sjekkar skavl
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Skredobservatøren

Når Jan Helge Aalbu er på skitur studerer han snø med lupe. Det må til for å lage snøskredvarselet som skal redde liv i vinterfjellet.

Jan Helge Aalbu har vaktsame auge på dataskjermen, der han skrollar gjennom vêrvarselet for dei siste par dagane.

Han er ein av skredobservatørane som samlar informasjon til skredvarselet på varsom.no. Dei kan meir om snø, vind og vêr enn dei fleste av oss. Det må dei, for dei jobbar for at ingen liv skal gå tapt i vinterfjellet.

Dei siste ti åra har 62 menneske har mist livet når dei var på tur. Nokre var på ski i bratte fjell, medan andre hadde ingen planar om å opphalde seg i farleg terreng.

– Det ser ut som at det verste skredproblemet i dag er lag av nysnøen som har komme dei siste dagane som er ustabilt. Så eg må finne ein plass eg kan oppsøke den, og sjå om det framleis er eit problem at den losnar, seier Jan Helge Aalbu, og peikar ut eit område på kartet på skjermen.

Det er fyr i peisen og stille i huset. Barna er i barnehagen, og sjølv skal han også snart på jobb. Gjennom kjøkenglaset ser han rett ut på fjella, der morgonsola har begynt å farge toppane raude.

Snart flyttar han kontoret ut av huset, og opp dit. Der snøen ligg.

Skredvarselet som reddar liv

Ein halvtime seinare lagar dei breie skia svusjelydar når dei bryt laussnøen. Dei tek han til fjells for å undersøke alt frå små snøkorn til skavl.

Samstundes, over heile landet, gjer ti-femten andre det same som geologen Jan Helge Aalbu.

Skredobservatørane gjer jobben som datamaskiner og satellittar ikkje kan gjere, og samlar informasjonen som må til for å lage skredvarselet. Nokre jobbar for vegvesenet, og andre for NVE.

Før 2009 lagde ingen offentleg etat i Norge skredvarsel. Norges energi- og vassdragsdirektorat fekk ansvaret, og i 2012 vart varsom.no til.

Og no er kanskje behovet større enn nokon gong. Frikøyring er blitt ein ny folkesport, og både unge og eldre vil ut av dei preparerte løypene.

Sjekkar værmelding

UTSIKT: dagen startar ved vindauget med utsikt mot fjella. Ein dag eller to i veka har Jan Helge Aalbu kontor på fjellet, for å gjere dei grundige undersøkingane som er basisen for skredvarselet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ekte snønerdar brukar lupe

I skoggrensa under Kambafjellet i Sogndalsdalen pirkar Aalbu i snøen med staven, og kjenner på motstanden i laussnøen. Staven søkk lett gjennom dei første femten centimeterane.

– Det er laus og fin nysnø i toppen, og litt fastare snø som er påverka av vinden under. Så kjem eg ned uvêrssnøen frå jula, der det var regn som no har fryst igjen. Det laget er veldig hard og fast, kommenterer han.

Han tek opp ei handfull av det øvste snølaget i votten. Løfter den heilt opp til ansiktet og studerer overflata, ja, det er kanskje eit lite rimlag der. Vêret er klart og kaldt, rundt 15 minus som bit i kjakane.

Rimlaget kan bli eit problem seinare. Om det kjem snø oppå rimlaget, kan dei store krystallane danne eit ustabilt lag.

– Men ser du rundt trea der, dei snøkjeglene? Det er eit teikn på at snøen har sett seg. At den har stabilisert seg litt. Eit godt teikn.

Snøkorn med lupe

SMÅTT: Skredobservatørane brukar lupe for å sjå korleis snøkorna ser ut. Er dei grove eller fine? Har vinden slipt av armane på krystallane? Alt kan ha noko å seie for stabiliteten i snødekket.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Aalbu tek telefonen ut av lomma på skaljakka og knipsar nokre bilde. Eit par småskred som har losna naturleg i nokre bratte heng dokumenterer han, og den strålande blå himmelen og sola som skin på dei avblåste toppane kring dalen.

Med eit par trykk på skjermen på smarttelefonen, som sjølvsagt har eit ekstra kraftig deksel for å beskytte den mot vêr, har han lagt inn informasjonen mobilappen regObs.

Ein augneblink seinare hamnar dei på skjermen hos ein mann som sit fire-fem mil i luftlinje vekke, i Jostedalen.

Vil lære folk å kjenne att fareteikna i terrenget

På Jostein Aasen sin dataskjerm tikkar observasjonane til Jan Helge Aalbu inn.

Han er skredvarslar for NVE, og ein av dei fire som utarbeider skredvarselet for heile landet denne dagen. Denne veka sit han på kontoret sitt i Jostedalen. Når han ikkje skriv skredvarsel, er tindevegledaren som regel ute i fjellet. Han er den i landet med flest turar på norges tredje største fjell, Store Skagastølstind i Hurrungane, Jotunheimen.

Jostein Aasen

SKREDVARSLAR: Jostein Aasen er ein av dei som forfattar skredvarselet på varsom.no.

Foto: privat

Men no er tankane på Storen langt vekke, dei er fokusert på karta på skjermen framom han.

– Eg sit med eit kartverktøy der alle aktuelle observasjonar kjem inn, både frå observatørar og frå vêrstasjonar. Ut ifrå desse dannar eg meg eit bilde av nosituasjonen i snødekket, fortel Aasen.

NVE får også inn observasjonane du som turgåar legg inn på regObs. Dess meir informasjon dei får, jo meir presise blir varsla dei lagar.

Kvar morgon når Aasen og dei andre varslarane startar på jobb, får dei ein oppdatering på vêrsituasjonen i fjellet frå meteorologane. Nedbør, vind og kor høgt opp til fjells det kjem regn, alt dette påverkar lagdelinga i snøen.

Skredvarslarane tolkar observasjonane dei får inn frå fjellet og vêrvarselet, og fører inn tolkinga på varsom.no. Ein skala frå ein til fem seier oss kor stor faren er:

faregradskala for snøskred

SKALA: faregraden som blir oppgitt er den høgste forventa faregraden som gjeld for eit areal av minimum 100 kvadratkilometer i varslingsområdet for eitt døgn. Om det er stor variasjon av faregrad innanfor området, blir det presisert i varslingsteksten. Faregraden skildrar sannsynet for snøskred i eit stort området, og kan ikkje brukast i enkeltheng, skriv NVE på varsom.no.

Foto: NVE

Men du kan ikkje berre kike på talet når du skal sjå på varselet, fortel Aasen.

Det viktigaste dei gjer er å prøve å definere skredproblemet, altså kva type skred som kan gå. Ulike typar problem må folk stelle seg ulikt til, forklarar han.

– Her til dømes, er eit vanleg skredproblem, seier han og peikar på kartet på skjermen der han har merka eit område i Indre Sogn.

– Eit nedføyka lag med nysnø som kan danne nysnøflak. Det er den vanlege skredproblemet etter mykje nedbør og vind.

Målet med skredvarslinga er at ingen skal miste livet i fjellet. Men varselet, uansett kor detaljert det er, er ingen fasit, poengterer Aasen. Skredvarslarane analyserer region for region, men lokalt kan det vere variasjonar.

– Skredvarselet er eit verktøy vi kan bruke for å oppnå at ingen mister livet på tur. Men alle må lære seg å sjølv kjenne skredproblema igjen i terrenget.

Kjenne terrenget

I det fjerne stikk Hurrungane i Jotunheimen opp, spisse, snødekte toppar mot klarblå himmel. Det er ikkje eit vindpust å høyre, det einaste som lagar lyd er spaden til skredobservatøren kvar gong han skjer igjennom snøen.

For kvart tak kjem når spaden lenger ned, igjennom laga av nysnø, skare og den hardare og grovare snøen frå romjula. Har grev ned for å sjå på eit utsnitt av snøen.

Snøprofilen skal vere om lag ein meter brei, og i alle fall ein og ein halv meter djup.

– Eg grev ein eller to slike på kvar tur. Så det blir litt snøgraving ja. Det er god trening, då, slår Jan Helge Aalbu fast.

Det er jobben hans som geolog og skredobservatør å vere god på å kjenne fareteikn i terreng og snødekke. Det han gjer når han er ute, er eigentleg det alle som vil vere ute i bratt terreng må lære seg å sjå etter.

– Du kan til dømes lytte etter drønnelydar i snøen under skia. Og legge merke til kva retning snøen har blåst, og sjå i etter leheng der den har lagt seg, fortel Jan Helge Aalbu.

Det viktigaste er å kjenne att skredfarleg terreng. Det er til dømes område som er brattare enn 30 grader, og utløpssoner for skred. Når Jan Helge Aalbu er på jobb må han unngå slike område, det er for stor risiko å ta når ein er ute aleine i fjellet.

For å få eit ekstra godt innblikk i snødekket, kan du grave i snøen og leite etter historia som vêret som har vore lèt etter seg seg som skredobservatørane gjer.

I dag er snøen i toppen kald, nærare 15 minusgrader, fortel det vesle termometeret Jan Helge Aalbu stikk inn i det øvste laget. Ein halvmeter lengre ned er det null grader. Fukta kan stige og danne eit skarelag lenger oppe i snødekket, difor er det viktig å følgje med på, fortel Aalbu.

Han sagar laus ei blokk av profilen og legg spaden forsiktig oppå. Han slår først tre svake slag med handa frå handleddet. Ingenting skjer. Neste slag er hardare, han let heile armen frå olbogen til handa dette ned på spaden.

Tre gonger slår han, før ein liten del av blokka sklir ut.

– Dersom det var veldig ustabil snø no ville det nok losna over heile søyla. Eg trur nok faregrad to som var meldt i dag stemmer ganske godt. Ein skiløpar hadde ikkje klart å løyse ut dette laget.

Nordmenn kan meir om snøskredfare

Skredvarslar og tindevegledar Jostein Aasen bruker mykje av tida si i fjellet.

Det er det også mange andre som gjer. Mange vil køyre ski i laussnø, gå på toppar og sette svingar der få har gjort det før dei.

No byrjar kunnskapen om skred å auke på med interessa for skikøyring, meiner Aasen.

Erlend Sande

REDAKTØR: Erlend Sande er redaktør av skimagasinet Friflyt og boka Trygge toppturar.

Foto: privat

– Det har vore ei voldsom betring dei siste åra. Det er auka fokus på skredfare og korleis vi skal stelle oss til det. Det hender vi opplever at folk set seg i farlege

situasjonar. Då er det som regel på grunn av manglande kunnskap.

Etter fjorårets vintersesong summerte opp NVE at skredvarslinga på varsom.no har vore med å redde liv.

Erlend Sande har i mange år sett utviklinga i skimiljøet gjennom redaktørauge for skimagasinet Fri Flyt, og som skikøyrar sjølv. Han trur også skredvarslinga har vore viktig for å betre kunnskapen om å ferdast trygt i vinterterreng.

– Det er mange diskusjonar om skredkunnskap frå alle område der folk driv med skikøyring. Veldig mange går på skredkurs, og eg har inntrykk av at folk oppfattar skredkunnskap som ein ganske obligatorisk del av det å drive med skikøyring.

Mobilapp varsom

APP: På varsom sin app kan du velje området du skal på tur, og lese om skredproblema du må sjå etter i det området.

Foto: Varsom

Interessa for frikøyring syner att i bokhandlane. Der står bok på bok med toppturforslag frå heile landet.

Før jul kom også boka «Trygge toppturar» inn i hyllene, som Erlend Sande er redaktør for. Med seg har han Espen Nordahl, prosjektleiar for kompetansesenter for snøskred ved Norges Arktiske universitet i Tromsø (UiT).

Dei vil ta fokuset over på korleis du kan førebygge snøskred ved å unngå farleg terreng.

– Det er greitt at dei som vil køyre bratt på ski held på med det. Det som er dumt, er om folk virrar seg ut i bratt terreng utan at dei ynskjer det, meiner redaktøren.

Mange nye toppturentusiastar har lyst å ha opplevinga av å gå på toppen av eit fjell og køyre ned igjen, utan å nødvendigvis ville vere ekstremsportutøvarar eller snøskredekspertar.

Dei tykkjer kanskje det er litt skremmande, og treng litt hjelp til å komme i gang med å gå på tur på eiga hand, seier Sande.

Jobben dei har gjort med å finne turar som går i trygt terreng kan vere med å redefinere kva folk tenker på som klassikarane, trur Sande og Nordahl.

– I nokre område er det mykje som er forholdsvis trygt, med slake oppstigingar til toppane. Som i Jotunheimen. Medan andre plassar, som kring Hjørundfjorden på Sunnmøre som er veldig populært, er stort sett alt for bratt til å vere med i ei slik bok.

Belønninga

Januarsola står lågt på himmelen, og att i skavlen i Sogndalsdalen viser snøprofilen at ein ekte snøskrednerd har vore på ferde. For han er ein snønerd, innrømmer Aalbu.

– Eg er nok litt meir oppteken av snø enn snittet. Det hender vener ringer og høyrer korleis forholda er. Eg får jo ganske god oversikt.

Tilsvarande profilar blir greve ut i skavlar i snødekte område over heile landet. Kvar dag. Og kvar dag hamne skisser av profilane ligg no på dataa til skredvarslerane, som forfattar det livreddande og rettleiande verktøyet på varsam for alle som skal ut på tur.

– Og så er det jo ein klar fordel med denne jobben. heimturen, avsluttar Jan Helge Aalbu, og peikar tuppane nedover mot laussnøen i skogen.

Og han held seg under 30 grader, sjølvsagt. Han er trass alt på jobb.

Birgit Katrine Rustad, avdelingsingeniør i NVE, og Silje Storevik Moe, avdelingsingeniør i Statens vegvesen, viser hvordan du sjekker skredfaren selv. Reporter: Terje Gilleshammer.