippocampus, eit område inne i kvar av tinninglappane som er viktig for korttidsminnet og som fungerer som ”kartotek” for minne lagra i andre deler av hjernen.
  • Thalamus, kjerner av grå substans, er ”omkoplingsstasjon” for all informajon som skal til hjerneborken frå lågare deler av sentralnervesystemet.
  • Hypothalamus, overordna kontrollorgan for det autonome nervesystemet (det som styrer aktiviteten i glatt muskulatur og kjertlar, dvs. blodårane og innvollsorgana). Her ligg og ”termostaten” som styrer kroppstemperaturen, og vi finn og den biologiske ”klokka”, som styrer den indre døgnrytmen vår.
  • Hypofysen, ein bønnestor kjertel som produserer viktige hormon som styrer ulike prosessar, f. eks. veksthormon
  • Det limbiske systemet, ulike strukturar som er kopla til sinnstilstand og kjensler som frykt, aggresjon og fluktreaksjonar.

Hjernelappane

Med nokre av fòrene som meir eller mindre skarpe grenser, kan ein dele kvar hjernehalvdel inn i fire lappar.

  • Pannelappen utgjer den fremste delen av hjerneborken. Her finn vi senter som tek seg av viljestyrte rørsler og koordinering av komplekse rørsler, her er område som styrer deler av talefunksjonen, tenkje- og læreevner, forstandsaktivitet, planlegging, kjensler og problemløysing, og korttidsminne.
  • Tinninglappen ligg på kvar side av storhjernen. Den er knytt til sanseoppfattingar og bearbeiding av desse, og til høyrsle, talefunksjon og minne.
  • Isselappen ligg bak pannelappen og over tinninglappen. Den er knytt til impulsar som har med berøring, trykk, temperatur og smerte å gjere.
  • Bakhovudlappen ligg lengst bak i storhjernen, nedanfor isselappen og bakanfor tinninglappane. Mellom anna eit viktig område for det som har med synsinntrykk å gjere.

Funksjonar

Edvard Grieg

Mann med musikalsk hjerne.

Foto: Evard Grieg Museum Troldhaugen

I tillegg til å dele inn hjerneborken i lappar ved å følgje dei”naturlege” grensene som fòrene og spaltane utgjer, kan ein og dele hjerneborken inn etter funksjonar. Ein vil då finne område, såkalla borksenter, som styrer syn, høyrsle, språk osv. Storleiken på borksentera avspeglar den funksjonelle betydninga. Hos mennesket er f.eks. hendene og tunga repesentert i relativt store område i hjerneborken.

Den venstre hjernehalvdelen er rekna som sete for logisk og analytisk tankeverksemd og praktiske funksjonar, som det å snakke, medan den høgre halvdelen er sete for romoppfatting, intuitiv tankeverksemd og fantasi, dvs. meir kreative evner.

Nokre av nervebanene kryssar frå den eine sida til den andre, slik at område i den eine hjernehalvdelen styrer funksjonar i kroppshalvdelen på motsett side. Om vi får ein skade på venstre sida av hjernen, kan musklane på høgre sida av kroppen bli lamma. Sidan senteret som styrer taleevna ligg i den venstre hjernehalvdelen hos dei fleste, vil skadar her kunne føre til afasi – dvs. at ein meir eller mindre misser evnen til å snakke. Hos slagpasientar er dette ofte tydeleg.

Andre hjernefakta

Gullfisk

Gullfisken, stakkar, har ikkje så stor hjerne, men klarar seg på sett og vis likevel.

Foto: LIU Jin / Scanpix/AP

Nervecellene i hjernen har stort behov for oksygen, så sjølv om hjernen utgjer berre 2% av den totale kroppsvekta, går 15-20% av blodstraumen frå hjartet dit, og i kviletilstand brukar hjernen 20% av av den totale oksygenmengda i kroppen.

Hjernen har flest celler ved fødselen, men sjølv om celletalet blir redusert med alderen, kan mange vere ”klare i toppen” til dei er langt over 100 år.

Sjukdom, løysemiddel, rusmiddel o.l. kan påverke nervecellene i hjernen, og i verste fall gi varige skadar.

Uendeleg stor lagringsplass

Hjernen blir aldri full, så det er ikkje for seint å lære noko nytt. Det kan tvert i mot vere god hjernetrim å prøve seg på nye oppgåver, f.eks. lære framande språk, eller lære å spele eit instrument. Om ein utfører små, daglegdagse oppgåver på ein annan måte enn vanleg, kan til og med dét vere med på å trimme hjernen: Prøv å skrive med den andre handa, gå ein annan veg til jobben, gå baklengs opp trappa. I slike tilfelle må hjernen ”omprogrammerast” litt; signala går ein annan veg, og det blir danna nye koplingspunkt mellom nervecellene. Det er som med resten av kroppen: ein aktiv hjerne fungerer betre enn ein som får kvile seg for mykje.

Og om du skulle lure på det: hjernestorleiken er ikkje avgjerande for kor smart du er.

Kjelder: Per Brodal: Sentralnervesystemet: bygning og funksjon (Tano, 2000).

Store Norske Leksikon (snl.no)