Kaupanger Hovedgård

Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På slutten av mellomalderen ser det ut til at jorda kring Amlabukta er samla under to store «hovudeiningar»: I 1522 er det berre nemnt gardane Amla og Kaupanger.

Kaupangergodset tek form

Medan Kaupanger på vestsida var ein stor gard, var Amla delt opp i tre gardar - ein på øvre, ein midtre og ein for nedre Amla. Dei to øvste vart på 1600-talet samla til eitt bruk, og kom i Heiberg-slekta si eige frå 1690 - sjå: Amla-gardane.

På den tida då Lærdalsmarknaden tok over som marknadsstad etter Lusakaupang - dvs. på slutten av 1500-talet - var det slekta Schack som eigde området kring Lusakaupang.

Eldre bilete av det eldste huset på Kaupanger Hovedgård, frå kring år 1500. Huset er kalla

Eldre bilete av det eldste huset på Kaupanger Hovedgård, frå kring år 1500. Huset er kalla "Brannkjellaren", og har truleg vore arrestlokale. © Fylkesarkivet.

Men det var først då den illgjetne futen Gjøde Pederssøn fekk hand om Kaupanger ved eit makeskifte i 1606 at godset for alvor tok til å vekse.

Futen Gjøde Pederssøn vert godseigar

Gjøde Pederssøn eigde også Stedje gard, og fekk bytt til seg Kaupanger mot eit par gardar han hadde arva i Jylland. Gjøde utvida Kaupanger-garden mykje.

Kaupanger og Stedje vert adelsgods

Gjøde Pederssøn selde Kaupanger i 1636 til riksråd Iffuer (Iver) Wind til Nørholm.

Skogen skapte rikdomen

Setegardsprivilegiet gav Kaupanger-godset rett til å skipe trelast direkte til utlandet. Skogeigarane på Kaupanger hadde også eigne jekter for transport av trevirke til Bergen.

Tunet på KaupangerHovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tunet på KaupangerHovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger sete for første amtmannen

I 1763 vart Kaupanger Hovedgård sete for den første amtmannen i Sogn og Fjordane ved at Joachim de Knagenhielm etter fleire bøneskrift til kongen fekk skilt ut Nordre Bergenhus som eige amt.

Gardstunet brenn

Det gamle tunet med hovudbygning frå 1600-talet med klokketårn og med sine to karakteristiske fløyar ut mot fjorden, brann veslejulaftan 1850.

Lasting av bord i Kaupanger. Mannen med hatt er skipper Per Hove frå Feios. På kaia står Jens Timberlid. Dei andre personane manglar vi namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lasting av bord i Kaupanger. Mannen med hatt er skipper Per Hove frå Feios. På kaia står Jens Timberlid. Dei andre personane manglar vi namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Største sagbruk på Vestlandet

Frå første tid var dei mektige fureskogane den viktigaste inntekta til Kaupanger-godset. Store oppgangssager langs Kaupangerelva skar tømmeret, og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden vart hyrt inn for å frakte skurlasta frå «Knakasagi» til kjøparane i Bergen.

Garden er i 2003 eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.

Knagenhjelm-skrinet. © Fotoarkivet, Bergen Museum.

Knagenhjelm-skrinet. © Fotoarkivet, Bergen Museum.

Knagenhjelm-skrinet

Knagenhjelm-skrinet på Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen er ein av dei mest kostesame sølvskattane i Noreg frå 1600-talet. Sølvskrinet er om lag 50 x 25 cm langt og overdådig dekorert med filigransarbeid og prydsteinar og veg 5,5 kilo. Skrinet vert omtala i auksjonen etter kansellirådinne Catharina Elisabeth Knagenhjelm som døydde i 1772. Det er sannsynleg at dette familieklenodiet har vore oppbevart på slektsgodset i Kaupanger ei tid.

Les meir under: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Uthus og stabbur på Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Uthus og stabbur på Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.