Hopp til innhold

Dette er Sogn og Fjordane Arbeiderparti sine sju kampsaker på landsmøtet

Utjamning av nettleige, rassikring og utdanning blant 50 prosent av dei tilsette i barnehagane. Det er tre av Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane sine prioriteringar.

Sogn og Fjordane arbeiderparti

PÅ PLASS: Representantar frå Sogn og Fjordane Arbeiderparti under landsmøtet i Oslo denne helga.

Foto: Privat

Denne helga har Arbeidarpartiet landsmøte i Folkets Hus i Oslo og ein delegasjon på 11 personar frå Sogn og Fjordane har tatt turen austover. Her er dei viktigaste sakene for fylkespartiet:

Lista er tilsendt NRK frå Torbjørn Vereide i Sogn og Fjordane Arbeiderparti.

1) Utjamning av nettleige

– Den fremste, og kanskje den viktigaste kampsaka for fylkespartiet, blir å få inn eit vedtak i partiprogrammet om å lage ei utjamningsordning for nettleiga. I dei siste vekene har det kome fram at ein familie i Sogn og Fjordane må betale opp til dobbelt så mykje som ein tilsvarande i Oslo. Her teke delegasjonen, med Helge Robert Midtbø i spissen til ordet for å få ei meir rettferdig utjamning.

2) 16-årig stemmerett ved lokalval

– Etter prøveordninga som blant anna var i Eid og Luster, er vi overtydd om at dette bør bli nasjonal politikk. Resultata i mange kommunar har vore ei overraskande sterk valdeltaking i prøvekommunane, og eit sterkt samfunnsengasjement i skuleklassene.

I dagens samfunn er det kanskje viktigare enn nokon sinne å styrke opp om desse verdiane.

3) Lærarnorm i skulen

– Dette handlar om å sikre nok lærarar i skulen til å gi ein tidleg innsats for fleire elevar. For å klare dette må vi ha nok lærarar i klasseromma. Landsmøtet ønskjer å sette inn grep på dette, men vi ønskjer å strekke oss enda lengre enn framlegget i programmet som ligg til grunn. Og talfeste ein lærarnorm til skulen med 15. elevar pr. lærar i 1.–4. trinn. Og maks 20 elevar på 5.–7. trinn. Og normfeste dette på skulenivå.

4) Rassikring

– Når ein er frå Sogn og Fjordane, så kjenner vi alle nokon som køyrer på farlege og rasutsette vegar. Og når vi såg kor lite regjeringa la opp til av rassikring i NTP, er det opplagt at vi må ta kampen for å styrke sikringa av vegane våre. Så skal vi vere så ærleg å seie at vi heller ikkje er nøgd med innstillinga til programmet, difor vil vi kjempe inn eit punkt om rassikring.

5) Organdonasjon

– Det blir lagt fram eit framlegg om automatisk innmelding som organdonor. Det kjem vi til å stemme imot. Men nettopp fordi vi er så utruleg einig i intensjonen om å engasjere fleire til å ta eit standpunkt om organdonasjon, fremjarvi eit forslag om at fastlegen skal ta samtalen og gi informasjon. Vidare vil vi gi moglegheita for alle som seier «Ja» at dette skal bli med i grunnjournalen.

6) Einslege barn på flukt

– Her krev vi at Rimelighetsvilkåret skal gjeninnførast. I praksis er dette omsynet til barnets tryggleik skal stå sterk når ein vurdera utsending av barn som ikkje har foreldre.

7) Kompetanseløft i barnehagen

– Vi går til kamp på at 50 prosent av dei tilsette skal ha utdanning innanfor faget.

Dette er viktig for tidleg innsats for våre minste, og vi meiner at det er vert kvar einaste krone meir som det kostar.