Hopp til innhold

Vollvik dømt til 45 dagar fengsel for å ha feilmerka munnbind: Varslar anke

Gründerkjendis Idar Vollvik (54) er dømt til fengsel for å ha pakka om ikkje-medisinske munnbind og seld dei som medisinske. – Me ankar sjølvsagt, seier Vollvik.

Idar Vollvik

BEKLAGAR: Vollvik sa i retten at han ikkje visste skilnaden på ulike munnbind. – Det beklagar eg, sa han. No er han dømt til fengsel.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Idar Vollvik er dømt til 45 dagar ubetinga fengsel for å ha pakka om munnbind og seld ikkje-medisinsk utstyr som medisinsk.

Retten meiner det ikkje er tvil om at han gjorde dette sjølv om han var klar over forskjellen på munnbinda.

Vollvik har heile tida nekta straffskuld og seier til NRK at han vil anke dommen.

– Sjølvsagt veldig kjipt å få ein slik beskjed. Me føler retten har lagt alt for lite vekt på dei skriftlege bevisa me la fram i retten. Derfor ankar me sjølvsagt saka.

Del i alle ledd

Retten meiner at Vollvik var delaktig i alle ledd når det gjeld kjøp, ompakking og sal av munnbinda, og viser til vitne som forklarte at 54-åringen var involvert på alle trinn.

«Han initierte, besluttet, gjennomførte, instruerte og kontrollerte. Etter rettens syn er det dermed klart grunnlag for å rette straffansvaret mot Vollvik personlig.», står det i dommen.

Retten meiner også det er snakk om særleg skjerpande omstende fordi feilmerkinga skjedde under covid-19 pandemien, og etterspørselen etter slikt utstyr var ekstraordinær.

«Da tiltalte solgte munnbindene hadde han ingen forsikring om at kvaliteten på produktene var gode nok, og han utsatte dermed kundene for en potensiell smitterisiko som ville ha vært unngått så langt det var mulig dersom regelverket hadde vært fulgt.», står det i dommen.

Vollvik er også dømt til å betala sakskostandar på 10.000 kroner.

Aksjon mot Idar Vollvik-lokale på Titlestad i Bergen

Politiet aksjonerte mot tre av lagerbygga til Vollvik i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen

Pakka om 700.000 munnbind

Det var 1. september 2020 at politiet arresterte Idar Vollvik på veg til jobb og aksjonerte mot tre av lagerbygga hans i Bergen.

I november same år vart han tiltalt for å ha seld ikkje-medisinske munnbind som medisinske.

Politiet meinte han med vilje pakka om ikkje-medisinske munnbind slik at dei stod fram som medisinske, og at han difor gav brukarar falsk tryggleik.

– Det er ikkje ein liten glipp, men ein systematisk neglisjering av regelverket, sa politiadvokat Sigrid Sulland under prosedyren i Hordaland tingrett.

Totalt var minst 700.000 munnbind pakka om, forsøkt pakka om eller merka feil.

Politiadvokat Sigrid Sulland

Politiadvokat Sulland viste fram munnbinda under rettssaka i Hordaland tingrett i mai.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ba om 45 dagars fengsel

Under avslutninga ved den seks dagar lange rettssaka bad aktor om 45 dagars fengsel for Vollvik.

– Det er ikkje tvil at han tok ein bevisst og kalkulert risiko då han pakka om munnbind slik at dei stod fram som noko anna enn dei var, sa aktor Silje Alsaker Solheim då.

Vollvik har heile tida nekta straffskuld og forklart at han ikkje visste forskjellen på dei ulike munnbinda.

Forsvarar Arild Christian Dyngeland bad difor om at Vollvik skulle frifinnast.

– Me meiner at det ikkje er grunnlag for straff i det heile tatt, sa han under avslutningsprosedyren.

Idar Vollvik, munnbind

Politiet tok med seg fleire esker med munnbind frå lagera til Idar Vollvik i september 2020.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

16-åring varsla

Det var ei 16 år gammal jente som først varsla politiet om munnbinda seinsommaren 2020.

Ho var leigd inn av bedrifta til Vollvik gjennom eit bemanningsbyrå, og skulle berre jobbe der ei kort stund.

Då ho vart sat til å pakke om munnbind, reagerte ho på at nokre av munnbinda var merka med «medical» og andre ikkje.

– Eg spurte dei andre som jobba der om kvifor me måtte gjere det, men det var det ingen som visste. Det var noko snakk om at det var finare emballasje, sa jenta under vitneforklaringa.

Saman med mora, som jobba i helse, tok ho med seg munnbind og emballasje til politiet.