


Skamma over det naturlege
Frå eg var lita jente kjempa eg mot krøllene mine. Det tok eit kvart liv før eg skjøna kor mykje viktig dei rommar.
Håret mitt har vore ein fiende så lenge eg kan hugsa.
Med ei mor frå Strandebarm i Hardanger og ein far frå Kaolack i Senegal, skjønar du kanskje snart at det ikkje er snakk om klassisk nordisk, glatt hår. Men det har eg størsteparten av livet mitt jobba for å oppnå.
Med ein hårtype som naturleg er det motsette, har det mildt sagt vore stress.
Allereie då eg var fire år drøymde eg om langt, dinglande hår.
Etter kvart oppdaga eg løysinga som gjorde meg lykkeleg. Trudde eg.
Du lurer kanskje på korleis snakk om hår kan bli noko anna enn overflatisk?
For min del har det vore ein indre strid framfor spegelen. For andre ligg det tung historie og undertrykking.
Folk i heile verda marsjerer no i hopetal for minoritetar sine rettar. Samstundes har eg oppdaga at håret mitt fortel noko om kven eg er.
Mamma var vant til å kjempa ein dagleg kamp om å få børsta håret mitt. Det var så vondt. Og jo meir eg nekta, jo meir flokete blei det.

Då første skuledag kom i 1998 var eg glad og spent.
Men dagen eg hugsar best kjem litt seinare den hausten. Håret mitt var blitt så flokete at eg måtte klippa det heilt kort.
Eg prøvde å skjula det med hue, men det var ikkje lov med hue innandørs.
"Ha ha", sa ein gut han såg den korte huesveisen min.

Eg kan le av det no i ettertid. Men det har sete spor.
Eg var eg livredd folk skulle tru eg var ein gut. Eg ville jo berre vera som alle andre rundt meg.
Vekk med krøllene
Eg er fødd og oppvaksen på Stord på Vestlandet saman med mor mi og storesystera mi.
Eg hugsar mamma og eg dansa heime i stova til tonane av Youssou N’Dour, Senegal sin største artist. Og dei afrikanskinspirerte middagane ho av og til laga.
Ho var god der. Opptatt av å tilføra det ho kunne av afrikansk kultur til søstera mi og meg.
Men dei krusete krøllene våre kunne ho ikkje gjera så mykje med.
Etter mange års kamp oppdaga eg ei løysing. Nemleg rettetonga.
200 grader varme stålplater som svir vekk alle krøllene.
«Yes!”, tenkte eg.
Svilyden skulle bli eit sikkert teikn på at eg følte meg vel.
Tss...
Endeleg kunne eg kasta på håret!
Frå eg var 14 fekk krøllene mine sjeldnare og sjeldnare sleppa til. Dei skulle vekk. Eg følte meg ikkje skikkeleg fin utan rett hår.
GODT BRUKT: Denne rettetonga var lenge min beste ven. Ho fekk køyrt seg.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKI dag takkar eg mamma for at ho gav meg motstand då eg ville dra det endå lengre enn rettetonga.
Veldig mange med afroliknande hårtypar bruker anti-permanent, eller såkalla «relaxers». Kjemiske kremar som rettar ut alle krøllene og fjernar volum.
For mange gjer det håret enklare å handtera, om den som gjer det har peiling. Det kan vera ein god måte å spara tid på i kvardagen. Men i mange variantar er det sterke kjemikaliar som i verste fall kan gi etsande sår i huda.
Alt for å glatta ut krøllene. Det er vanskeleg å henta dei inn igjen etter det. Heldigvis stod eg imot freistinga.
Men årevis med bruk av rettetong gjorde ikkje slutt på kampen mot håret. Det blei berre ein ny kamp. No mot eit tørt, pistrete hår som hadde blitt pressa inn i eit unaturleg ideal.
2009: 16 år. Å stritta håret var heilt sjølvsagt før bursdagsselskap. Den tid (og den store ferskenfarga perioden) er forbi.
2012: 20 år, på ferie i Spania. Etter kvart følte eg meg ikkje som meg sjølv utan stritt hår.
2017: 24 år. Eitt av dei siste bilda eg har av meg sjølv med stritt hår. Snart skulle alt snu.
Den første svarte prinsessa
Håret mitt var slite. Eg var òg sliten.
Kvifor skulle eg på død og liv ha heilt rett hår?
Frå fireårsalderen av elska eg filmar med prinsesser, struttande kjolar, og langt hår.
Men eg kunne ikkje kjenna meg igjen i favorittfilmane mine.
FARGERIKT: Mamma likte å kle meg i kjolar med afrikanskinspirerte mønster. Då eg blei eldre var eg rask med å velja desse vekk.
Foto: privatDen første svarte Disney-prinsessa kom i 2009. Princess Tiana.
Altså for elleve år sidan.
Men sjølv godt utpå 2000-talet skulle det ikkje vera lett for ei mørkhuda prinsesse frå verdas mektigaste medieselskap.
Disney har fleire gonger fått kritikk for korleis dei har portrettert karakteren. Mellom anna i 2018, då ho plutseleg var lysare i huda, og krøllene mindre afrikanske.
For min del, sender det signal om at typiske afrikanske trekk er mindreverdige. Jo lysare hud, jo betre.
LYSARE: Originale Princess Tiana frå 2009 (t.v.). Den animerte, lysare versjonen (t.h) dukka opp i ein trailer for del to av «Rive Rolf». Det skapa storm i sosiale medium. Disney retta seg etter kritikken og endra karakteren tilbake.
Eg har hatt ein fantastisk oppvekst med gode vener og familie. Men det er likevel spesielt å veksa opp og ikkje passa inn.
Eg tenker på heldige meg som hadde ei besteveninne som Helene i første klasse. Som tok meg i forsvar då ein gut lo av den korte huesveisen min.
Men eg tenker også på dei som har måtta kjempa ein kamp mot eit system, berre for å kunna akseptera seg sjølv.
Til dømes kan eg lesa at afroamerikanarar slit med å få seg jobb eller blir utviste frå skulen basert på hårfrisyren. Hårtypen er ofte røff og vanskeleg. «Dreadlocks» og fletter er måtar å handtera han på. Men dette blir ofte sett på som uanstendig eller uprofesjonelt.
Så igjen, kvifor skulle eg absolutt ha rett hår?
Svaret fann eg først som vaksen. Eg skammar meg over å måtta innrømma det.
Eg har følt meg litt norskare med rett hår.
Nesten 11 år hadde gått sidan eg først plukka opp rettetonga. 24 år gamle meg lét ho ligga meir og meir i skuffa.
Eg byrja å kjenna på dårleg samvit overfor den afrikanske sida av meg sjølv. Det er jo ikkje tilfeldig at eg har krøllene mine.
Eg har to land innanbords. Krøllene mine var meir enn berre hår.
Kampen motkrøllene mine byrja sakte å snu. Utan at eg visste det sjølv, var eg på veg inn i ein slags bevegelse saman med millionar av andre.
VANSKELEG: Eg tenker ofte på mamma som måtte handtera eit hår ho ikkje var vane til. – Eg var jo ikkje flink med fletter og slikt, og det var vanskeleg å få greidd det når det var så vondt, fortel ho. I dag er det eitt søk på nettet, og så dukkar det opp masse tips og triks.
Foto: PrivatSeksåringen skulle berre visst
Plutseleg var eg 25 år og hadde vore utan rettetong i eitt år. Vegen til å skulla utsetja håret for den brutale varmen igjen verka lengre og lengre.
Men ville eg nokon gong føla meg vel med det naturlege håret mitt?
Det måtte eg no finna svar på. Første steg var å bli kjent med håret mitt på nytt.
Det tok ikkje lang tid før eg kom over videoar på YouTube av folk som var på same oppdrag som meg. Dei testa produkt og viste korleis ein kunne laga ulike frisyrar som ikkje sleit på håret.
Eg fann pleiande krøllekremar tilpassa mitt hår. La vekk produkt eg hadde fått tilrådd av frisørar som ikkje kunne hårtypen min.
Likevel såg dei velpleidde og sunne krøllene i videoane uoppnåelege ut. Krøllene mine var jo i eit slags limbo etter så mange år med nedbryting.
REIRET: Slik var det naturlege håret mitt for tre-fire år sidan. Litt vage krøller heilt oppe, og slite og rett nedst. «Reiret» pleidde eg å kalla det.
Foto: Ida Yasin AndersenMen eg gjekk i gong og prøvde. Først ut var «Twist outs». Ein av metodane som skulle styla håret utan å skada det.
Eg gjorde som dama i videoen sa: smurde i krøllekrem, og tvinna to hårlokkar saman heilt ned til tuppane. Slik jobba eg meg gjennom heile håret. Eg sov med det gjennom natta.
Då eg vakna dagen etter var eg litt ekstra spent. Kjente det som reisefeber. Eg gjekk i gang og tvinna opp igjen alle tvistane.
Og for eit resultat!
Definerte, spretne krøller, utan at det øydelagde håret. Hadde berre seks år gamle meg visst kor kult håret mitt eigentleg var!
Seksåringen som følte på eit hat mot det naturlege håret. Som hadde ein intens, nesten ubeskriveleg lengsel etter den hårtypen eg såg over alt: langt, dinglande, glansfullt.
Alle eigenskapane det naturlege håret mitt ikkje hadde.
Men no var Disney-prinsessene eg elska, ideala eg hadde vekse opp med, plutseleg erstatta med noko eg kunne kjenna meg igjen i.
Me var på veg til å bli vener, håret mitt og eg.
Eitt mobilsøk, 25 millionar krølletreff
Eg gjorde meir research, blei besett av å læra meir om håret mitt. Eg leika meg meir med den naturlege teksturen, og såg betring etter ei stund med pleie.
Det kokte av innhald som handla om naturleg hår på sosiale medium. Folk med afrikanske anar hadde fokus på å framheva krøllene. Akkurat som ei skjult, men enorm verd som berre hadde venta på at eg skulle finna ho.
Utforsksida mi på Instagram var plutseleg farga av melaninrike folk som sjølvsikkert viste fram dei meir eller mindre krusete krøllene sine.
Det heile var litt rørande. Sjølvtillit og naturlege, afrikanske krøller var plutseleg verdas mest naturlege kombinasjon.
#naturalhairjourney på Tik tok.
#naturalhairjourney på Instagram.
Om du berre søker på #naturalhair på Instagram får du 25 millionar treff.
Uttrykket «Natural Hair Journey» gjekk igjen over alt.
Det var jo det eg dreiv med! Eg var på ei reise som handla om å bli glad i det naturlege håret mitt.
Alt blei plutseleg sett ord på.
Om du søker på emneknaggen #naturalhairjourney på Instagram, får du opp 1,9 millionar bilde og videoar. På Tik Tok får du 600.000 treff.
Sosiale medium er blitt ein arena for å hylla naturleg hår.
Fleire kjende personar har tatt til orde for å la håret vera som det er. I HBO-serien «Insecure», bruker manusforfattar og skodespelar Issa Rae aktivt det naturlege håret sitt som eit verkemiddel.
– Me viser verda at naturleg hår ikkje er rart – det er ingenting unormalt med det. For meg handlar det også om å representera det naturlege hår-samfunnet, seier ho til magasinet Refinery29.
NATURLEG: Issa Rae speler hovudrolla i «Insecure». Ho bruker fleire ulike frisyrar med det naturlege håret sitt. Til inspirasjon for alle dei afroamerikanske beundrarane.
Foto: Merie W. Wallace/HBO Nordic / HBO NordicEg var plutseleg ein del av ein stor fellesskap.
Det kjentest likevel litt fjernt her eg sat heime i Noreg. Alle videoane på nett var på engelsk.
Heilt til eg kom over norsk-maliske Lalla Coulibaly. Ho driv hårbloggen Krølltopp for folk med krøller av alle slag. Her deler ho også personlege historier om det å finna tilbake til røtene sine.
Hår = smerte
Då Lalla byrja på si «hårferd» for rundt seks år sidan, oppdaga ho raskt at det ikkje fanst noko informasjon på norsk, for oss nordmenn med afrikanske anar.
Ho tok saka og alle dei norsk-afrikanske krøllene i eigne hender.
I 2019 konfronterte ho Noregs største moteside, Min Mote, då dei fastslo hårtrendane i 2019: sunt, naturleg og rett hår. Alle med hår som liknar mitt eller Lalla sitt skjønar at desse adjektiva er sterkt motstridande.
Bloggen hennar har i dag rundt 6000 månadlege lesarar.
– For meg handlar alt om identitet, kultur og faktisk også politikk. Mykje av det politiske tilknytt hår har røter langt tilbake i tid, til slavetida. Det kan ikkje me relatera til i dag. Men me opplever jo ein del av ringverknadane det har gitt.
Ho har snakka med fleire med krøller som jobbar som modell. Dei får ofte beskjed om å retta ut håret eller klippa det før fotografering. I Noreg.
I likskap med meg, hata Lalla håret sitt som barn. Alt som handla om hår var smertefullt.
Det måtte mange år med kamp til før hatet snudde til stoltheit. Då byrja ho å læra seg meir om hårtypen sin.
– Denne naturlege hårreisa me er på no kjem ikkje til å døy ut om eit år. Det kjem til å bli født mange barn med krøller. Norske frisørar kan ofte ikkje håret vårt. Me som kan det har ansvar for å læra vidare.
Min mote-seansen enda med at dei publiserte ein ny artikkel for hårmotar. Denne gong om krøller. Ført i pennen av Lalla.
VANSKELEG: Lalla Coulibaly fortel at mor hennar hadde utfordringar med hennar og systera sitt hår då dei var barn. På bloggen er ho dermed opptatt av at barn og foreldre skal kunna lesa og læra saman.
Foto: PrivatVekk med skamma
Tre år har gått sidan eg la vekk rettetonga og sat meg som mål å akseptera det naturlege håret mitt.
Det er tydeleg at me er fleire som har behov for å snakka høgt om det.
Eg starta arbeidet med å fortelja om dette til deg i byrjinga av 2020. Tilfella skulle ha det til at journalist Ragnhild Aarø Njie fortalde om «Afro-revolusjonen» i D2 i februar.
Til D2 fortel forfattar og journalist Michaela Angela Davis at me no er inne i den andre bølga av «The Natural Hair Movement».
Den første var på 60-talet då afroen blei sett på som eit politisk motstandssymbol. Davis understrekar at han framleis blir det, men at bevegelsen i dag handlar meir om glede, stil og kreativitet.
Sidan eg byrja å skriva denne artikkelen har verdsbildet plutseleg endra seg drastisk. Over heile verda har folk fått auga opp for rasismen som så mange av oss har kjent til lenge.
Mange deltar i store demonstrasjonar som handlar om minoritetar sine rettar.
Det handlar også om dei meir kvardagslege tinga. Som å kunna kjenna seg igjen i det ein heile tida ser i media.
Eg har kjent ekstra mykje på behovet for å uttrykka stoltheit over etnisiteten min i det siste.
Eg ser det faktisk som mi plikt.
– Det er ein ny medvit hos svarte folk om at den naturlege utsjånaden deira er vakker. I så mange år har me blitt fortald at berre kvite folk er vakre, sa Kathleen Clever i Agnes varda sin dokumentar frå 1968.
Aktivisten sine ord er like aktuelle i dag. Folk over heile verda tar på nytt tilbake det naturlege håret, og med det også identiteten.
Og det gir håp å sjå at det nyttar.
Til dømes innførte California eit forbod mot diskriminering mot naturleg hår i 2019.
I USA såg ein at salet av «relaxers» gjekk ned 22,7 prosent mellom 2016 og 2018.
Det eg var flau over som lita, er eg i dag stolt over. Eg er knytt til to ulike kulturar som eg no føler meg klar til å utforska endå djupare.
Ingen kjenner desse to sidene av meg betre enn mamma. Kva tenker ho?
– Eg var alltid opptatt av at det ikkje var synd på deg og systera di for at de hadde krøller eller var brune i huda. Tvert imot. Kanskje dette er ei oppmoding om å omfamna mangfaldet? Fortelja ungane våre at dei er gode nok, på ein måte.
Eg kan framleis kjenna at det freistar å børsta støv av rettetonga. Følelsen av å ha langt, dinglande hår. Om det nokon gong skjer igjen, er det iallfall ikkje med avsky for det naturlege håret i botnen.
I dag omfamnar eg krøllene mine, saman med millionar av andre.
Hei!
Har du noko på hjarta eller eit tips til kva den neste saka mi bør vera?
Tidlegare har eg mellom anna skrive om damene som kjempar for likestilling i kettlebellsporten, om tidlegare ekstremist som jobbar mot radikalisering, og om Jens som oppdaga eit sjeldan talent.
Om du vil lesa meir om temaet, anbefaler eg «Når hår ikke bare er hår», eller «Ikke ta på håret mitt!»