Hopp til innhold

Behovet for asfalt er over dobbelt så stort som løyvingane

Ifølgje dekkeplanen skal nesten 138.000 meter med fylkesvegar få ny asfalt. Det er ikkje ein gong halvparten av det Vegvesenet si kartlegging syner det er behov for.

Dekkelegging og Slinde

VILLE HATT MEIR: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, skulle gjerne hatt meir pengar til vedlikehald av vegane i fylket.

Foto: Ellinor Hansen/Arne Stubhaug / NRK

– Det er store behov for å leggje ny asfalt både på fylkes- og riksvegane både her i fylket og landet elles, så når vi lagar til asfaltanboda våre, så er det på bakgrunn av dei løyvingane som vert stilt til råde kvart einaste år, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Ifølgje dekkeplanen 2013 for Sogn og Fjordane skal 59.151 meter europa- og riksvegar få ny asfalt. 137.790 meter med fylkesvegar skal få nytt dekke.

Manglar mykje i forhold til behovet

Men behovet er langt større. Kvart år gjer Vegvesenet ei klassifisering av vegnettet der dei deler inn i fem kategoriar. Vegar som hamnar i dei to dårlegaste kategoriane meiner Vegvesenet det burde ha vore gjort noko med.

– 11 prosent av riksvegane har dårleg eller svært dårleg vegdekke, og det er der vi meiner det burde vore gjort meir enn kva vi er i stand til. Det utgjer 79 kilometer her i fylket, seier Slinde.

Det betyr at det minst manglar 20 kilometer for å utbetre det Vegvesenet sjølv meiner burde ha vore betre på riksvegnivå.

Prøver å få mest mogleg ut av pengane

Også på fylkesvegane er det eit gap mellom det som trengst og det som kan bli gjort.

– Der er det 13 prosent som er dårleg eller svært dårleg, der burde vi lagt 335 kilometer ny asfalt i år for å fått gjort noko med det som er svært dårleg og dårleg, seier Slinde.

Ifølgje dekkeplanen skal vel 137 kilometer få nytt dekke, dermed får ein gjort mindre enn halvparten av det Vegvesenet meiner burde vorte gjort.

– Vi prøver å forme ut asfaltanboda våre slik at vi får mest mogleg ut av pengane ved å ha lengst mogleg strekningar. Samtidig har vi korte strekningar som treng akutt hjelp etter ein lang og kald vinter, seier Slinde.

Han legg til at ein freistar å ha så lange strekningar som mogleg for å ha ei mest mogleg rasjonell drift.

– Men pengane strekkjer ikkje til til begge delar, så vi må drive litt strakstiltak og reparasjonsarbeid samtidig som vi legg lange og samanhengande strekningar, seier Slinde.

Riksvegane forfell for kvart år

Han legg ikkje skjul på at han skulle ønskje løyvingane var større.

– Vi treng større løyvingar til dekke, men kanskje også til vegfundament for å få levetida på asfaltdekket opp. Det har vore mykje teleskade i år, og vi skulle gjerne sett at forfallet på vegfundament vart redusert, seier Slinde.

Han legg til at berre på vegfundament og vegdekke er det eit samla forfall på 500 millionar på fylkesvegar i vårt fylke, og 500 millionar på riksvegar i region Vest, seier Slinde.

Det er altså store summar som må på plass for å ta att det forfallet som har bygd seg opp over mange år.

Går berre nedover for fylkesvegane

Løyvingane i dekkeplanen er til å drive årleg vedlikehald. Det er greitt nok nytt for fylk

– Slik situasjonen er på fylkesvegen får vi løyvingar som gjer at vi held vegnettet omtrent i sjakk, medan på riksvegane er løyvingane for små til å halde vegnettet på den standarden det var året før. Dermed aukar forfallet for kvart år, seier Slinde.

– Så vegstandarden går beine vegen nedover?

– På riksvegnettet går det jamt og trutt feil veg, men i Nasjonal Transportplan som er lagt fram så er det sagt at det skal komme ekstraløyvingar for å både stoppe og ta att forfallet både på riks- og fylkesveg. Vi er optimistar med tanke på framtida når det gjeld dei signala som er gitt i NTP om at vi skal få meir pengar til dette viktige området, seier Slinde.