Hopp til innhold

Treng 400 millionar for å sette i stand sentralsjukehuset i Førde

I løpet av dei neste ti åra er det behov for nær ein halv milliard kroner for å vedlikehaldet bygningsmassen til Helse Førde.

Førde Sentralsjukehus

STORT BEHOV: Det er behov for 400 millionar for å fikse opp Førde sentralsjukehus i løpet av dei neste ti åra.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rapporten om behovet for vedlikehald av sjukehusbygningane og dei andre bygga til helseføretaket, vart lagt fram på eit styremøte fredag.

At behovet er stort og at omfanget er økonomisk utfordrande er ikkje til å kome frå, vedgår nestleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

– Dette er vedlikehald som vi må gjere uansett skal vi utvikle sjukehusa i tråd med dei vedtak som er gjort, seier Ringstad til NRK.no.

Treng over ein halv milliard

Helse Førde har til saman nesten 100 000 kvadratmeter med bygningsmasse som skal ha vedlikehald. Halvparten av dette er ved sentralsjukehuset i Førde.

Totalt er det behov for 640 millionar kroner til vedlikehald dei neste ti åra. I dette talar har ein også rekna med 85 millionar kroner til sjukehusbygingen i Florø og 60 millionar til lokala på Tronvik.

Helse Førde-styret var i dag ikkje heilt sikre på om dette var nødvendig.

Størst er behovet på sentralsjukehuset

Det som er uansett er sikkert er at det på sentralsjukehuset åleine er behov for 400 millionar kroner til vedlikehald. Dette er ei stor utfordring, vedgår direktør for intern service, Aril Fålun.

Samtidig er det klart at det meste av vedlikehaldet kan skje samtidig som ein driv med ombygging av sjukehuset for å sikre det ei meir framtidsretta drift.

– Sett i forhold til den ombygginga og dei planane som ligg føre, så passar dette godt inn med det. Eg er ikkje uroa, men må pengar til skal vi få dette til, seier Fålun til NRK.no.