Hopp til innhold

Måløybrua kan få sin eigen app

17-åring samlar inn pengar for å finansiere ein app med direkterapportering av vindstyrken på brua.

Måløybrua før stormen "Urd"

STORM PÅ MÅLØYBRUA: Når vinden kjem opp til 32 meter i sekundet vert brua stengd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Måløybrua ligg verutsett til og må stengast når det er for mykje vind. For å halde kvarandre oppdatert er det mange som nyttar Facebookgruppa «Vind på Måløybrua». Der deler medlemmane informasjon om statusen på brua.

Skjermdump frå Facebookgruppa "Vind på Måløybrua"

FACEBOOKGRUPPE: Her deler medlemmane informasjon om status på brua.

IKT-lærlingen Sebastian Fløysand Kvalheim kjem frå Måløy. Han meiner den eksisterande løysinga er tungvint og såg behov for noko nytt. No har han starta ei innsamling for å finansiere ein eigen app for Måløybrua.

– Måløy er veldig verutsett og å få ut informasjon om tryggleik på ein enkel måtar skadar ikkje, fortel han.

Appen vil vise den same informasjonen som ein no finn på målarar ved endane på brua.

Gratis app

Målet er at appen skal vere tilgjengeleg for gratis nedlasting til mobil. For at dette skal vere mogleg nyttar Fløysand Kvalheim crowdfunding via nettstaden Spleis.no for å finansiere utviklinga av appen.

– Crowdfunding går ut på at dei som ynskjer det donerer så mykje eller så lite pengar som dei vil, seier Sebastian Fløysand Kvalheim.

Han har allereie engasjert utviklarar som kan lage appen.

– No har me samla inn 3500 kroner. Me trenger 10000 kroner for å lage appen, fortel han.

Sebastian Fløysand Kvalheim

INITIATIVTAKAR: Sebastian Fløysand Kvalheim, skuleelev og IKT-lærling.

Nokon må ta ansvar

– Når ikkje det offentlege tek ansvar så må nokon andre gjere det, seier Sebastian Fløysand Kvalheim.

Han meiner ein liknande app burde ha vore tilgjengeleg for lenge sia.

– Eg trur appen vil gjere kvardagen meir effektiv for bedrifter som nyttar brua, bussar, taxi og privatpersonar som skal på skule og jobb, fortel 17-åringen.