Hopp til innhold

Vivian har kjøpar til huset – men staten hindrar henne å selje

STRYN (NRK): Vivian Guddal kan leige ut huset eller bu i det sjølv, men når ho vil dele frå tomta og selje huset blir det rekna som utrygt.

Vivian Guddal får ikkje lov til å selje huset sitt – fordi staten trur det kan kome skred. Kring 14.000 nordmenn bur i ei faresone for skred i bratt terreng.

IKKJE REDD: Vivian Guddal får ikkje lov til å selje huset sitt – fordi staten trur det kan kome skred. – Det er aldri noko fare, seier ho.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

– Det skulle ikkje ha noko å bety kva namn som står på skøytet, seier Vivian Guddal.

Ved bratte fjell i Hjelledalen i Stryn kommune ligg ein einebustad frå 1972. Her har Vivian budd i 15 år, før ho leigde ut huset.

No står ein kjøpar klar til å ta over.

Men fordi huset er utsett for skred og flaum, får ikkje Guddal lov til å skilje ut eigedomen slik at ho kan selje.

Sjølv meiner ho huset ligg trygt.

– Det går skred i fjellet, men det gjer det overalt her. Det er aldri noko fare, seier ho.

Vivian Guddal

FÅR IKKJE DEL FRÅ UTAN VIDARE: Bonden Vivian Guddal synest det er rart at ho ikkje får dele frå tomta, når ho kan bu i huset og leige det ut.

Foto: Seline Larsen / NRK

Det var Fjordingen som først omtala saka.

– Det står fram som meir enn underleg at det er heilt greitt med folk fast busett i huset, berre det ikkje gjeld ein ny kjøpar, skriv Bengt Flaten, ansvarleg redaktør i avisa.

– Heilt ubegripeleg logikk

Det er Plan- og bygningslova som gjer at Vivian Guddal ikkje utan vidare kan selje huset.

Lovverket seier at eigedom berre kan skiljast ut eller endrast dersom grunnen er tilstrekkeleg trygga mot naturfare.

– Korleis staten kan forklare logikken i å la folk eige og bu i husa, men ikkje late dei skifte eigar, er for meg heilt ubegripeleg, seier Silje Skarstein (Sp).

Ho sit i kommunestyret i Stryn, og etterlyser eit system der «logikk og lover heng betre saman».

Alternativet er lammande for kommunar med skredutsette område, meiner ho.

– Det vil resultere i at folk ikkje får halde vedlike husa sine, og at vi ikkje får nye generasjonar på gardane, seier ho.

– Korleis staten kan forklare logikken i å la folk eige og bu i husa, men ikkje late dei skifte eigar, er for meg heilt ubegripeleg, seier Silje Skarstein (Sp).

UBEGRIPELEG: – Korleis staten kan forklare logikken i å la folk eige og bu i husa, men ikkje late dei skifte eigar, er for meg heilt ubegripeleg, seier Silje Skarstein (Sp).

Foto: Seline Larsen

Må gjere undersøkingar

Guddal blir råka av regelen fordi ho bur utsett til for flaum og er i raud faresone for ras.

14.000 nordmenn bur på stader der staten meiner det med stort sannsyn vil koma skred, og det er restriksjonar på kva som er lov å byggje.

Stryn kommune har mange skredutsette område.

– Det er veldig belastande. Både for privatpersonar og for kommunen, seier Per Kjøllesdal (Sp), ordførar i Stryn.

Han meiner løysinga er meir detaljerte utgreiingar og tiltak der det er mogleg.

Og at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) får ressursar til å gjere begge deler.

Det er NVE som har jobben med å kartlegge skredfaren i Noreg.

Krevjande balansegang

– Balansegangen mellom omsynet til personsikkerheit og utvikling av lokalsamfunn er krevjande, seier Heidi Nakken (H), statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunane kan søke om dispensasjon frå tryggleikskrava i regelverket, om dei meiner det er grunnlag for det – men ikkje utan risiko.

– Dei risikerer erstatningsansvar dersom ei hending skjer, seier Nakken.

Departementet vurderer no dispensasjonsreglane i slike saker.

– Vi jobbar med korleis vi kan forenkle og forsterke det lokale skjønnet. Samtidig skal det vere trygt, så det betyr ikkje at ein ikkje må ta omsyn til skred og fare, seier Nakken.

– Skred der det ikkje har rast tidlegare

– Kommunane kjem i ein skvis i slike saker, seier Jenny Følling, leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe.

På den eine sida vil dei hjelpe innbyggjarane; på den andre sida blir dei erstatningspliktige om noko skulle skje.

– Det vil alltid vere slik at farekart vert for grovmaska, men klimaet er i endring og kan forårsake skred der det ikkje har rast tidlegare. Difor er det viktig med geologiske undersøkingar, seier ho.

Farekart, Hjelledalen

FAREKART: Ved bratte fjell i Hjelledalen i Stryn kommune ligg ein einebustad frå 1972. Her har Vivian budd i 15 år, før ho leigde ut huset.

Foto: NVE Atlas