Hopp til innhold

– Eg snubla ganske kraftig dei første åra

I går pakka Høgre-politikaren Henning Warloe ut frå kontoret sitt på Løvebakken i Oslo, etter eit svært spesielt år. – Det er litt vemodig, sjølv om det tok ei stund før eg fann meg til rette.

I går pakka Høgre-politikaren Henning Warloe ut frå kontoret sitt på Løvebakken i Oslo, etter eit svært spesielt år. – Det er litt vemodig. Eg kunne tenkt meg å vera der lenger for å bevisa meir.

SJÅ INTERVJUET: Henning Warloe var gjest i Vestlandsrevyen fredag.

Han var byråd i Bergen i seks år, og Monica Mælands høgre hand. Så gjekk turen til Stortinget, og alt blei snudd opp ned.

– Eg var i eit møte i Bergen, då telefonen min ringde. Det var politiet. Det tok fleire sekund og minutt før eg skjønte kva det dreidde seg om, fortel Warloe.

I mars i fjor blei Warloe sikta for bruk av narkotika. Han erkjente bruk, men nekta for at han hadde kjøpt dei ulovlege stoffa.

Treivst ikkje på tinget

– Eg har stort sett vore ein snill og flink gut, og har alltid vore skeptisk og litt forsiktig i bruk av rusmiddel. Men så hamna eg utfor kanten ved nokre anledningar. Fristelsen var for stor, seier Warloe.

Han erkjente bruk av amfetamin frå våren 2010, samt ein «flørt» med ecstasy på Ibiza i 2008. Politikaren forklarte til media då saka kom opp at misbruket var under kontroll.

– Det skjedde privat, og det var aldri ute i det offentlege eller på byen. Eg har aldri med mitt misbruk utsett nokon andre for fare. Det å køyre med promille er ein verre ting, meiner eg. Eg har berre utsett meg sjølv for fare.

Overgangen frå nære vener og kollegaer i Bergen til ny jobb som stortingsrepresentant var større enn han hadde venta.

– Eg var kanskje der at eg ikkje var nøgd med meg sjølv og livet mitt akkurat då. Eg treivst ikkje den første tida på Stortinget, det skal eg ikkje legga skjul på, forklarar ein openhjartig Warloe.

Dømd til fengsel på vilkår

Påtalemakta tok ut tiltale, og Warloe vart dømd til fengsel på vilkår i 18 dagar. Han uttalte først at han var skuffa over dommen, men godtok den tidlegare i år.

– Det var uverkeleg at det skulle verta så gale som det vart. Eg var eit offer for ein annan som var i søkjelyset til politiet, utan at det skal vera ein unnskyldning, seier Warloe og peikar på 31-åringen som lånte leilegheita hans i Oslo.

31-åringen innrømma å ha oppbevart narkotika i leilegheita og har stått fast på at Warloe ikkje visste noko om dette.

– Ei tøff tid

Warloe fortel om ei tøff tid etter at narkotikamisbruket vart kjent, og at han ikkje var særleg høg i hatten når han skulle vende tilbake til dagleglivet.

– Det tok lang tid. Det å sitje i stortingssalen var tøft, og eg følte alle såg på meg. Men sakte men sikkert har det gått bra, og eg takkar for støtte og gode meldingar som eg har fått.

Bergensaren forlet no livet som stortingspolitikar.

– Det er litt vemodig ja. Eg har berre vore i Oslo i fire år, men eg kunne tenkt meg å vera der lenger for å bevise litt meir. Men eg snubla jo ganske kraftig i løpet av dei første åra, og det tok ei stund før eg treivst.

-Veit du kva du skal gjera framover?

– Nei, eg veit ikkje det. Eg har fått nokre tilbod, men eg ønskjer å bruka litt tid no. Eg har vore politikar i neste 20 år. No har eg moglegheita til å sette meg ned å tenke grundig gjennom kva eg skal bli når eg blir stor, smiler Warloe.