Hopp til innhold

Kan få bomstasjonar alt i 2014

Allereie i 2014 kan det bli bompengar i Førde. No skal politikarane finne ut kva vegar og gater som skal vere med, og kor bomstasjonane skal stå.

bomstasjon

SNART KJEM DEI: Alleire i 2014 kan du måtte betale bompengar om du skal køyre gjennom Førde.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Politikarane i Førde har lenge jobba for å få lagt den sterkt trafikkerte E39 utanom sentrum. Gjennom den såkalla Førdepakken vil dei gjere dette, i tillegg til å utbetre det interne gatenettet i byen.

Men no viser det seg at Førdepakken ikkje kan omfatte ein ny europaveg som skal gå utanom sentrum, skriv avisa Firda. Det igjen betyr at det kan vere bomstasjonar i fylket største by allereie om to år.

– Førde kan ikkje stå stille

På eit møte med bystyret i går orienterte leiar i Førdepakken AS, Oddvar Flæte, om stoda for vegprosjektet.

Flæte forklarte at det å leggje E39 vekk frå sentrum er eit prosjekt som krev mykje planlegging. Så lang tid vil dette kome til å ta at E39 ikkje kan leggjast inn i Førdepakken.

– Førde kan ikkje stå stille til slutten av 2020-åra. Vi kan ikkje la byen gro ned med bilar og eksos, sa Flæte til politikarane, skriv Firda.

I tillegg er E39 eit enkeltprosjekt so berre kan krevje inn bompengar i etterkant, skriv avisa.

Når politikarane no skal gå vidare med Førdepakken blir det altså eit prosjekt som berre skal ta for seg utbetring av det interne vegnettet i Førde.

Eit slikt prosjekt opnar opp for at det kan hentast inn bompengar allereie medan anlegget er under bygging, og bomstasjonane kan altså kome opp allereie i 2014.

Det må bli oppfatta som forstandig

No må politikarane mellom anna bestemme seg for kva gater og vegar som skal vere med, og kvar bomstasjonane skal stå.

– Bompengenivået må bli slik at det blir oppfatta som rimeleg og forstandig av dei som bur i Førde, sa ordførar Olve Grotle ifølgje Firda.

Grotle fortalde vidare at dei er i gang med forhandlingar med fylket og staten om korleis partane kan vere med å betale for vegutbygginga.

Fleirtalet av innbyggjarane i Førde sa i ei meiningsmåling i fjor vår at dei ikkje ville betale bompengar for ny E39 utanom sentrum av byen.