Hopp til innhold

Vil kvitte seg med nattakst på buss og bane

Det skal verta slutt på nattakst på bussane og bybanen i Hordaland. Det lovar KrF, Ap og Sp i samarbeidsplattforma på fylkestinget.

Sp, Ap, og Krf samarbeidsplattformen på fylkestinget
Foto: NRK

Bente Bondhus frå Senterpartiet meiner rimelegare buss og bane vil gjera at færre unge får ein utrygg slutt på byturen.

– Vi høyrer omtrent kvar einaste helg om at det skjer uheldige hendingar i drosjekøar, på uteplassar eller når ein går heim på natta, seier Bondhus.

Tryggleik

Bondhus meiner også det er viktig at folk reiser kollektiv etter sola har gått ned.

– Det er greitt å kunne bruke månadskortet til å kome seg heim også på natta. Også det kan gi ein form for tryggleik, meiner Bondhus.

I tillegg håpar Bondhus tilbodet vil gjere det mindre attraktivt å bruke pirattaxiar og liknande for å kome seg heim.

– Dei som argumenterer mot seier at dette vil koste oss pengar, men eg trur det kan bidra til at fleire kjøper månadskort eller ungdomskort. Vi vil finne løysingar for å kunne gjennomføre fjerning av nattaksten.

– Feil prioritering

Avtroppande fylkesordførar, Tom Christer Nilsen i Høgre meiner fjerning av nattaksten er ei total feilvurdering.

– Vi har to utfordringar i kollektivtrafikken. Det eine er å kutte luftforureining, og det andre er å sikre at folk kjem trygt og raskt på jobb. Å fjerne nattaksten eller "festtaksten" på bussen dekker ikkje nokon av dei målsetjingane, og det reduserer ikkje trengsel i Bergen sentrum, seier Nilsen.

Tom-Christer Nilsen

NEGATIV: Avtroppande fylkesordførar Tom Christer Nilsen (H) meiner fjerning av nattaksten er ei feilprioritering.

Foto: NRK