Hopp til innhold

Vurderer søksmål mot gruveaksjonistar

Aksjonistane ved Engebøfjellet i Naustdal kan koste Nordic Mining millionar av kroner. – Vi har vurdert søksmål, seier administrerande direktør Ivar S. Fossum.

Demonstrantar ved Engebøfjellet

KAN BLI DYRT: Aksjonistane har til no fått bøter på 10 000 kroner kvar. No melder gruveselskapet Nordic Mining at dei vurderer å saksøkje aksjonistane også.

Foto: Bård Siem / NRK

Aksjonane har gått i eitt sidan gruveselskapet starta opp arbeidet med prøveboringar i byrjinga av februar.

Før helga hadde politiet fjerna, og gitt aksjonistar bøter på ein halv million kroner. Dyrare kan det bli for aksjonistane. Gruveselskapet vurderer søksmål.

Ivar Fossum

DYRT: Forseinkingane med gruveprosjektet kan gje millionutgifter for Nordic Mining, seier administrerande direktør Ivar S. Fossum.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er ikkje unaturleg at det skjer, men vi har ikkje fatta noko vedtak endå. Det kan bli både enkeltindivid og organisasjonar, seier administrerande direktør, Ivar S. Fossum.

Kostar millionar

Aksjonane har seinka arbeidet med dei geologiske undersøkingane. Fossum seier at aksjonane påfører Nordic Mining betydelege tilleggskostnader.

Av tryggleiksmessige omsyn gjer aksjonane det krevjande å drive arbeid i området.

– Det kan koste fleire millionar kroner i forseinkingar. Det er mange som ikkje får gjennomført sitt lovlege arbeid, seier Fossum.

SV samla inn pengar

Fossum seier at dei geologiske undersøkingane er viktige for å gjere prosjektet bra. Og at dei har rettane gjennom minerallova i Norge. Sjølv om eit vedtak er fatta og at selskapet har fått løyve til å deponere avfall frå gruva i Førdefjorden, er det mange som ikkje godtek planane.

Heikki Holmås

STØTTAR AKSJONANE: – Det handlar om å ta vare på naturen og livsgrunnlaget for alle dei som driv oppdrettsnæring, turisme, laksefiske, i heile området. Det seier Heikki Holmås frå SV.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I førre veke vart ungdomspolitiske leiarar arresterte og bøtelagde av politiet. Søndag kom stortingsrepresentant Heikki Holmås (SV) for å vise si støtte.

– Eg vil støtte dei moralsk og gje dei pengar som blir samla inn på SV-årsmøte, seier Holmås.

Tydeleg dialog

SV-politikaren vil ikkje sjølv lenkje seg fast, men støttar dei som viser motstand med sivil ulydnad. Holmås avviser at han oppmodar til aksjonar, men deler uroa for livet i Førdefjorden.

– Det er innanfor demokratiet sine spelereglar. Eg trur dei fleste er samde i at det å drive sivil ulydnad av overbevisningsgrunnar er godt innanfor våre demokratiske tradisjonar, seier han.

– Alvorleg av SV

Holmås seier saka ikkje er endeleg avgjort. Miljødirektoratet sitt utsleppsløyve er klaga til regjeringa og for ESA.

Fossum i Nordic Mining er lite nøgd med SV sitt engasjement.

– Det er svært alvorleg at folkevalde politikarar som skal støtte opp om demokratiet går ut og undergrev det på denne måten. Eg lurer på kva SV meiner, med omsyn til at ein skal setje lover og demokrati til side når det passar? Kven skal i så fall avgjere når det er aktuelt å gjere det, undrar han.

– Samstundes er ikkje sivil ulydnad noko ukjent om ein er misnøgd med vedtak?

– Sivil ulydnad i denne form er ulovleg. Lovbrot er heller ikkje noko ukjent fenomen i samfunnet vårt, men nettopp difor er det viktig at politikarane støttar opp under det breie demokratiet og lovene som er fatta gjennom det systemet vi har.