Hopp til innhold

Foreldra trudde Gustav (16) berre var lat – hadde forseinka døgnfase­liding

Fleire unge kan ha udiagnostiserte søvnproblem, meiner søvnforskar.

Gustav Mæland

TRØTT: Gustav Mæland begynte å snu døgnet då han begynte på ungdomsskulen. Foreldra, og han sjølv, trudde han berre var ein «vanleg», slapp ungdom.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Eg la meg klokka to, tre eller nokre gongar klokka fire. Så måtte eg opp klokka sju igjen. Eg hadde nesten ingen energi. Eg sovna både på og etter skulen, seier Gustav Mæland.

For tre år sidan endra døgnrytmen til 16-åringen seg betrakteleg.

Guten, som vanlegvis var sosial og aktiv, fekk ikkje sova om nettene. Om morgonen var det ein kamp å stå opp.

– Det var heilt forferdeleg. Me sprang shuttletrafikk opp og ned til kjellaren der han har soverom. Me ropte og skreik i over ein time for å få han til å stå opp, fortel mora Silje Mæland.

Hadde søvnliding

Mæland og mannen trudde sonen berre var lat, slapp og avhengig av mobilen. Dei prøvde å ta frå han PC og mobil på nattetid, med likevel låg han vaken.

– Me såg at guten vår ikkje var seg sjølv. Personlegdommen hans forsvann i mangel på søvn. Det var vondt, fortel Mæland.

I ein samtale med ein kollega fekk mora høyra om tilstanden forseinka søvnfaseliding.

– Eg las eit kapittel om lidinga og tenkte «Dette er jo som å lesa om Gustav.»

To år etter sonen begynte å slita med søvnen, oppsøkte dei hjelp. Ein lege stadfesta at Gustav hadde forseinka søvnfaseliding.

– Eg burde ha skjønt det mykje tidlegare, men eg hadde aldri høyrt om lidinga før, seier Mæland.

Silje Mæland

Silje Mæland seier heile dynamikken i familien blei påverka av sonen sine søvnvanskar.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Mange utan diagnose

Elisabeth Flo-Groeneboom er professor i klinisk psykologi ved UiB og forskar på søvn.

Ho seier dei viktigaste kjenneteikna på forseinka søvnfaseliding er at døgnrytmen endrar seg så mykje at ein slit med å fungera i kvardagen.

– Ein sovnar ofte veldig seint og kan sova til langt på dag. Og så slit ein med å snu døgnet tilbake sjølv. Ein treng hjelp, seier ho.

Elisabeth Flo-Groeneboom

Flo-Groeneboom er professor i klinisk psykologi og forskar på søvn.

Foto: Privat

Årsaka er sannsynlegvis at den biologiske klokka går saktare enn normalt hos dei som har forseinka søvnfaseliding. Så mange som 8 prosent av befolkninga kan ha lidinga, fortel forskaren.

Spesielt utsette er unge mellom 13 og 25 år. Der trur Flo-Groeneboom det finst mørketal.

– Eg forstår at foreldre er redde det berre er latskap eller «normal» oppførsel for ein ungdom. Men om ein ikkje klarar å snu rytmen, uansett kor mykje ein prøver, kan det vera lurt å oppsøka hjelp frå lege, seier Flo-Groeneboom.

Fekk behandling – blei betre

Gustav Mæland fekk behandling på Bergen søvnsenter. Først forsøkte dei med lysbehandling, der han vart eksponert for lys i det han vakna.

– Første dagen skulle han sova til han vakna av seg sjølv. Då sov han til klokka 17. Det seier jo litt, fortel mora.

Neste dag skulle han stå opp ein time tidlegare. Klokka 16, så 15, 14 og så vidare.

– Behandlinga krev enormt med disiplin. Ein må legga seg på same tid kvar dag, og ein ungdom vil kanskje vera litt lenger oppe i helgene, saman med vener, seier Mæland.

Gustav Mæland

Gustav seier han har det langt betre no enn for berre eit år sidan. Han er glad for at mora fekk høyra om forseinka søvnfaseliding.

Foto: Synne Sørenes / NRK

No tar Gustav melatonin kvar kveld og sovnar langt tidlegare enn før.

– Det er dumt at unge kanskje blir stempla som late fordi dei ikkje klarar å stå opp. Det hjelper ikkje alltid med kjefting, seier Mæland.

Han er glad for at foreldra til slutt tok han på alvor.

– Det går mykje betre no, sjølv om det ikkje akkurat er lett å stå opp, seier 16-åringen.

– Men det er det vel ingen 16-åringar som syns, legg mora til.