Tenåringen frå Stord lagar no både ringar og øyrepynt. Til det brukar han mellom anna gamle sølvskeier.
– Først bankar eg til forma på den. Og så brukar eg ein hammar til å laga mønster, forklarer Jens Nesse (13).
Han oppdaga tilfeldig at han hadde eit stort talent innan gullsmedfaget. Det heile starta med at stordabuen var med mora si på butikken Gullsmio på Bømlo i sommar.
Får lønn
Nesse syntest det gullsmed Astrid Farestveit heldt på med såg kult ut. Då spurde ho om han ikkje ville prøva å laga noko.
– Me fann fort ut at han var litt flinkare enn som så, seier Farestveit.
Ein prøvering imponerte gullsmeden, og blei til endå fleire ringar, før ideen om eigen kolleksjon blei til.
– No har han byrja i løna arbeid fordi at han lagar så mykje fint som me skal selja i butikken, seier Farestveit.
I tillegg til å produsera til kolleksjonen, fortel sjefssmeden at kundar kjem innom butikken og leverer gammalt sølvtøy som 13-åringen lagar om til ringar.
Smelta om konfirmantringen
Etter at Nesse hadde fått laga nokre prøveringar i sølv, fekk han gammalt gull frå mora si til å smelta om. Men det var ikkje kva som helst gammalt gull, men mora sin konfirmantring.
– Det er stas å vita at ein ring eg ikkje brukar lenger, er baka inn i ein ny ring, seier Nina Meldahl Olsen, som ikkje ante at sonen hadde talent for faget.
– Men han har alltid likt å putla på med småting. Eg synest det er flott når ungdommen får prøva seg. Fleire skulle fått høve til å prøva handverk. Ein veit jo ikkje kva som bur i dei, seier ho.
Gullsmedar i fall
Kvart år blir rundt 35 personar i Noreg utdanna som gullsmedar, ifølge Noregs Gullsmedforbund.
Utdanninga blir tilbydd på vidaregåande skular i Setesdal, Fredrikstad og Oslo. Ragnvald Nore i gullsmedforbundet fortel at bransjen har vore relativt stabil dei siste 20 åra.
– Men talet på gullsmedbutikkar er blitt kraftig redusert dei siste fem-seks åra, seier han.
Ifølge han er om lag 100 butikkar lagt ned på desse åra. Han fortel at nålauga er trongt når det gjeld å få jobb som gullsmed.
– Dei fleste må kombinera det med å driva verkstad i butikkar. Mange vidareutdannar seg òg.
Han er overraska over å høyra om talentet til den unge gullsmedspira frå Stord.