- Då eg kom ut frå militærtenesta hadde eg krav på pengar frå A-etat. Men det var ikkje så enkelt når eg har lyst til å bruke tida til noko fornuftig, seier Hauge.
Men lysta til å betre karakterane, straffa seg. For frå Aetat var det klar beskjed - tek du eksamen misser du dagpengane.
Markus Hauge får god tid til å sparke fotball. Foto Rune Kjær Valberg NRK
Ikkje råd
21-åringen vil gjerne komme inn på Politihøgskulen til hausten, men det ser mørkt ut. For Hauge har ikkje råd til å misse dagpengane, sidan han har fått nei på alle søknader om deltidsjobb i Florø.
No vel han i staden å droppe eksamenane han skulle ha teke mai.
- Eg må trekkje meg frå dei for å få pengar. Eg kan ikkje leve på foreldra mine, så eg har ingen pengar, enkelt og greitt.
Hindre trygdemisbruk
Fylkesarbeidssjef Frode Henden skjønar at Markus Hauge er oppgitt over regelverket. Aetat sine reglar er så strenge for å unngå trygdemisbruk, seier han.
Frode Henden. Arkiv NRK.
- Vi vurderer det veldig strengt, og det skal ikkje mykje til før det blir tvert nei til å motta dagpengar dersom ein tek utdanning. Politikarane har pålagt oss å vere så strenge, seier Henden.
- Kvifor skal det vere så vanskeleg?
- Jobben til dei som mottek dagpengar, er å skaffe seg jobb - ikkje bruke tida på utdanning, seier Henden.
Bittert
- Dette er bittert, tykkjer Markus Hauge. - Det løner seg altså å ikkje gjere ein skit.