Hopp til innhold

Bøndene vil bli kvitt fleire jervar

Bondelaget fryktar det framleis er jerv i fjella i Indre Sogn. No krev dei ytterlegare ekstraordinære uttak.

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013

VIL BLI KVITT FLEIRE SLIK: Denne jerven vart avliva i fjella i Luster 14. mars i år. Bøndene fryktar det er fleire jervar i fjellområda i Indre Sogn.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Ordinær jervejakt har vist seg å vere vanskeleg i Sogn og Fjordane, og fleire år på rad har ein blitt kvitt jerv med såkalla ekstraordinære uttak.

Statens naturoppsyn tek seg då opp i fjella, gjerne med helikopter, og sporar opp jerven. Tidlegare i vår har dei i fleire omgangar avliva jerv.

– Jerven er ein potensiell skadegjerar og er ein trussel for beitesesongen vi no går inn i. Difor ønskjer vi at desse dyra blir tekne ut, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren til NRK.no.

Fleire observasjonar

Bondelaget har skrive brev til Direktoratet for Naturforvaltning der dei krev ytterlegare ekstraordinære uttak.

Hilleren viser til at observasjonar og registreringar frå vinteren og våren viser at det er jerv i Indre Sogn.

– Det er fleire observasjonar som er gjort. Det er mellom anna gjort ein sikker observasjon mot Årdalshalvøya som tyder på at det er tisper i området, seier Hilleren.

Fryktar for beitedyra

I fjor sommar kunne bøndene i fylket gle seg over at jerven hadde gjort svært lite skade.

Om ein ikkje blir kvitt jervane som bøndene meiner framleis er i fjellområda i Sogn, kan desse tala fort snu denne sesongen.

– Fjoråret var fantastisk, sett opp mot tidlegare sesongar der vi har hatt mykje meir skade.

– Om ikkje bestanden blir halde så langt nede som mogleg vil tapstala gå opp, seier Hilleren.

Han ventar at det blir sett i verk tiltak umiddelbart og viser til at det er vedteke at rovviltregion 1, som Sogn og Fjordane er ein del av, er beitedyra som skal ha prioritet.