Hopp til innhold

Kulturminne blir fjerna i det stille - må ofte vike for ny utnytting av eit område

Kvart år forsvinn ulike kulturminne i Sogn og Fjordane. Ny utnytting av eit område gjer at kulturminnene ofte blir fjerna. Fylkeskonservatoren kan ikkje anna enn konstatere at kulturminna forsvinn.

Eva Moberg

SER KULTURMINNE FORSVINNE: Fylkeskonservator Eva Moberg må sjå kulturminne bli ofra til fordel for ny utnytting av eit område.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mange kulturminner er verna, men slett ikkje alle, og dei kan lett måtte vike for ny utnytting av eit område. Det har skjedd på Langeneset i Stavang.

– Eg blir litt trist og litt oppgitt, seier André Haave som jobbar med Nordsjøløypa og skal framheve dei ulike kulturminna langs turløypa.

Steingard fjerna i Stavang

På Langeneset i Stavang ligg ein gamal husmannsplass. Berre murane av husa står att, saman med ein gamal steingard. Like ved er det bygd fleire nye hytter og ein tilkomstveg.

– Det blir jo eit hån når utbyggarane ikkje ser verdiane som vi ser og prøver å ta vare på dei, seier Haave som er oppgitt over at nokon har fjerna steingarden.

Utbyggjar i området Christina Kvamme vil ikkje kommentere saka, men seier dei har fulgt alle retningslinjer fylkeskommunen har komme med.

Kulturminne gir identitet

Eva Moberg er fylkeskonservator i Sogn og Fjordane. Ho kjenner ikkje til forholda i Stavang, men veit at kulturminne som ikkje er verna kvart år vert fjerna.

– Det gjer det nok, det må vi rekne med at det truleg gjer.

Men må vi ta vare på absolutt alt?

– Vi kan ikkje ta vare på alt men i den grad det er mogeleg må vi tenke gjennom kva kvalitetar som ligg i det å ha elementa i landskapet vårt. Det er med på å gje identitet til området.