Hopp til innhold

Ulykkesgruppa i Sogn og Fjordane har ikkje lenger døgnberedskap

Før var ulykkesgruppa til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane på vakt 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Men det var det slutt på 1. mai.

Dødsulykker i Sogn og Fjordane 2011 - montasje

NY ORDNING: Frå 1. mai er det slutt på døgnvakt for ulykkesgruppa i Sogn og Fjordane. Montasje/NRK

Foto: Frode Stang/Lars Jonas Pedersen/Leiv Jarle Bergheim

– I region Vest betyr det at talet på ulykkesgrupper vert redusert frå fem til tre

som har beredskap. Dei tre er knytte opp til Bergen, Haugaland og Sunnhordland og Sør-Rogaland, seier leiar for regionalt fagforum for ulykkesgruppa, Petter M. Sivertsen.

Det betyr i praksis at alle kommunar i Sogn og Fjordane er utanfor beredskapsområdet.

Det er også fleire kommunar i Rogaland og Hordaland (sjå faktaboks).

Tidlegare delte minst fem personar på å ha døgnvakt i Sogn og Fjordane. No skal to personar, éin i Sogn og èin i Nordfjord, ha ansvar for ulykkene. Men dei har ikkje vakt døgnet rundt slik som før.

Kan måtte vente til neste dag

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen rykkjer ut kvar gong eit liv går tapt i trafikken. Dei kjem på staden og kartlegg alle spor av alle typar. Dette vert samanfatta i ein rapport som går vidare til Ulykkesanalysegruppa.

Dei analyserer ulykka i djupna, og resultatet av desse analysane hamnar i ein database, samt vert nytta til å gjere endringar som kan hindre framtidige ulykker.

– Det vil ikkje vere direkte beredskap i indre Hordaland og i Sogn og Fjordane, seier Sivertsen.

Det betyr i praksis at dersom ei dødsulykke skjer i desse områda mellom klokka 22 og 07, så er det ikkje sikkert nokon kan rykkje ut før neste dag.

– Beredskapsvakta i Bergen vil få melding om ulykka. Skjer ulykka på dagtid vil han kunne kontakte folk anten i Sogn eller i Nordfjord for å få bistand, seier Sivertsen.

Ordninga er ei prøveordning som skal evaluerast etter to år.

Kan dei, så kjem dei

Dei to personane som har Sogn og Fjordane som ansvar har gått med på ein avtale der dei kan ringjast opp sjølv om dei ikkje har vakt. Men dei har ikkje plikt på seg til å rykkje ut.

– Vi har ein avtale om at dei kan kontaktast. Kan dei rykkje ut, så gjer dei det. Viss ikkje blir det utrykking dagen derpå, seier Sivertsen.

– Men betyr ikkje det i praksis at utrykkinga avheng av dedikerte medarbeidarar som stiller opp, sjølv om dei ikkje har bakvakt?

– Det er sant. Og dei har jo sagt seg villige til å ha telefonen på, og kan dei, så rykkjer dei ut. Men ein kan oppleve at det ikkje høver, og då må det vente til dagen etter, seier Sivertsen.

Trur ordninga vert like god

I samband med den nye organiseringa er det også stilt strengare krav til utrykkingstid.

– Den skal vere så kort som mogleg ikkje minst med tanke på trafikale problem, slik at ein får opne vegen så raskt som råd. Men i Sogn og Fjordane har det ofte vore lange avstandar, ferjer og liknande, noko som gjer at om vedkommande kjem fire eller åtte timar etterpå, så er det såpass lenge etterpå at dei tidskritiske tinga vi er ute etter hadde vore vekk likevel, seier Sivertsen.

Han legg til at dei har god tru på at ordninga vil vere minst like god som den som har vore, seier Sivertsen.

– Så de er ikkje redde for at spor som forsvinn fort, slik som spor i grøfter og gras, eller einskilde typar bremsespor, er vekk når de kjem?

– Det vil alltid vere ein fare for det. Men politi og brannvesen vil vere på staden, og vil kunne hjelpe med å sikre ein del av desse spora slik at vi kan nytte dei i ettertid, seier Sivertsen.

Har redusert frå 27 til 20

Talet på beredskapsområde er i heile landet kutta frå 27 til 20. I region Vest er talet kutta frå fem til tre område, og talet på personar som jobbar i ulykkesgruppa er kutta frå 25 til 17 personar.

Nøyaktig kor stor økonomisk innsparing dette gir for Vegvesenet, har ikkje Sivertsen tal på.

– Eg veit ikkje om dei sparar så mykje. Det ligg også inne nye krav til kompetanse, og der går det jo også litt midlar, seier Sivertsen.

Ein av grunnane til at ein gjer denne omorganiseringa er at ein stiller endå større krav til både kompetanse og kvalitet.

Frå no skal ein ha ingeniørutdanning eller tilsvarande kompetanse innan ulykkesrelatert matematikk, fysikk, dynamikk og mekanikk, samt gjennomført kurs i ulykkesundersøking.

Ei overgangsordning på fem år skal sikre at dei som ønskjer det skal få oppdatert seg på denne kompetansen.

Kan aldri gi garantiar

Samtidig peikar ein på at slik det var tidlegare kunne einskilde oppleve at dei sjeldan kom borti ulykker å jobbe med, rett og slett fordi ulykkene skjedde når andre hadde vakt. Og når ein ikkje jobbar med ulykker, held ein heller ikkje kunnskapen ved like.

– Heldigvis går talet på dødsulykker ned, og det betyr at kvar einskild av oss vil ha færre ulykker å jobbe med. Viss ein ikkje har nokon ulykker å jobbe med, så vil kompetansen uvilkårleg dale, seier Sivertsen.

– Men kan ein risikere at ein ikkje finn alle dei spora ein treng for å finne ut årsaka til ei dødsulykke fordi dei som skal finne dei kjem for seint til staden?

– Ein vil aldri kunne garantere at ein ikkje går glipp av noko, men det kan ein jo også snu på hovudet, for det er ingen garanti for at dei som er ute på ulykka alltid får med seg alt heller, seier Sivertsen.

Fryktar ein ikkje finn alle spor

Leiar i Ulykkesanalysegruppa i region Vest, Hans Olav Hellesøe, er ikkje like sikker på at ein ikkje går glipp av viktig informasjon ved å komme seint på ulykkesstaden.

Hans Olav Hellesøe

USIKKER: Leiar i Ulykkesanalysegruppa i region Vest, Hans Olav Hellesøe, håpar mangelen på døgnberedskap ikkje betyr at ein mistar verdifull informasjon.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– I nokon ulykker er det tidskritiske spor, til dømes føre og bremsespor og liknande. Det vil vi då ikkje fange opp, seier Hellesøe.

Han legg til at ein ikkje vil vite kva informasjon ein går glipp av dersom ein kjem dagen etter. I mange tilfelle vil også køyretøyet som var involvert i ulykka vere fjerna.

– Då må vi bruke bilete og vitneopplysningar for å kunne danne oss eit bilete, som ikkje blir av same kvalitet som det vi har fått før, seier Hellesøe.

– Kan ein i verste fall risikere at ein ikkje får nok fakta på bordet til å finne ut kva ulykka skuldast?

– Det kan skje, seier Hellesøe.