Hopp til innhold

Tenåringen ville ikkje jobbe hos Idar Vollvik etter eit søk i nettbutikken

16-åringen varsla om ompakking av munnbind. – Me måtte fjerna lappar som var i pakningen. Det syns eg var litt rart, seier ho i retten.

Munnbind før og etter

FØR OG ETTER: Påtalemakta meiner Vollvik var personleg delaktig i å pakke om desse munnbinda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tysdag vart det kjent at ei 16 år gammal jente varsla politiet om at Idar Vollvik selde feilmerka munnbind under koronapandemien hausten 2020.

Han står no tiltalt for å ha pakka om 700.000 ikkje-medisinske munnbind og seld dei som medisinske.

I dag fortalde varslaren historia si i Hordaland tingrett.

Idar Vollvik med munnbind fra Ludostore

BEKLAGAR: Vollvik sa i retten at han ikkje visste skilnaden på ulike munnbind. – Det beklagar eg, sa han.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Syns det var rart

Den no 18 år gamle jenta var hyra inn gjennom eit bemmaningsbyrå og jobba berre eit par dagar hjå Vollvik før ho ana at noko var gale.

Politiadvokat Sigrid Sulland

PAKKAR: Politiadvokat Sigrid Sulland viste fram munnbind i retten tysdag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Jenta vart bedt om å pakke om og ta ut munnbind frå esker og plassere dei i andre esker med anna utsjånad, namn og informasjon.

– Eg spurte dei andre som jobba der om kvifor me måtte gjere det, men det var det ingen som visste. Det var noko snakk om at det var finare emballasje, sa jenta under vitneforklaringa i dag.

Aksjon mot Idar Vollvik-lokale på Titlestad i Bergen

TILTALT: Han står no tiltalt for å ha pakka om 700.000 ikkje-medisinske munnbind og seld dei som medisinske.

Foto: Cato Heldal Kristensen

Tenåringen forklarar at ho reagerte tidleg på at det sto «medical» på den eine pakningen, men ikkje på den andre.

Jenta fortel at ho også vart bedt om å fjerne informasjonsark frå munnbinda.

– Me måtte fjerna lappar som var i pakningen. Det syns eg var litt rart.

– Ville ikkje jobbe der lenger

Då jenta ikkje fekk svar på kvifor det var naudsynt å pakke om munnbinda, bestemte ho seg for å undersøke på eiga hand.

Først tok ho kontakt med mor si, som jobbar innan helse. Mora forklarte forskjellen på ulike typar munnbind.

– Då forstod eg også forskjellen på sterile og ikkje-sterile munnbind.

Bærer esker med munnbind Idar Vollvik

AKSJON: Politiet tok beslag i esker med munnbind i 2020.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vidare søkte ho opp munnbinda der dei vart seld, på nettbutikken til Vollvik, Ludostore.

Der såg ho at informasjonen om munnbinda på nettstaden var annleis enn det som sto på originalpakken ho hadde fjerna munnbinda frå.

– Då ringde eg mor mi og sa at eg ikkje ville jobbe der lenger, forklarte tenåringen i dag.

Les også Mener Idar Vollvik tuklet med disse munnbind-pakkene

Munnbind før og etter

Dag to i tingretten

Det var 1. september 2020 at 54 år gamle Idar Vollvik vart arrestert og sikta i Bergen.

Politiet hadde fått tips om at munnbinda han selde var feilmerka.

I går starta rettssaka i Hordaland tingrett, der Vollvik er tiltalt for å ha pakka om 700.000 ikkje-medisinske munnbind og seld dei som medisinske.

Vollvik har heile tida nekta straffskyld. Tysdag forklarte Vollvik i retten at han ikkje visste skilnaden på ulike munnbind.

– Det beklagar eg, sa Vollvik.