Helse Førde har lagt ut Florø sjukehus for sal med ein prislapp på 24 millionar kroner.
Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) er overraska over summen. Til Firdaposten seier ho at den er betydeleg lågare enn det som var aktuelt då kommunen var i forhandlingar med helseføretaket om overtaking av bygget.
I følgje avisa braut kommunen forhandlingane etter eit utspel frå Helse Førde om at dei ville krevje rett til framleige av dei areala som dei i dag har sjukehustenester i.
- LES OGSÅ:
– Bygget er regulert til offentlege formål, så eg ønskjer dei lykke til med salet, seier ordførar Bente Frøyen Steindal i Flora.
Profesjonelle takstfolk
Informasjonsmedarbeidar Finn Ove Njøsen i Helse Førde understrekar at prisen i annonsen som snart kjem til offentleggjering, er sett av profesjonelle takstfolk.
Jurist Bård Eikeset i Helse Førde har teke hand om den praktiske førebuinga av salet.
Må godkjennast av helseministeren
– Taksten som er sett, skal spegle att at det er krav om offentleg verksemd i bygget. Vi har sett ut salsjobben til meklarane i Sparebanken Sogn og Fjordane, så får vi sjå kva som byr seg i marknaden.
– Godkjenninga av eit eventuelt sal skal godkjennast endeleg av føretaksmøtet i Helse Vest, i praksis vil det seie departementet. Dessutan har Flora kommune ei nøkkelrolle her også, understrekar Eikeset til Firdaposten.
Sjukehuset i Florø vart lagt ned i 2008, til store protestar:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: