Hopp til innhold

Vil rive eldste delen av sjukehuset

Flora-rådmann Terje Heggheim vil rive den eldste delen av Florø sjukehus. Han har forståing for at Helse Førde vil finne meir eigna lokale i byen.

Florø sjukehus

VIL RIVE ELDSTE DELEN: Sjukehuset i Florø ligg på ei av dei finaste tomtene i sentrum.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er i vår interesse at Helse Førde held fram med spesialisthelsetenester i Florø. Då kan vi ikkje binde dei opp til utdatert bygningsmasse, seier Heggheim til Firda.

Vil ikkje bruke pengar på oppusing

Terje Heggheim

FORSTÅR HELSE FØRDE: Rådmann Terje Heggheim vil at kommunen skal overta bygget.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Helseføretaket er på jakt etter nye lokaler i kystbyen. Helse Førde-direktør Jon Bolstad har tidlegare sagt at aktivitetane ved sjukehuset ligg for spreidd på det store området.

Sjukehuset er allereie i dag nesten tomt og rådmannen er innstilt på å få igang igjen prosessen med overtaking av sjukehuset. Tidlegare forsøk på dette har stranda.

Sjukehuset ligg på ein av dei finaste tomtene i byen. Rådmann Terje Heggheim seier at dersom dei overtek, så vil det ikkje bli brukt pengar på oppussing av den gamle delen.

– Det er billegast og mest fornuftig å rive den delen, seier han til Firda.

Vil kjempe for sjukehuset

Men medan rådmannen er positiv til at Helse Førde finn nye lokale, er ikkje Halvor Halvorsen frå Venstre det. Han seier til Firdaposten at Helse Førde går for langt når dei vil tømme sjukehusbygningen og at dei viser til forfallet.

– Eg vil kjempe for å halde liv i sjukehuset. Folk er gjerne ikkje klar over kor mykje aktivitet og kor mange arbeidsplassar det er her, seier han.