Hopp til innhold

Står beint mot kvarandre i E39-saka

Torbjørn Vereide bryt med Ap-gruppa og går for midtre alternativ, medan Per Atle Kjøllesdal bryt med Sp-gruppa og går for ny E39 over Stryn. Det er duka for lokalpolitisk thriller i fylkestinget.

Vereide Kjøllesdal

STEILT MOT KVARANDRE: Torbjørn Vereide (Ap) og Per Atle Kjøllesdal (Sp) på kvar si side i E39-striden.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fleirtalet i Arbeidarpartiet vil ha indre linje, medan fleirtalet i Senterpartiet vil ha midtre. Det går dermed mot ein heftig debatt om valet av E39-trassé i fylkestinget.

Både Sp, Ap og FrP har i helga diskutert E39, og skal vi tru rapportane - har det vore heftige diskusjonar.

I alle partia i fylkestinget er no fleire representantar fristilt i saka, noko som skapar ekstra spenning.

Blir fristilt

I Senterpartiet er Per Atle Kjøllesdal fristilt og kjem til å røyste for at E39 i framtida skal gå over Stryn, medan i Ap er Torbjørn Vereide fristilt. Han kjem til å røyste for E39 gjennom Gloppen og Eid, medan resten av gruppa går for indre linje.

– Vi har landa på at vi går på K4, der Stortinget har vedteke at trasseen skal gå i dag, og den semja som har vore i Nordfjord bak det også. Det har gruppa landa på, minus ein, Per Kjøllesdal. Han kjem til å røyste for fylkesrådmannen si innstilling, opplyste fylkesvaraordførar Jenny Følling til NRK søndag kveld.

Trur på bru i midtre

Argumentasjonen til Senterpartiet er no at det midtre alternativet med bru frå Anda til Lote, vil gje dei største regionale ringverknadane. Jenny Følling har heller ikkje tru noko bruløysing i Indre Nordfjord i overskueleg framtid.

– Vi trur det er veldig langt fram til vi får ei bru i indre. Derimot trur vi at det å få ei bru over Anda til Lote er noko vi kan få til og noko vi vil arbeide for, seier Følling.

Går for indre

Etter gruppemøtet i Senterpartiet var Følling spent på kva Arbeidarpartiet ville gå for, og dei går rakt den andre vegen. Der vil eit fleirtal på 10 i fylkestingsgruppa ha ny E39 gjennom Indre Nordfjord.

– Vi har hatt ein grundig debatt i fellesmøte med styre og gruppa, Ap-gruppa går for indre linje. Der har vi lagt vekt på kostnader, effektivitet, bu og arbeidsområde, sa fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva til NRK etter møtet dei hadde.

Også i dei andre gruppene i fylkestinget; Venstre, Frp og SV vil representantane bli fristilt til å røyste for sitt grunnsyn. Dermed er det duka for ein politisk thriller når fylkestinget samlar seg for å gje si tilråding 31. januar.