Hopp til innhold

Bilistane er frustrerte over vegen - det viser dei med heimelaga skilt

Folk i Naustdal har ved hjelp av eit heimelaga skilt sagt rett ut kva dei meiner om vegstandarden. – Det er kreativt, flirar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Heimelaga skilt i Naustdal

SLEIVSPARK: Nokon i Naustdal har sett seg lei på den dårlege vegen og meiner skiltet til Statens vegvesen ikkje er godt nok.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Over heile landet har bilistar i vinter klaga over dårleg brøytte vegar. Ein snørik og kald vinter har gitt både glatte, humpete og sporete vegar.

Vegtrafikksentralane har hatt sitt fulle hyre med å ta i mot klagene frå bilistane.

I Naustdal har nokon valt å gje uttrykk for sin frustrasjon gjennom eit skilt, det skriv Firda.no.

«Det gjeld for faen heile jevla vegen»

For på vegen mellom Nyheim og Nes meiner folk at standardskiltet frå vegvesenet ikkje er tilstrekkeleg.

Skiltet som varslar om humpete veg dei neste to kilometerane har fått tilleggsinformasjon, og det på eit brun pappbit.

«0,1 – 2,0 km ??? Det gjeld for faen heile jevla vegen» lyder det heimelaga skiltet som er godt synleg for andre bilistar.

- Forståeleg, meiner vegvesenet

- Eg kan godt forstå at nokon har hengt opp dette skiltet, seier Åsebø som er fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Ho må le litt av skiltet som er eit sleivspark til dei som har ansvaret for vegvedlikehaldet. Samtidig tek vegvesenet det på høgste alvor at folk er så misnøgde med vegstandarden.

- Vi må berre beklage at vegen ikkje har vore betre i vinter, men hjelpa er på veg, seier Åsebø.

Sjølv om ho synst skiltet er kreativt vil ho ikkje oppmode folk som er fortvila over vegen der dei bur om å uttrykke seg på same måte.

- Det er ikkje lov å henge opp slike skilt. Vi vil heller at folk gjer oss beskjed direkte når dei ikkje er nøgde, seier Åsebø.

Så får ein vente å sjå om dei som har kritisert vegen på den brune pappbiten også vil henge opp eit nytt skilt når vegvesenet har fått orden på vegen.