Hopp til innhold

Lobbyselskap i striden om E39 nektar å seie kor pengane kjem frå

Selskapet Gode Vegar AS som kjempar for E39 via indre Nordfjord, nektar å fortelje kor alle pengane til selskapet kjem frå. Trude Brosvik frå KrF reagerer på hemmeleghaldet, og seier at slike selskap må vere opne.

e39

E39: Kartet viser kor dei ulike E39 alternativa går gjennom nordfjord. Svein Sunde i selskapet Gode Vegar vil ikkje sei kor pengane til selskapet kjem frå.

Foto: Statens vegvesen

– Eg meiner dei hadde tent mykje på å vere opne om det. Eg syns det er rart når dei ikkje vil sei noko om verken offentleg eller privat kapital. På den måten ville dei vore meir truverdige, seier Brosvik.

To lobbyselskap kjempar på kvar si side i striden om kor E39 skal gå i Nordfjord. Selskapet Nordfjordkryssing A/S kjempar for midtre, og Gode Vegar A/S for indre alternativ. På begge sider rullar no pengane for å sikre gjennomslag for å få brua dit dei vil.

Fleire som vil vite kor pengane kjem frå

Fyrstekandidat til Stortinget for KrF, Trude Brosvik, er ei av fleire som er oppteken av kor pengane rullar, og ikkje minst kven som betalar.

– Nei, her er det pengane som styrer. Å følgje pengane er det jo mange som gjer, seier Brosvik.

Men det varierer i kor stor grad selskapa opnar for innsyn. NRK har skriftleg stilt spørsmål om kven som betalar inn pengar for å sikre sine interesser, men Gode Vegar ynskjer ikkje no å gi opp kor mykje selskapet har i driftsinntekter i 2012. Heller ikkje kva som er venta i 2013. Unnataket er kommunane Stryn, Skjåk og Hornindal som betalar inn 350 000 kroner til saman.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Brosvik

ØNSKJER OPENHEIT: Trude Borsvik er oppteken av kor pengane rullar.

Foto: Johan Moen / NRK

– Har ingenting å skjule

Dagleg leiar i Gode Vegar, Svein Sunde, meiner det er naturleg å halde tilbake informasjon om kor pengane kjem frå så lenge rekneskapen endå ikkje er offentleg i Brønnøysundregisteret.

– No er jo dette eit aksjeselskap, så vi rettar oss sjølvsagt etter lovverket. Vi har sjølvsagt ikkje noko å skjule, seier Sunde.

I månadsvis har regjeringa lova å ta ei avgjerd i striden om kor E39 skal gå i Nordfjord. Og medan folk ventar, går pengane ut, både av kommunale og private kasser, og det er snakk om fleire millionar kroner.

Nordfjordkryssing A/S opplyser til NRK at dei brukte nesten 500 000 kroner på striden om E39 i fjor. I år blir det brukt like mykje.

Inntektene er i all hovudsak betalt inn av Gloppen og Eid kommune. Kvar for seg har dei betalt inn mellom 150 000 til 250 000 per år dei siste tre åra. Honoraret til dagleg leiar Mats Andersson ligg på 250 000 kroner i ei deltidsstilling.

I tillegg til kommunane har Nordfjord Vekst gitt tilskot til kjøp av rapportar og Gloppen næringsorganisasjon har gått inn med eit mindre beløp.

Nordfjordkryssing er eigd av dei to kommunane Gloppen og Eid og Gloppen Næringsorganisasjon. I tillegg eig Sparebanken Sogn og Fjordane 40 prosent av Nordfjordkryssing A/S, men banken skal ikkje ha skote inn pengar etter at brua over Nordfjord vart politisk betent.

Får støtte i Stryn

Høgreordførar i Stryn, Sven Flo seier dei er godt nøgd med Gode vegar, og dei måten dei har operert på. I løpet av 2 år vil Stryn kommune åleine bruke 400 000 kroner på Gode Vegar AS.

– Vi er tilfreds med det, ut ifrå dei bestillingane som vi politisk har ønska, seier ordføraren.

Gode Vegar er eigd av Stryn Næringsamskipnad. Flo meiner det er rett av Gode Vegar å vente med å informere kva private selskap som betalar pengar til selskapet gjennom kjøp av tenester, og viser til at dette er i tråd med lovverke og skikk og bruk i næringslivet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Flo

GODT NØGD: Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier dei er godt nøgd med Gode Vegar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Alle bedrifter, særskilt aksjeselskap, følgjer reglane og bestemmingane her, seier Flo.

Svein Sunde vil ikkje oppgi løna si før rekneskapen er klar, men etter det NRK kjenner til vart løna til dagleg leiar sett til 550 000 kroner då selskapet blei stifta.

Ti bedrifter som betalar

Med andre ord er driftsutgiftene ein god del høgare enn det kommunane betalar inn. Svein Sunde seier at i alt ti bedrifter betalar inn pengar, men vil ikkje ut med kor mykje, men fortel Hotel Alexandra er eitt av selskapa.

– Dersom dei hevdar det sjølv er det greitt for meg, seier Sunde.

Men heller ikkje Hotel Alexandra vil seie kor mykje dei betalar. Administrerande direktør Richard Grov let det likevel skine gjennom at det truleg er eit beløp i underkant av 50000 kroner.

Trude Brosvik meiner det er viktig at verksemdene er mest mogleg opne.

– Eg har ikkje noko i mot at det blir laga lobbyselsksap, men som politikar syns eg det er viktig at det er gjennomsiktig kven ein snakkar med når ein snakkar med eit lobbyselskapk, seier Brosvik.