Hopp til innhold

Risikerer å tilkalle feil brannvesen - føreslår nye regionale grenser

Brannvesen i fylket bør samarbeide betre og slå seg saman, meiner brannsjefen i Førde. Han vil ha eit nytt «brannkart» på plass innan 2020.

Berhard Øberg Brannsjef

VIL HA NYTT BRANNKART: Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg meiner kommunane må samarbeide betre om brann og redning.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– I verste fall kan brannkartet i fylket vere avgjerande for om ein person kjem ut av ei ulukke med livet i behald, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

I dag har kvar kommune sitt eige brannvesen dersom dei ikkje har inngått eit interkommunalt samarbeid på anna måte.

– Hovudregelen er at i den kommunen som ulukka eller brannen skjer vert brannvesenet i den kommunen tilkalla. Så er det opp til alarmsentralen å avgjere om ein då skal kalle ut nabobrannvesenet òg, seier Øberg.

– Hender det at «feil» brannvesen vert tilkalla?

– Ja, dette er jo slikt som skjer med jamne mellomrom. Anten det er bevisst eller ikkje, så vert det kalla ut brannvesen i vertskommunen først og så ser ein at det er nabobrannvesenet som er nærare skadestaden. Og då får du ei forseinking, seier han. Det kan i verste fall koste liv.

Samarbeid over grensene

Øberg meiner eit tettare samarbeid på tvers av kommunegrensene kan betre slike situasjonar.

– Mitt framlegg er at fleire kommunar bør gå i lag og samarbeide om eit felles brannvesen. Anten i form av vertskommune eller som eit interkommunalt selskap. I teorien så kunne ein berre hatt eitt brannvesen her i fylket.

Han understrekar at han ikkje snakkar om å leggje ned brannstasjonar.

– Kvart enkelt brannvesen i kommunane vert små i forhold til at vi kunne hatt større einingar som kunne takla større ulykker på ein betre måte.

Han ser føre seg tre eller fire regionale brannvesen.

– Det bør kunne la seg gjere på sikt. Naudnettet kjem rundt 2015. Så innan 2020 bør ein ha eit anna kart med tanke på brannberedskapen i fylket, seier Øberg.

Det er der vi har kommunesenter som ligg veldig nær kommunegrensa at ein kan få situasjonar som kan vere vanskelege å vurdere.

– Køyrer du berre litt forbi kommunegrensa og over i nabokommunen der du vert utsett for ei ulukke, kan det vere langt til den brannstasjonen i den kommunen.

Brannsjefen i Førde fortel at dersom ein person er livstrugande skada og er fastklemt slik at ambulansepersonell ikkje får han ut, kan kvart minutt vere avgjerande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart Sogn og Fjordane

STRENGE GRENSER: Brannvesenet må også forholde seg til kommunegrensene.

Foto: Kart: Statens kartverk

– Vi tilkallar næraste brannvesen

Alarmsentralen i Florø varslar brannvesena i 24 kommunar i Sogn og Fjordane om brann og ulukker. Kommunane Solund og Gulen er ein del av Hordaland når det gjeld brannberedskap.

– Eg tykkjer vi har ein god beredskap, seier Terje Brandsøy, dagleg leiar ved alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS i Florø.

Han meiner at dei pleier å varsle næraste brannstasjon uavhengig av kommunegrense.

– Det er kommunen som eig hendinga, men vi ser kvar vi finn næraste ressurs og det er det som er avgjerande for kven vi varslar, men vi vil jo alltid varsle eigarkommunen om ulukka i tillegg. Å få fram næraste ressurs er veldig viktig for oss, seier han.

– Likevel meiner brannsjefen i Førde at dette er eit problem, kva tenkjer du om det?

– Det skal i utgangspunktet ikkje skje. Vi er forplikta til å ta fram næraste ressurs så ein unngår tap av tid. For dei kommunane som grensar mot våre nabofylker kan det vere aktuelt at vi samarbeider med dei over grensene, seier Brandsøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Brandsøy

VARSLAR: Dagleg leiar ved alarmsentralen i Florø, Terje Brandsøy, seier dei forsøker å varsle det næraste brannvesenet.

Foto: Privat

Større og dyrare

– Slik det er i dag, må alle brannvesen kunne litt om alt. I eit større regionalt brannvesen kunne vi ha spesialisert enkelte stasjonar til å vere betre på enkelte typar ulykkesoppdrag som elveredning, tauredning og trafikkulukker, meiner Bernhard Øberg.

– Er det vanskeleg å få til eit slikt samarbeid?

– Det kan fort bli ei dyrare ordning å ha eitt felles brannvesen. Då må kvar kommune faktisk svare for om dei vil setje av pengar til brannvesenet. I dag er det ofte slik at det er felles stillingar med fleire formål som inngår i brannvesenet. Deltidsstillingar vil fort bli heiltidsstillingar i eitt felles brannvesen, forklarar Øberg.

Han trur det kan bli ei utfordring å fortelje at eit felles brannvesen vert dyrare i drift enn det enkelte brannvesen driv i dag.

– Uavhengig av økonomi bør det vere ein prioritet at dei som er utsett for ei ulukke får tidleg hjelp, påpeikar han.

Oppmodar til samarbeid

Fem kommunar i Sogn har allereie inngått eit samarbeid mellom dei ulike brannvesena. For eitt og eit halvt år sidan gjekk Sogndal, Leikanger, Luster, Balestrand og Vik inn for eit felles brannvesen.

Brannsjef for Sogn brann og redning IKS, Johnny Skjerping, er godt nøgd med samarbeidet så langt.

– Vi har no ei samla leiing, men arbeider framleis med å etablere oss. Det tek tid, men eg trur dette vert skikkeleg bra når alt er oppe og går, seier Skjerping.

Han meiner eit samla brannvesen kan føre til eit betre brann- og redningsarbeid og skape eit større fagmiljø med meir profesjonalitet når deltidsstillingar vert heiltidsstillingar.

– Vi har den fleksibiliteten at vi kan flytte og hjelpe kvarandre på ein litt anna måte, for meg som brannsjef er det ikkje noko kommunegrense som setter noko stoppar for det, seier Skjerping.

– Eg vil oppmode fleire til å samarbeide. Kommunane bør setje seg saman og diskutere dette som vi har gjort her i Sogn, seier han.

Samarbeid i regionane

Dei tre-fire regionane som Øberg ser føre seg er basert på dei naturlege delingane mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

– Dersom ein legg til resten av kommunane i Sogn. Altså Årdal, Lærdal og Aurland, får vi ein stor base med Sogndal som hovudbase. Høyanger sørside bør kanskje gå mot Hordaland.

Elles er han usikker på kva som bør vere sentera i dei andre regionane. Han ser føre seg både Florø og Førde som naturlege senter. Og Eid eit senter i Nordfjord.

– Dei som er utsett for ei ulukke tenkjer ikkje på kva for eit brannvesen som vert kalla ut, dei er ute etter å få raskt hjelp, seier Øberg.