Hopp til innhold

Dåpsfølge måtte evakuera då vinden tok kyrkjespiret: – Kunne gått gjennom taket

Spiret på den snart 150 år gamle kyrkja i Bergen tolte ikkje kreftene frå stormen i natt. Tre dåpsfølger måtte evakuerast.

Like før klokka 10 sundag morgon fekk brannvesenet i Bergen meldingar om at kyrkjespiret på Laksevåg kyrkje var i ferd med å falla ned.

Ein liftbil frå hovudbrannstasjonen blei sendt ut for å berga ned den tunge spirpryden.

Medan boltar på spiret hadde losna i vinden, gjorde tre dåpsfølger seg klare for dåpsgudsteneste.

Værhanen på Laksevåg kirke

PÅ VEG NED: Spiret hang lenge på «halv åtte» før brannvesenet fekk tatt det ned.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Evakuerte bygningen

Like før klokka 10.30 snakka NRK med soknepresten i kyrkja. Under samtalen kom brannvesenet inn i kyrkja og sa at ho måtte evakuerast. Eit område rundt kyrkja blei deretter sperra av.

– Det er helst sekundærskadar me er uroa for i slike tilfelle, uttalte utrykkingsleiar Glenn Lauvik i Bergen brannvesen i det kollegaer var på veg opp til spiret.

Kyrkjebyggsjef i Bergen, Arne Tveit, opplyste til NRK like etterpå at det er ein vêrhane som var i ferd med å falla ned. Han legg til at det er ein vêrhane folk i Laksevåg er svært glade i.

– Det er alltid litt nifst når slike ting skjer, og den hanen veit eg at folket i Laksevåg er svært glade i. Vêrhanen har samstundes stort vindfang når det er slikt vêr som i natt, påpeikar Tveit.

Det var planlagt gudstjeneste og tre barnedåpar i kyrkja i dag, men dei vart noko forseinka på grunn av evakueringa.

Værhane i Laksevåg

LØFTA NED: Brannvesenet brukte ei stund på å losna boltane på vêrhanen før dei tok han ned. Spiret er delt i to.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Kunne gått gjennom taket

Brannvesenet vurderte at det var tryggast å ta kyrkjespiret ned. Spiret fekk seg ein knekk og må reparerast før det kan monterast på nytt.

– Viss spiret dett ned, kunne det ha gått gjennom takkonstruksjonen og ned i sjølve kyrkjebygget. Dei som var i bygget blei plassert bort i menigheitsdelen, seier Glenn Lauvik, utrykkingsleiar i Bergen brannvesen.

Fuktskader i Mariakirken i Bergen

BYGGSJEF: Arne Tveit er kyrkjebyggsjef i Bergen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Mange skademeldingar

I løpet av natta har politiet i Vestland fått inn svært mange skademeldingar.

– Dei aller fleste frå bergensområdet som vart hardast råka av uvêret, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Fleire stadar velta tre over vegar og straumleidningar, og 990 kundar er framleis utan straum.

– Vi har også fått mange meldingar om flygande gjenstandar. Vi snakkar då om alt frå paviljongar til stillas og kledningspanel, tramoliner og presenningar. Det er også ein del båtar som har slite seg.

Ho ventar fleire meldingar, også frå distrikta, ut over dagen etter kvart som folk går ut og ser kvar uvêret har ført med seg. Så langt har forsikringsselskapa If, Tryg og Frende fått inn meldingar om 185 skadar etter uvêret.