Hopp til innhold

Eid-ordføraren: – Umogleg å leggja E39 i indre trasé

Regjeringa kjem til å legge E39 i midtre Nordfjord over Lote–Anda, om dei skal følgje si eiga distriktsmelding. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo

–KAN IKKJE FEILTOLKAST:–No er det ei sjølvfølgje å leggja vegen gjennom Midtre Nordfjord, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I stortingsmeldinga som vart lagt fram fredag, stod det at når ein skal byggje vegar framover, vil det vere for knytte saman arbeidsregionar.

Det tolkar Bjørlo som at Regjeringa vil leggje føringar på at den nye E39 skal gå via Nordfjordeid.

– Det vil vera ei sjølvfølgje å leggja vegen gjennom Midtre Nordfjord når dei no er so tydelege på at Nasjonal Transportplan skal brukast systematisk til å byggja sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta.

Høglydt debatt

Debatten, nesten krangelen, om kor den nye E39 skal gå, har splitta Nordfjord.

Vegvesenet gjekk i 2011 inn for å byggja tunnel under Utvikfjellet og byggja ei ny hengebru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn til 4,5 milliardar kroner.

Alternativet vil vere raskare enn den såkalla S-en via Kviven og med bru mellom Anda og Lote. Men seinare kom departementet si kvalitetsikring som konkluderte med at ein midtre trasè ville vere mest samfunnsøkonomisk lønsam.

LES OGSÅ: Vegvesenet vil ha E39 via Stryn

E39 alternativa gjennom Nordfjord

STRIDEN: Bør E39 i framtida svinge innom Eid med bru Anda–Lote, eller gå via Stryn til Byrkjelo–med ei framtidig bru ved Svarstad?

Foto: Statens vegvesen

Bjørlo tolkar Regjeringa si distriktsmelding som at vegvesenet si tilråding blir overkøyrde av politikarane.

– Umogleg å leggja den i indre

– Det blir umogleg å gjera noko anna enn å leggja E39 gjennom Midtre Nordfjord, midt i regionen der folk bur, seier Bjørlo.

– Men kan ikkje ein indre E39 også byggje sterke bu- og arbeidsregionar?

– Nei, den vil ikkje gjere det, og det er godt dokumentert i fleire rapportar. Med å leggja ein veg i utkanten av ein region, i staden for å leggje den i midten, so oppnår du langt, langt dårlegare resultat, seier Bjørlo.

– Det som vil skje om ein ikkje legg den i midtre er at ein får svekka kommunikasjonar i Nordfjord, du får dårlegare ferjefrekvens og ingen nattferjer. Ein stengjer faktisk ein bu- og arbeidsregionen som er halvveges godt fungerande i dag, noko som er stikk motsett av det Regjeringa her varslar.