Hopp til innhold

Leiar: - Det er veldig frustrerande å ha det spøkjelset over seg

Dei tilsette på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane veit ingenting om kor tid avgjerda om framtida til sentralen kjem. I det daglege prøvar dei å leggje vekk tankane om at arbeidsplassane kan forsvinne.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

UVISS FRAMTID: Alarmsentralen i Sogn og Fjordane går ei uviss framtid i møte. Framleis veit dei tilsette ingenting om kor tid avgjerda for sentralen kjem.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det siste året har det blitt sett søkjelys på organiseringa av brannvesen og politi rundt om kring i landet. Det blir argumentert med at store einingar er det som skal til for å sikre god nok beredskap.

I Sogn og Fjordane er 110-sentralen i Florø føreslått flytta til Bergen, men både organisasjonar og politikarar har stått samla i kampen for å stogge nedlegginga.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sitt vedtak om å flytte sentralen til nabofylket er klaga inn til Justisdepartementet. Men enno veit ikkje dei tilsette på sentralen noko om kor tid dei kan vente seg eit svar.

– Vi føler at vi berre må setje denne saka til side med tanke på jobb. Det er veldig frustrerande å ha det nedleggingsspøkjelset hengande over seg, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Vil ha færre sentralar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) varsla på nyåret i fjor at dei ville leggje ned ei rekkje av dagens 110-sentralar. Målet var å skape større og meir robuste sentralar.

Fleire stader vekte dette sterke reaksjonar, mellom anna i Sogn og Fjordane, der politikarar og andre rusta seg til kamp.

I april i fjor gav Justisdepartementet melding til DSB om at dei ville ha betre informasjon og kravde ein konsekvensanalyse.

DSB har heile tida halde fast ved at dei ønskjer færre sentralar.

God og tilfredsstillande jobb

Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

FRUSTRERANDE: Terje Brandsøy legg ikkje skjul på at det er frustrerande å ikkje vite kor tid justisministeren tek ei avgjerd om sentralen i Florø.

Foto: Silje Guddal / NRK

På Alarmsentralen i Florø prøvar dei å leggje vekk saka i sitt daglege arbeid. Det siste halve året har dei måtte handtere fleire store hendingar, med til dømes brannen i Gudvangatunnelen, bussdrapa i Årdal, og no for halvanna veke sidan, storbrannen i Lærdal.

Dagleg leiar ved Alarmsentralen, Terje Brandsøy, meiner dei har vist at dei greier seg godt ved slike hendingar.

– Også vi synst det er viktig å vere robuste. Det er ei stolt yrkesgruppe som jobbar her, og vi føler vi gjer ein veldig god og tilfredsstillande jobb for brannvesenet og innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier Brandsøy til NRK.no.

Ventar spent på avgjerd

Framtida til Alarmsentralen i Sogn og Fjordane ligg no på bordet til Justisdepartementet og minister Anders Anundsen. Men noko signal om kor tid det kan kome ei avgjerd har dei tilsette ikkje fått.

Brandsøy er ikkje nøgd med prosessen og meiner den lir under mangelen på ein god fagleg diskusjon.

– Vi forstår at ei avgjerd kjem til å dryge litt, og det er naturleg at ministeren og departementet ser på dette samla, med tanke på organisering av brannvesen, helse og politi, seier han og held fram:

– Vi er veldig spente på kva som skjer. Men vi må prøve leggje dette til sides slik at vi kan konsentrere oss om den daglege jobben. Det er det viktigaste, seier han.