– 15 centimeter, seier Bjarte Nesheim, underbrannmeister i Flora brannvesen i det han treg tommestokken opp frå holet han nett har bora i isen.
– 15 centimeter, det er vel det trygt?
– Vi er veldig forsiktig med å seie om isen er trygg eller ikkje. Vi informerer kva vi måler på dei ulike plassane og viser til isvettreglane. Folk må sjølv vurdere om det er trygt, fortel kollega og brannmeister Rune Ask.
Saman med brannmeister Anders Melvær er dei på Litlevatnet i Florø sentrum for å måle tjukna på isen. Etter fleire dagar med minusgrader kunne Florøværingane sist fredag finne fram skøytene. Sidan då har folk strøymde til dei islagde vatna i kystbyen.
Skuledag på isen
Nokon av dei som fekk ein ekstra kjekk dag var elevane i 1A og 2A ved Florø barneskole. Dei hadde tatt med seg skøyter og hjelm for å nyte føremiddagen på Storevatnet som ligg berre eit steinkast frå skulen. Også dei var opptekne av tryggleik.
– Vi har hjelm på for å beskytte oss!, seier elevane i 2A.
– Skal vi ha konkurranse om kven som er raskast?
– JAAA!
Den utsende frå NRK forstår at han er på tynn is. Ikkje bokstaveleg talt, for her har brannvesenet måla isen til meir enn ti centimeter. Elevane har allereie ein time på isen, i tillegg til at fleire har nytta helga til å øve på teknikken. Reporteren frå NRK var sist på isen for nærare ti år sidan.
Korleis konkurransen gjekk kan du høyre her:
Varsle først
– Når du skal ut å gå på skøyter er det ein god regel at det alltid er fleire med. Spesielt om det er ungar det er snakk om, seier Rune Ask.
Vi har flytta oss inn til Kanalen. Dette er det som skil Florø frå Brandsøylandet, eller omvendt. Her har kuldegradene fått sjøvatnet til å fryse, og no ligg det som eit golv mellom berga.
Her skal brannvesenet øve på å redde person opp frå vatnet. For om uhellet først er ute er tida knapp for å få opp dei som er i naud. Nedkjøling er største faren.
– Det viktigaste er å alltid varsle før ein sjølv prøver å gjere noko. Det kan ikkje seiast nok. Det er viktig å få vedkommande på land og få opp kroppsvarmen.
Brannmeisteren meiner ein bør tenke tryggleik før ein legg ut på tur.
– Ha med eit tau eller ispiggar. Ispiggar er eit must å ha når ein skal på isen.