Meiner dei svelt på mottaka - regjeringa vil ikkje gje dei meir pengar til mat

Regjeringa vil ikkje auke satsane til asylsøkjarar med endeleg avslag på søknaden sin, trass i at Norsk Folkehjelp seier mange lir av underernæring og svolt.

Created by InfoDispatcher

No får asylsøkjarane 1960 kroner i månaden som skal halde til mate og klede.

Leiinga ved Jølster Asylmottak seier mange asylsøkjarar svelt. Gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti i Jølster, Irene Barmen Hoel, er opprørt.

– Eg er skaka over at det er så ille. Vi kan ikkje ha naboar som bur i huset ved sidan av oss, og som svelt kvar einaste dag når vi lever i overflod. Det går ikkje an, seier Hoel.

Lever på spagetti og ris

Norsk Folkehjelp slo tysdag alarm om at mange av dei om lag 5700 asylsøkjarane som har fått endeleg avslag på søknaden sin svelt fordi dei har for lite pengar til mat.

Ei av dei er 32 år gamle Endashow Tsegay ved Jølster Asylmottak i Sogn og Fjordane.

– Vi har ikkje nok mat. Eg er svolten, seier Tsegay.

Han fortel at han et spagetti og ris.

Gjeldande sats er 1960 kroner i månaden som skal brukast til mat og klede. Ved Jølster Mottak er det 10 bebuarar med endeleg avslag, og mange av svelt, seier mottaksleiar Grete Apelseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Endashow Tsegay

RIS: Endashow Tsegay fortel at han for det meste et ris og spagetti.

Foto: Bård Siem / NRK

Får beskjed om at dei er feilernærte

– Vi har fått eit varsku frå legen om at folk slit med rett ernæring. Dei klarar ikkje få i seg alt dei treng av viktige vitamin. Skal du ete rett mengd av grønsaker, frukt, kjøt og fisk, så har du ikkje moglegheit til det for 1960 kroner, seier Apelseth.

– Svelt dei?

– Ja, bebuarane vert feilernærte og svelt i mottaka, seier Apelseth.

Statssekretær i justisdepartementet Himanshu Gulati frå Frp vil ikkje uttale seg på radio om saka, men i ein epost til NRK skriv han følgjande:

«Personar med endeleg avslag har fått sakene sine individuelt handsama, og har plikt til å forlate landet. Satsen dei får, medan dei likevel vel å opphalde seg i Norge, er den same som under den raudgrøne regjeringa. Vi har ingen planar om å endre denne satsen.»

Ber folk i nærområdet om mat

Apelseth har følgjande kommentar til Frp-statssekretæren sin epost:

– Eg tykkjer det er pinleg og ei skam. 1960 kroner er ikkje noko nokon kan leve av i dette landet med verdigheit, seier Apelseth.

Apelseth har oppmoda folk i nærområdet om dei kan kome med mat til asylsøkjarane, slik at dei kan få ete seg skikkeleg mette.

Hoel støttar dette, men oppmodar også om det går at å invitere asylsøkjarar heim på mat.

– Eg vil oppmode folk i Jølster om å ta kontakt med mottaket, og seie at dei vil invitere heim ein eller to til middag ein og annan gong, seier Hoel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølster asylmottak

UROA: Leiar ved Jølster asylmottak, Grete Apelseth fortel at bebuarane er feilernærte og svelt.

Foto: Bård Siem / NRK

Pliktar å forlate landet raskt

Eirik Sivertsen, innvandringspolitisk talsmann for Arbeidarpartiet, ser ingen grunn til å heve satsane asylsøkjarar med endeleg avslag.

– Vi meiner at desse satsane skal vere nøkterne, og dei er meint for dei som har eit kortvarig opphald her, som ordnar det praktiske fordi dei skal reise heim. Dette er personar som har søkt asyl, men som ikkje har krav på det, og som oppheld seg ulovleg i landet, og som er pliktige til å forlate landet så raskt som råd, seier Sivertsen.

– Men dei seier at dei ikkje kan reise tilbake?

– Det er ein påstand som får stå for deira rekning, seier Sivertsen.

– Korleis hadde det vore for deg å leve på 1960 kroner i månaden når du skulle kjøpe klede og mat?

– Det er ikkje eit raust beløp, og det er heller ikkje meint å vere det. Det er eit nøkternt beløp, og det krev ein nøktern levestandard, seier Sivertsen.

Meiner det er kaldt og kynisk

Apelseth meiner det er altfor lettvint å hevde at det er berre å reise attende til heimlandet for dei som har fått endeleg avslag.

– Det kan vere mange grunnar til at dei ikkje kan reise. Det kan vere at dei manglar identifikasjon, eller at Norge ikkje har avtale med landet, eller at dei ikkje ser noko moglegheit for å returnere. Hadde dei hatt eit reelt val, så trur eg ikkje det hadde vore slik, seier Apelseth.

Hoel håper hennar eige Kristeleg Folkeparti skal få med seg andre parti slik at det blir fleirtal på stortinget for auke løyvingar til asylsøkjarane. Dagens satsar karakteriserer ho slik:

– Det blir kaldt og kynisk når ein gir dei så lite at dei ikkje kan ete seg mette, seier Hoel.