Hopp til innhold

«Eg har fått spørsmål om brysta mine er i vegen når eg skal løfte kulene»

FØRDE (NRK): Dei er i verdstoppen i ein av verdas hardaste idrettar, men får spørsmål om brysta er i vegen når dei løftar.

ELDSJELER: Beate Støfring, Mona Brede Aase og Trine Ryland har ein brennande lidenskap for kettlebellsporten. Dei vil endre gamle tradisjonar i sporten. Neste år får dei konkurrere i NM på heimebane i Førde.

På Puls treningssenter i Førde er det kalk i lufta. Grepet må vere godt når damene skal løfte dei tunge jernkulene. Pusten deira kan høyrast godt, men dei har berre kome til oppvarminga endå.

Dei taklar godt ei hard økt, sjølv om ikkje alle har trua.

– Eg har fått spørsmål om brysta mine er i vegen når eg skal løfte kulene over hovudet, seier Beate Støfring og ler. Ho vil gjere kettlebellsporten likestilt mellom damer og menn.

Støfring, Mona Brede Aase og Trine Ryland er blant dei som starta Kettlebellmiljøet i Førde med ein brennande lidenskap for sporten.

Dei har heile vegen måtta kjempe for å kunne drive med sporten på lik linje med menn.

Mona Brede Aase på trening

DEDIKERTE: Mona Brede Aase i aksjon medan Beate Støfring tel repetisjonane. Sjølv i jula skal dei halde treninga gåande for å halde forma ved like.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Dei merkar at i det internasjonale kettlebellmiljøet er det flest menn som styrer. I 2018 har damer for første gong fått lov til å gjere ei øving som heiter long cycle i konkurransar.

Grove påstandar

– Det står blant anna at me kan få vaginale øydeleggingar, det er heilt sjukt at dei har lagt ut det der, seier Støfring.

Ifølgje Norges Kettlebellforbund, har IUKL (International Union of Kettlebell Lifting) vist til ein russisk rapport der det står om problem med at damer driv med kettlebells.

Der står det blant anna at long cycle-øvinga kan «påverke evna til å få barn, og påverke vagina som kan føre til smerte».

Trine Ryland

TØFFE DAMER: Trine Ryland er ikkje redd for ei hard økt med kettlebelltrening.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Dette er ganske grove påstandar. Det er lite kunnskap om kva som skjer med bekkenbotnen til kvinner under fysisk aktivitet. Det at kvinner ikkje skal trene hardt er ei gamal oppfatning, seier Kari Bø, rektor og professor i idrettsmedisinske fag på Noregs idrettshøgskole.

Verdskjend i miljøet

Leiar i Norges Kettlebellforbund, Karen Endresen, meiner at dei må motbevise rapporten med å halde fram med å oppnå gode resultat og vise at dei er i verdstoppen, med helsa i behald.

Ho hyller kettlebelldamene i Sunnfjord.

– Dei er heilt fantastiske og gjer enormt gode prestasjonar. Beate er verdskjend i miljøet og har vore ein viktig pioner for at kvinner skal få gjere dei same øvingane som menn, seier Endresen.

Den beste følelsen i verda

Beate Støfring

GULL: Beate Støfring har drive med kettlebells i rundt fire år. På den tida har ho hanka inn fleire gull- og sølvmedaljar i VM og NM.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Når kroppen er litt nede, og du likevel klarar heile økta, då er det den beste følelsen i verda, seier Støfring.

Ho svingar kula over hovudet ein siste gong, og pustar tungt ut, før ho set kula frå seg med eit brak.

Det er tydeleg at kettlebellsporten har gjort ho både mentalt og fysisk sterk.

– Møter eg motstand i kvardagen no, så er det enkelt å takle, seier Støfring.